Rett i dass – enno ein gong…


Google

Så har det hendt, enno ein gong. Eit offentleg IKT-system er terminert etter at 250 mill er kasta bort utan at ei programline er skrive. Ein kunne vel ha forventa at ei innleiingsgransking kunne ha vore terminert før så mange millionar hadde rulla ut,
Ein kunne kanskje ha tenkt at byråkratar og politikarar hadde lært av tidlegare IKT-fiaskoar – i helsevesenet, i forsvaret, i NAV, osv. Nei dei durar berre på, på jakt etter nye fiaskoar – og dei innfrir mest kvar gong.
Denne gongen var det politiet og justisdep som sette i gong eit fantasiprosjekt. Ei av årsakene var at den nye straffelova som Stortinget for nokre år sidan ikkje kan implementerast før nytt datasystem er på plass…Høyrt slikt!!
No er prosjektet landa med 250 mill mindre og ikkje eit system “på lufta”.

Google.

Kva kan grunnen vera til at det mest alltid går så gale? Her er sikkert fleire grunnar, og her er nokre,
– Prosjekta si målsetjing og ambisjon ligg langt over kompetansen til prosjektaktørane.
– Standardløysingar vert forkasta til fordel for kompliserte spesialkrav.
– Prosjekta vert torpedert av stadig nye krav til løysingar
– Alle aktørar skal ha sine detaljkrav innfridd.
– Ein viktig ting vert ofte gløymt.: DET ENKLE ER OFTAST DET BESTE…

Google.

Eg vil til sist seia at mange enkle IKT-system forenklar kvadagen vår, Ta til dømes det nye reseptsystemet til helsevesenet. Det gjer det mogeleg å henta ut medisin på dei fleste apotek utan papirresepten.
Nei, la oss ta til å utvikla IKT som er handterbare for så vel utviklarar som for sakshandsamarar. Eg trur ikkje at me heile tida lyt tøya grensene for kva den digitale verda kan gje oss.
Lukke til med meir jordnære IKT-system.
 

4 kommentarer
    1. Du peikar nok på dei viktigaste årsakene til at det går gale, men det merkelege er at ingen blir stilt til ansvar i ettertid. Det fins vel ingen i leiinga som vil som vil styra slike kjempeprosjekt, når sjansen for å mislykkast er så stor som han er. Amerikanarane har skjøna at det er lett å mislykkast, difor lever det i sjakk-alderen framleis. Bankgiro vil dei ikkje høyra snakk om.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg