Septemberresyme…

Som de ser greier eg ikkje heilt å leggja kongehuset bort denne månaden heller, og meir kan det fort bli ettersom Ari Behn no skal spela Jeppe på Berget på ei lokal scene her vest.
Ellers måtte kommunevalet kommenterast, og ikkje minst ufreden i fredspriskomiteen som var det næraste me kom ei politisk krigserklæring denne månaden. Det er berre å referera til Kolberg sitt ordelag i Dagsnytt 18.
Ja, og så har Volkwagenswerken lurt ei heil verd til å tru at me dieselbrukarar er miljøenglane i verda…Utruleg kva smart programvare kan lura oss til å tru.


Google

September 2015.

Kjekt med gode og rike vener.
Ja, slike som kongehuset har,
som tek dei med til sine luksusstrender
med champagne og russisk kaviar.
Men stiller du spørsmål om luksusturen
vert «krompen» både tagal og sturen.

Dei kongelege skal på «visitas»,
Drøbak er deira destinasjon.
Skuleborn vert pynta med flagg og stas
 visstnok etter slottet sin rekommendasjon.
Eit anna land krev også slikt,
det med kleskode og oppmøteplikt.

Skulevala er visst «det store rabalder»
med agitasjonar så busta fyk.
Her er skråling skrik og skvalder
ein kan undrast om stemmebanda ryk.
Dei lyt øva seg, den unge garde,
snart skal dei kveikja sin politiske varde.

Så er kommunevalet endeleg omme
og Jonas smiler frå øyre til øyre.
Sigeren hans, den måtte komme,
dei blå-blåe var ordentleg ute å køyre.
Dei har rota til politikken
utan å ensa den sterke kritikken.

Krangel, rot og sundagsopen butikk
kosta stemmer i tusental.
Lite lytta dei til folket sin kritikk
og freidig gjekk dei til årets val.
Som kjend står hovmod oftast for fall,
og tom vart han då, deira valsigerspall.

Kva hender no i fredspriskomiteen,
der kranglar dei så busta fyk.
Sekretæren fyrte av orddiareen
då han gav formannen æresstryk.
Kva hender med to store i ein sekk,
Jau, hanekammar brusar, og freden er vekk.

Kva vart det av gamle folkevogna vår,
ein trufast og trygg ekvipasje.
Me trur mest ikkje det som i avisa står,
om utsleppsmål som var rein staffasje.
Nei, bilen spyr ut både eiter og gift,
frå enno ei fallen mønsterbedrift.
30.09.2015.M-m.

Google

 

4 kommentarer
    1. Treffande og gode dikt, som vanleg. «Som man reder, så ligger man», seier eit gamalt ord, og fleire av versa er nok av denne klassen. Dømekrafta er heller svak hjå mange av samfunnstoppane våre. No ventar eg berre på Ari Behn sine prestasjonar på scena. Ha ei god natt i haustmyrkeret!

    2. Pedro: Takk skal du ha. Ja, her er mykje løgjeleg som går føre seg i dei høgare sirklane. Her er prestisje og sikring av eigne renomme viktig.
      Elles er eg takksam for dei få kommentarane som kjem på desse månadssamandraga mine, alt for få etter mi meining. Det vert så som så med inspirasjon til å fortsetja når responsen er laber. Det er store sjansar for at gubben legg ned pennen etterkvart.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg