Juni 2015…

På siste dagen i månaden kan det vera på sin plass å ta “oppsummeringa”. Dette kan antakeleg kallast ei agurkoppsummering, men litt alvor og litt skjemt kan me vel unna oss medan sumarvarmen let vanta på seg her vestpå. Ein bergensordførar som klagar på alt vatnet i Venezia og eit kongehus som konkurrerar om dei dyraste veskene står på på den litt lette agurksida.
Meir alvorleg er det når løvehola strammer inn openheita, og eit tankekors er det vel også når rikfolk som held store miljøkonferansar sjølv svir av CO2 så det held. I sak er eg sjølvsagt einig, men det er så lett å skada si eiga sak.


Juni 2015.

I Venezia er det visst alt for vått,
ordføraren i Bergen likar ikkje det.
Det er ein tur eg gjerne skulle fått,
på kanalane med eigen gondolier.
No undrest eg heilt inn i «mergen»,
har dama heilt gløymt at ho bur i Bergen?

Openheit og demokrati vart eit mantra,
Jens ropa det ut på Rådhusplassen.
Men båten hans har visst kantra
og openheitstankane ligg i gløymekassen.
For no har Stortinget brått bestemt
at openheitstanken skal stå på vent.

Saker skal handsamast i lukka rom
og synast når grauten er ferdigtygd.
Utan innvending og utidig presseljom
skal saker fremjast, og landet verta bygd.
I sluttfasen vert døra så opna litt,
demokratiet vert ikledd folkeleg habitt.

No tevlar kongehusets kvinner,
denne gongen er det vesker det gjeld.
Sonja vert her ein sikker vinner,
60 -70.000 for ei veske var ein «skræll».
Godt me andre har litt enklare krav,
no som stadig fleire av oss lyt til NAV.

Politiet skal no få ein enklare dag
småkjeltringskapen trøyttar dei ut.
Dei skal sleppa fusk og fanteri av alle slag.
Nei, no gjeld terror, kuler og krutt.
Dei småkriminelle stel for mykje tid.
Småbedraget gjer visst kvardagen for stri.

Klagar du på veret er du mindre begåva.
Det fortel ein professor ved NTNU.
Men eg lurer på om han ikkje har snåva
I si eiga intellektuelle overtru.
Du må ikkje ta til deg alt du høyrer og les.
Du kan deppa om regnet høljer og vinden bles.

Så er det prova enno ein gong,
me skal ikkje tru alt me høyrer og ser.
Medan rikfolk syng ut sin miljøklagesong
spyr dei ut ureining både her og der.
Den dieselen 200 bilar kvart år brenn
gjennom Stordalens yacht på tre veker renn.

Det er rart at me enno vandrar rundt
oppfostra av mjølk rett frå kua.
Upasteurisert mjølk er slettes ikkje sunt,
det lyt forbys, er folkehelsetrua.
Då er det noko eg undrast litt på.
Lyt brystmjølka også pasteuriserast no?
30.06.2015.M-m.

Google. Dette er antakeleg ikkje yachta Stordalen leiger av og til.

4 kommentarer
    1. Eit godt og velskrive tilbakeblikk. Kritiske kommentarer er på sin plass når det går over stokk og stein, slik det alt for ofte gjer. Du får ha med deg blokk og blyant når du ligg og ventar på storkveita, så får me gjerne nokre liner ved neste månadsskifte. Gjer deg klar for tropevarmen!

    2. Pedro: Takk skal du ha. Når det gjeld kveita så er ho antakeleg fiska opp av dei tyske turistfiskarane eg møter kvar gong eg er i båten, men det er OK for meg. Hysa eg fekk her hin dagen vart til 30 fiskekaker. då er eg nøgd.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg