Gullskjeia….

No opplever me nærast ei stor folkevandring kor heile folk rømer frå krig og naud. Det er for meg heilt absurd det som skjer, at stater er så vanstyrte at storparten av innbyggjarane lyt røma. Stormaktene forar land og opprørarar med kuler og krutt, og millionar lir under bomberegnet.
Dei har ikkje noko anna alternativ, dei må vekk. Då er det viktig at dei kan få hjelp. Hjelp til å finna seg ei ny framtid i eit nytt land, og me må gjera vår innsats….

Google
Gullskjeia i munnen.

Paraplydrink og solstol på øvste dekk,
jobb og kvardag har turka vekk.
Eit liv i luksus, trygt og godt,
langt frå ufred, krig og sott.

På toppen av velstandspyramiden
ligg du og «meskar» deg i syden.
Auget ditt finn berre hav og sol
der du strekkjer deg i din liggjestol.

Det ligg her rundt deg, alt du treng,
bugnande matbord og oppreidd seng.
Du treng ikkje løfta på ein fing,
du saknar ikkje ein einaste ting.

Google
Men Middelhavet har ei anna side,
andre lyt for liva sine stride.
Dei har inga luksusyouht
berre ein overfylt gummibåt.

Dei har inga gullskjei i munnen,
hjå dei rår krig og ufred grunnen.
Dei fekk tildelt eit vanstyrt land
kor bomber fall og  heimane brann.

Dei laut røma for å berga sine liv
koma seg vekk frå kuler og kiv.
Trassa varme og opprørd hav,
men mange fann der si våte grav.

Eit leveverdig liv var deira mål,
langt bort frå heimlandets terrorbål.
Til Soria Moria-landa dei drøymde om
til framtidsvon og pusterom.

Skal me ikkje hjelpa eit utbomba folk
Som rømer i ein søkkjande holk
Skal me sitja og lata som ingenting,
utan å røra ein einaste fing.

La oss hjelpa så langt me makter
utan frykt for framande drakter.
Opna vår dør og rei opp ei seng.
Gje von og framtid til dei som treng
05.10.2015.M-m.

10 kommentarer
    1. Rette ord på rett plass.
      Var selv innom et mottak for flyktningene forrige uke. Mange triste skjebner der. Men takknemlige mennesker!

    2. Oldemorbloggen: Takk skal du ha…Det kom kanskje av at eg har tenkt ei stund på tragedien og på dei stakkarane som lyt røme hus og heim og prøve å byggja eit nytt liv. Sikkert ikkje enkelt, og fordomar kan dei møta i alle land…
      Ha ein fin dag…

    3. Eit svært godt formulert og tankevekkande innlegg i ein tragisk livssituasjon for eit folk som blir utsett for vanstyre i heimlandet. Dette er mennesker i høgste nød som treng vår hjelp og den bodskapen har du fått godt fram. Til ettertanke!

    4. Fin tekst …du er flink med formidling :)) Enig , leit at folk må flykte fra hjemmene sine..er nok ingen som ønsker det om en ikke MÅ….
      Ønsker deg en fin dag videre :))

    5. annebe: Takk. Det har lagt meg litt på hjertet å kunne formidle noe om alle som setter livet på spill for en bedre framtid. Det viser, ikke minst hvor farefullt og vanskelig livet er i hjemlandene,
      Ha en fin kveld…

    6. Fetter: Tall skal du ha. Vi bør nok holde grensene våre åpne for de som banker på døra vår. Jeg går ut fra at vårt land har nødvendige ressurser, og jeg tror at vår fremmedfrykt har avtatt parallelt med økende forståelse for flyktningenes vanskelige situasjon i hjemlandene.
      Ha en god kveld…

    7. Heile tilværet har blitt eit stort spørsmålsteiken for meg. Kvar skal alle innvandrarane bu? Kva slags arbeid har me å tilby? Kven er det som sender folk ut på sjøen i ueigna farkostar? Kven skal forsvare landet vårt når alle soldatar er i Asia og Afrika, og er det våre fiendar eller vener som kjem inn over våre opne grenser? Eg kan gjerne gje ein hundrelapp til ein bøsseberar, eller avstå frå ein sydentur, men her trengs nok meir enn småpengar og gode tankar. Alle snakkar om dugnad, men ein dugnad er ei avrensa oppgåve, her har vi ei oppgåve som ingen av oss nolevande vil få sjå enden på.
      Du skal ha ros for eit velskrive dikt, og det er ingen tvil om at du er ein god humanist. Men ta no med deg ei god bok og kobla av frå all verdas vondskap nokre timar.

    8. Eg trur at du ikkje sit der åleine med spørsmåla dine, og det finns sikkert mange som kan stillast i tillegg. Som td, kvifor talar våpena framfor diplomatiet? Kvifor kan ikkje stormaktene –verta einige og gå saman om å prøva å få avslutta ufreden? Kva er det som er drivkrafta for små ekstreme grupper, og kvifor sluttar så mange til dei?
      Likevel, eg trur at me må bita i oss at me som enkeltpersonar ikkje maktar å løysa opp i nauda rundt oss. Me kan vona at politikk og diplomati litt etter litt kan gje oss ei betre verd, utan at eg veit om eg trur heilt på det
      Men kortsiktig bør me kunna prøva å avhjelpa den akutte naudssituasjonen som viser seg ved våre grenser, og då er dei kortsiktige tiltaka viktige…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg