Nye lodder etc…

Nye lodder og nye sjanser, sa man en gang. Jeg vrir det til nye måneder og nye sjanser for friske kommentarer. Oktober var ikke et unntak i så måte, og jeg festet meg til flere finurlige episoder.
Bl a ble det skrevet om MDG’s diskrete bruk av SUV-biler, jaja – seier jeg!.  Men Oslo skal visst bli bilfritt – i alle fall “Ring 1”.
I Bergen ble feiret ID i Grieghallen og kvinnene fikk være med på festen, men måtte benytte sideinngangen!
Ja, og så kom det tanker om å øke billettprisene på bussen i rushtiden mens ståplasser skulle bli billigere.

Google

Oktober 2015.

No lyt eg nemna dei grøne sitt «hykkel».
Deira sak er å berga vår verd.
Dei meiner me bør bruka fot og sykkel
i det meste av vår jordiske ferd.
Men sjølv køyrer toppane deira SUV
på vegen mot jorda sitt ureiningsjuv.

Oslo skal verta ein bilfri oase;
eit miljøfyrtårn, må me tru.
Vert det ein politisk kamikaze
eller miljørørsla sitt store clou.
Eg vil ynskja dei lukke til
med eit bysentrum utan bil.

Stakkars oss som kjøpte dieselbil,
dei raudgrøne lurde oss rett og slett.
Me ville syna ein miljøvenleg profil,
men no gjer politikken full retrett.
No er dieselen verstingen i klassen,
og då skal han forast, avgiftskassen.

Så er Forsvaret ute og køyre.
Der manglar mest to hundre milliarder.
Dei roper, men vil politikarane høyre
eller vert våpna våre lanser og hellebarder?
Me lever i ei utrygg og uroleg verd
og lyt vera vakne og kvessa våre sverd.

Dei vise har visstnok no funne ut,
bussprisen lyt aukast den travlaste tida.
Då har dei nok heist den raudaste klut,
for det er arbeidsfolket som lyt lida.
Men fattigmannstrøysta vert visst som så;
På bussen skal det verta billegare å stå.

Så fekk AP kamel på meyen,
dei kjempa for bybane i fjell.
Etter årelang krangel i hansabyen
kjem visst bana over Bryggja likevel.
Bymaktstingingane gjorde avgjerda lett.
Bane over Bryggja i byte for taburett.

Så kom det endeleg for ein dag,
kjøt som tobakk er dødeleg gift.
Kjøt vert fy-mat i lystige lag,
om du vil følgja vitskapens skrift.
Vil du i framtida meska deg som fiffen,
lyt du i tobakkskåpet etter biffen.

Våre nye landsmenn feirer ID,
og Grieghallen skal festen føra.
Sjølvsagt ikkje utan strid
for kvinnene må inn sidedøra.
Og Noreg let festen koma i gang
med diskriminering i Allahs namn,
31.10.2015.M-m.


…og forsvaret er redd for at de må gjenbruke lanser og hellebarder om ikke forsvarsbudsjettet økes vesentlig.

 

Om forskning og bussing og slikt…


Google

No har me i mest alle år høyrt at det vert bevilga alt for lite til forskning, og det kan gjerne vera noko i det. Men stundom tek forskningsinnsatsen vendingar som gjer at ein stakkar kan setja både kaffikopp og tefat i halsen når ein les morgonavisa. Slik var det i alle fall i dag etter at eg og kjerringa hadde lagt bak oss diskusjonen om kven som skulle få lesa avisa fyrst. Den striden vann eg, som vanleg.
Vel, attende til forskinga, og i dag var det Transportøkonomisk Institutt som hadde laga ei utgreiing om famtidig prising av kollektivtransporten. Her er så nokre av framlegga/konklusjonene.

1. Prisane bør vera høgare i rushtidene enn i trafikksvake periodar. Flott, tenkte eg, då kan eg kanskje ta bilen til jobben med lettare samvit. Men nei, sjølvsagt skal det            leggjast ei rushtidsavgift på bilane også. Jaja, men er me ikkje like langt då, berre med den skilnaden at transportselskapa og stat/kommune får meir pengar i kassene      sine, og me kundane mindre?

2. Ein bør betala for komfort. Altså bør det betalast meir for sitjeplassar enn for ståplassar, meiner vitskapen. Men denne løysinga meiner eg å ha høyrt om før. Då var det i      luftfarten kor Ryanair ville lansera ståplassar på flya sine. Det kokte bort i kålen. Billege ståplassar på buss og trikk er vel ingen mindre risikosport enn på flya, vil eg            tru.  Vil det ikkje vera morosamt å sjå overfylte bussar med ståande passasjerer medan setene stor tomme?

Jaja, men no ser eg i avisa at politikarar vender tommelen ned for desse effektiviteringstiltaka, men kven veit, kanskje me likevel ein gong i framtida vert tilbydd gratisplassar hengjande på utsida av bussen eller trikken.

Nei. skal me få betre byluft kunne det vel kanskje vera verd å setja ned prisane på kollektivtransporten for ikkje å seia å ta prisane heilt bort, i alle fall i rushtidene.

Gullskjeia….

No opplever me nærast ei stor folkevandring kor heile folk rømer frå krig og naud. Det er for meg heilt absurd det som skjer, at stater er så vanstyrte at storparten av innbyggjarane lyt røma. Stormaktene forar land og opprørarar med kuler og krutt, og millionar lir under bomberegnet.
Dei har ikkje noko anna alternativ, dei må vekk. Då er det viktig at dei kan få hjelp. Hjelp til å finna seg ei ny framtid i eit nytt land, og me må gjera vår innsats….

Google
Gullskjeia i munnen.

Paraplydrink og solstol på øvste dekk,
jobb og kvardag har turka vekk.
Eit liv i luksus, trygt og godt,
langt frå ufred, krig og sott.

På toppen av velstandspyramiden
ligg du og «meskar» deg i syden.
Auget ditt finn berre hav og sol
der du strekkjer deg i din liggjestol.

Det ligg her rundt deg, alt du treng,
bugnande matbord og oppreidd seng.
Du treng ikkje løfta på ein fing,
du saknar ikkje ein einaste ting.

Google
Men Middelhavet har ei anna side,
andre lyt for liva sine stride.
Dei har inga luksusyouht
berre ein overfylt gummibåt.

Dei har inga gullskjei i munnen,
hjå dei rår krig og ufred grunnen.
Dei fekk tildelt eit vanstyrt land
kor bomber fall og  heimane brann.

Dei laut røma for å berga sine liv
koma seg vekk frå kuler og kiv.
Trassa varme og opprørd hav,
men mange fann der si våte grav.

Eit leveverdig liv var deira mål,
langt bort frå heimlandets terrorbål.
Til Soria Moria-landa dei drøymde om
til framtidsvon og pusterom.

Skal me ikkje hjelpa eit utbomba folk
Som rømer i ein søkkjande holk
Skal me sitja og lata som ingenting,
utan å røra ein einaste fing.

La oss hjelpa så langt me makter
utan frykt for framande drakter.
Opna vår dør og rei opp ei seng.
Gje von og framtid til dei som treng
05.10.2015.M-m.

Septemberresyme…

Som de ser greier eg ikkje heilt å leggja kongehuset bort denne månaden heller, og meir kan det fort bli ettersom Ari Behn no skal spela Jeppe på Berget på ei lokal scene her vest.
Ellers måtte kommunevalet kommenterast, og ikkje minst ufreden i fredspriskomiteen som var det næraste me kom ei politisk krigserklæring denne månaden. Det er berre å referera til Kolberg sitt ordelag i Dagsnytt 18.
Ja, og så har Volkwagenswerken lurt ei heil verd til å tru at me dieselbrukarar er miljøenglane i verda…Utruleg kva smart programvare kan lura oss til å tru.


Google

September 2015.

Kjekt med gode og rike vener.
Ja, slike som kongehuset har,
som tek dei med til sine luksusstrender
med champagne og russisk kaviar.
Men stiller du spørsmål om luksusturen
vert «krompen» både tagal og sturen.

Dei kongelege skal på «visitas»,
Drøbak er deira destinasjon.
Skuleborn vert pynta med flagg og stas
 visstnok etter slottet sin rekommendasjon.
Eit anna land krev også slikt,
det med kleskode og oppmøteplikt.

Skulevala er visst «det store rabalder»
med agitasjonar så busta fyk.
Her er skråling skrik og skvalder
ein kan undrast om stemmebanda ryk.
Dei lyt øva seg, den unge garde,
snart skal dei kveikja sin politiske varde.

Så er kommunevalet endeleg omme
og Jonas smiler frå øyre til øyre.
Sigeren hans, den måtte komme,
dei blå-blåe var ordentleg ute å køyre.
Dei har rota til politikken
utan å ensa den sterke kritikken.

Krangel, rot og sundagsopen butikk
kosta stemmer i tusental.
Lite lytta dei til folket sin kritikk
og freidig gjekk dei til årets val.
Som kjend står hovmod oftast for fall,
og tom vart han då, deira valsigerspall.

Kva hender no i fredspriskomiteen,
der kranglar dei så busta fyk.
Sekretæren fyrte av orddiareen
då han gav formannen æresstryk.
Kva hender med to store i ein sekk,
Jau, hanekammar brusar, og freden er vekk.

Kva vart det av gamle folkevogna vår,
ein trufast og trygg ekvipasje.
Me trur mest ikkje det som i avisa står,
om utsleppsmål som var rein staffasje.
Nei, bilen spyr ut både eiter og gift,
frå enno ei fallen mønsterbedrift.
30.09.2015.M-m.

Google

 

Naken i undertøyet…


Google

Her i hansastaden har me stort sett  vore fri for reklame på bussar og i det offentelge rom, heilt til dei blåe no nett framfor  valet gjorde vedtak om å berga ei skrantande bykasse med 6 millionar reklamekroner. Så dei vart samde om å  selja reklameplass bl a på offentlege transportmiddel og på haldeplassar.
Men så kom valet, og då kom dei raude til makta. I dag høyrde eg så at dei no vil reversera reklame-vedtaket, og då skal heldigvis bussar og busstasjonar likevel ikkje fyllast med reklametapet.
Men i den verbale argumentasjonen rundt denne saka synes eg at ein representant frå SV lyt få førsteprisen for finurleg retorikk når ho uttalte dette i radioen. »Så slepp me no  å måtta sjå på nakne damer i bare undertøyet i det offentlege rommet». Nakne damer i bare undertøyet, Jaja, det lakkar mot jul!

Augustfunderier…

Dette var ein månad med mange gode emner, men eg ville konsentrera meg om to, og då er kommunevalkampen ein klår vinnar med kronprinsparet sin «OBOS-ferie» i Middelhavet ein god nr 2.
Sjølvsagt kunne eg også teke med med Anundsen sin skrytevideo og linselusa Lysbakken som nesten dagleg dukkar opp i TV-ruta. Skulle ikkje SV greia å kreka seg over sperregrensa med denne drahjelpa er det visst ikkje von for dei.
Godt val forresten?



Google.

August 2015.

er valkampen endeleg i gong.
Å, så me har lengta etter lovnadsljomen.
No syng dei sin politiske lokkesong,
den fjortande september møter dei domen
Dei talar, syng og hoppar tau,
Og spør du dei, klipper dei jamvel ein sau.

Men au, det er lett å møte seg i døra,
kommunereformen er ein snubletråd.
Her tok dei raude den tunge børa,
å forkasta alle sine tidlegare råd.
No tvilar dei på om reformen er bra
og gløymt er det dei tidlegare sa.

Ho Erna har vore på tur i nord,
her lyfta ho ein diger skrei.
I sumarkjole og høghela sko
messa ho om dei blåe sin vei.
Kva gjer ho ikkje for å få bora olje
der oppe mellom torsk og kolje.

Så er sirkuset i gong på ny.
Politikarane vert plaga og pint.
Dei stiller viljugt opp i bygd og by
og lyt svara på dette og hint.
Knut Arild vedgjekk dumme ting med Siv
Han får skjerpa seg i sitt neste liv.

Han Jonas er visst uklår i talen
Og pressa jaktar som svolten ulv.
på den beitande livredde smalen,
men Jonas hevar seg over slikt tull.
For Erna høyrer godlåt og ros.
Ho får sola seg så lenge valkamp er kos.

Ja, så rører bjørnen på seg att.
Putin er ute på skattejakt.
Han er ingen malande pusekatt,
og mantraet er stadig meir makt.
No er det nordpolen som freistar bamsen
og klørne ligg klar i bjørnehamsen.

«Krompen» har vore på ferietur,
då dugde inga sørlandssnekke.
For at «krompa» ikkje skulle verta sur
vart leigd ei pram for dei rike og kjekke.
Vart det nok med tjuge tredve tusen
Nei, to millionar, så gjorde det susen.

Ei veke i «jakta» til to millionar,
men kven var det som betalte gildet.
Var det bortgøymde obligasjonar
eller skattepengar som gjekk til spilde.
Om dette heldt slottet potte tett
Me har?kje noko med det, rett og slett.

Hitt året var dei på «dannelsestur»,
og lærde kor rikfolket bar seg åt.
Korleis rikfolk i Asia lever og bur,
og livet i luksus i sumarbåt.
Eg sit og funderer medan ølet dovner,
Kor vart han av, Johnny få Stovner?
30.08.2015.M-m.


Google

Agurkfunderier…

Nå som jeg har hatt en lang ferie fra bloggen min kan det vel være “dags” for noen funderier igjen.
Først må jeg få gratulere svenskene for oppdagelsen av ennå en ny ubåt i den stockholmske skjærgården.

Google.
Denne gangen var den imidlertid gul, og man fant spor av kurylliske bokstaver på ubåtsiden. Ja, da har vi endelig en forklaring på den intense ubåtaktiviteten i den svenske skjærgården sist høst, eller hva tid det nå var. Selvsagt var det en russisk ubåt som var der og gulfarget den gamle svenske båten som hadde ligget der i hundre år.
Jeg har imidlertid min egen teori på ubåtmysteriet. Det må være The Beatles gamle ubåt som har havnet der i visshet om at den aldri ville bli funnet, for “bandet” var sikkert kjent med at svenskene aldri kan finne noen ubåt. Ja, bortsett fra den russiske da som i sin tid grunnstøtte ved Karlskrona.

Så var det et innlegg i Bergens tidende i dag hvor en homofil mann stiller spørsmålet om hvorfor ikke homofile får gi blod.

Google.
Han pekte selv på at et av hovedargumentene var frykten for Hiv/Aids-smitte, men påpekte samtidig at blodgivernes blod ble testet og derved skulle smittefaren i alle fall ikke være aktuell.
Da er det at jeg funderer på om alt blod egentlig blir testet eller at testene ikke er sikre siden de fremdeles fastholder homoforbudet når det gjelder blodgivning.

Rett i dass – enno ein gong…


Google

Så har det hendt, enno ein gong. Eit offentleg IKT-system er terminert etter at 250 mill er kasta bort utan at ei programline er skrive. Ein kunne vel ha forventa at ei innleiingsgransking kunne ha vore terminert før så mange millionar hadde rulla ut,
Ein kunne kanskje ha tenkt at byråkratar og politikarar hadde lært av tidlegare IKT-fiaskoar – i helsevesenet, i forsvaret, i NAV, osv. Nei dei durar berre på, på jakt etter nye fiaskoar – og dei innfrir mest kvar gong.
Denne gongen var det politiet og justisdep som sette i gong eit fantasiprosjekt. Ei av årsakene var at den nye straffelova som Stortinget for nokre år sidan ikkje kan implementerast før nytt datasystem er på plass…Høyrt slikt!!
No er prosjektet landa med 250 mill mindre og ikkje eit system “på lufta”.

Google.

Kva kan grunnen vera til at det mest alltid går så gale? Her er sikkert fleire grunnar, og her er nokre,
– Prosjekta si målsetjing og ambisjon ligg langt over kompetansen til prosjektaktørane.
– Standardløysingar vert forkasta til fordel for kompliserte spesialkrav.
– Prosjekta vert torpedert av stadig nye krav til løysingar
– Alle aktørar skal ha sine detaljkrav innfridd.
– Ein viktig ting vert ofte gløymt.: DET ENKLE ER OFTAST DET BESTE…

Google.

Eg vil til sist seia at mange enkle IKT-system forenklar kvadagen vår, Ta til dømes det nye reseptsystemet til helsevesenet. Det gjer det mogeleg å henta ut medisin på dei fleste apotek utan papirresepten.
Nei, la oss ta til å utvikla IKT som er handterbare for så vel utviklarar som for sakshandsamarar. Eg trur ikkje at me heile tida lyt tøya grensene for kva den digitale verda kan gje oss.
Lukke til med meir jordnære IKT-system.
 

Juni 2015…

På siste dagen i månaden kan det vera på sin plass å ta “oppsummeringa”. Dette kan antakeleg kallast ei agurkoppsummering, men litt alvor og litt skjemt kan me vel unna oss medan sumarvarmen let vanta på seg her vestpå. Ein bergensordførar som klagar på alt vatnet i Venezia og eit kongehus som konkurrerar om dei dyraste veskene står på på den litt lette agurksida.
Meir alvorleg er det når løvehola strammer inn openheita, og eit tankekors er det vel også når rikfolk som held store miljøkonferansar sjølv svir av CO2 så det held. I sak er eg sjølvsagt einig, men det er så lett å skada si eiga sak.


Juni 2015.

I Venezia er det visst alt for vått,
ordføraren i Bergen likar ikkje det.
Det er ein tur eg gjerne skulle fått,
på kanalane med eigen gondolier.
No undrest eg heilt inn i «mergen»,
har dama heilt gløymt at ho bur i Bergen?

Openheit og demokrati vart eit mantra,
Jens ropa det ut på Rådhusplassen.
Men båten hans har visst kantra
og openheitstankane ligg i gløymekassen.
For no har Stortinget brått bestemt
at openheitstanken skal stå på vent.

Saker skal handsamast i lukka rom
og synast når grauten er ferdigtygd.
Utan innvending og utidig presseljom
skal saker fremjast, og landet verta bygd.
I sluttfasen vert døra så opna litt,
demokratiet vert ikledd folkeleg habitt.

No tevlar kongehusets kvinner,
denne gongen er det vesker det gjeld.
Sonja vert her ein sikker vinner,
60 -70.000 for ei veske var ein «skræll».
Godt me andre har litt enklare krav,
no som stadig fleire av oss lyt til NAV.

Politiet skal no få ein enklare dag
småkjeltringskapen trøyttar dei ut.
Dei skal sleppa fusk og fanteri av alle slag.
Nei, no gjeld terror, kuler og krutt.
Dei småkriminelle stel for mykje tid.
Småbedraget gjer visst kvardagen for stri.

Klagar du på veret er du mindre begåva.
Det fortel ein professor ved NTNU.
Men eg lurer på om han ikkje har snåva
I si eiga intellektuelle overtru.
Du må ikkje ta til deg alt du høyrer og les.
Du kan deppa om regnet høljer og vinden bles.

Så er det prova enno ein gong,
me skal ikkje tru alt me høyrer og ser.
Medan rikfolk syng ut sin miljøklagesong
spyr dei ut ureining både her og der.
Den dieselen 200 bilar kvart år brenn
gjennom Stordalens yacht på tre veker renn.

Det er rart at me enno vandrar rundt
oppfostra av mjølk rett frå kua.
Upasteurisert mjølk er slettes ikkje sunt,
det lyt forbys, er folkehelsetrua.
Då er det noko eg undrast litt på.
Lyt brystmjølka også pasteuriserast no?
30.06.2015.M-m.

Google. Dette er antakeleg ikkje yachta Stordalen leiger av og til.

Kom mai du skjønne milde….Et månedssammendrag…

17.Mai
Eg er litt seint ute med månadssamandraget denne månaden, men det kan tilskrivast at eg rømde landet etter den søkkblaute våren me har hatt. Der eg hamna var nettet såpass treigt at eg utsette heile månadsinnlegget til eg var heime att.
Og, heimkoma vart som utreisa, våt og utriveleg og temperaturfallet var nesten 20 grader. Snakk om å koma fort ned på jorda att!

Me rømde til dette…
 

Jaja, så var det samandraget då.
I fyrste verset snakkar eg om «tedneria». De kan jo lura på kva det uttrykket skal beskriva.
Så har me hatt 17. mai og, og der sto dei mest fulltalige på slottsbalkongen. Forresten Martha og Ari var der ikkje. Martha var vel for oppteken med englane sine, og Ari spring rundt og syner fram utstyret, så dei hadde vel ikkje tid å setja av til feiringa.
Ja, og så fekk me så vidt eit gløtt av prinsesse Astrid i eit sidevindauga på slottet.  Me veit at ho slit med føtene og med å stå i lang tid, men det var vel råd å få fram ein stol på balkongen til henne, eller høyrde ho ikkje heil til der framme. Ho var då vår royale fyrstedame i mange år då kong Olav var enkjemann.
Resten av samandraget finn de sikker t ut av sjølv.
 

Mai 2015.


Så har me kome til mai
som skal vera så skjøn og mild.
Båten er sjøsett og ligg ved kai,
men nordavinden er ikkje snill.
Me er nok i gong med «tedneria».
Den plagar oss ofte på denne tida.

Våre folkevalde likar visst ille,
alle våre spørsmål og kommentarer.
Dei vil sakshandsama bak stengd og stille,
og presentera resultata utan dikkedarer.
Men kva slags demokrati vert det,
når folket ikkje skal få vera med.

Så feirer Bergen 17. mai,
i år heilt nede på byens havn.
Et storfint cruiseskip ligg ved kai,
og ordføraren skal gje det navn.
Skit i Festplassen og tradisjoner,
når reiaren lokkar med sine millioner.

I Oslo sto dei samla på slottsbalkongen,
vinka til barnetoget som gjekk forbi.
Ungane ville gjerne helsa på kongen,
ein fin tradisjon frå ei svunnen tid.
Prinsesse Astrid vinka frå ein annan stad,
fekk ho ikkje plass på fyrste benkerad?

Justisministeren slit i motbakke for tida.
Det  meste han tek i går rett vest.
Ikkje taklar han beredsskapssida,
og asylborn er ikkje hans velkomne gjest.
Same kor han «streve og bale»,
det meste han prøver på, går visst gale.

Ari er stadig dedikert til kunsten,
denne gongen er emnet pikk.
Er han plaga av 40 ? års brunsten
eller strekkjer han royal sed og skikk?
Er «kunsten» hans klarert av kongen,
og kjem det no nytt vers på kongesongen?

Så rømde gubben steinrøysa att,
etter ein våt og trasig vår
kor regnet jamt ut or skyene datt
og kor plantane våte og traurige står.
Kjerringa fann fram kredittkortet hans
og brått vert Alcudia neste stans.
31.05.2015.M-m.