Augustfunderier…

Dette var ein månad med mange gode emner, men eg ville konsentrera meg om to, og då er kommunevalkampen ein klår vinnar med kronprinsparet sin «OBOS-ferie» i Middelhavet ein god nr 2.
Sjølvsagt kunne eg også teke med med Anundsen sin skrytevideo og linselusa Lysbakken som nesten dagleg dukkar opp i TV-ruta. Skulle ikkje SV greia å kreka seg over sperregrensa med denne drahjelpa er det visst ikkje von for dei.
Godt val forresten?



Google.

August 2015.

er valkampen endeleg i gong.
Å, så me har lengta etter lovnadsljomen.
No syng dei sin politiske lokkesong,
den fjortande september møter dei domen
Dei talar, syng og hoppar tau,
Og spør du dei, klipper dei jamvel ein sau.

Men au, det er lett å møte seg i døra,
kommunereformen er ein snubletråd.
Her tok dei raude den tunge børa,
å forkasta alle sine tidlegare råd.
No tvilar dei på om reformen er bra
og gløymt er det dei tidlegare sa.

Ho Erna har vore på tur i nord,
her lyfta ho ein diger skrei.
I sumarkjole og høghela sko
messa ho om dei blåe sin vei.
Kva gjer ho ikkje for å få bora olje
der oppe mellom torsk og kolje.

Så er sirkuset i gong på ny.
Politikarane vert plaga og pint.
Dei stiller viljugt opp i bygd og by
og lyt svara på dette og hint.
Knut Arild vedgjekk dumme ting med Siv
Han får skjerpa seg i sitt neste liv.

Han Jonas er visst uklår i talen
Og pressa jaktar som svolten ulv.
på den beitande livredde smalen,
men Jonas hevar seg over slikt tull.
For Erna høyrer godlåt og ros.
Ho får sola seg så lenge valkamp er kos.

Ja, så rører bjørnen på seg att.
Putin er ute på skattejakt.
Han er ingen malande pusekatt,
og mantraet er stadig meir makt.
No er det nordpolen som freistar bamsen
og klørne ligg klar i bjørnehamsen.

«Krompen» har vore på ferietur,
då dugde inga sørlandssnekke.
For at «krompa» ikkje skulle verta sur
vart leigd ei pram for dei rike og kjekke.
Vart det nok med tjuge tredve tusen
Nei, to millionar, så gjorde det susen.

Ei veke i «jakta» til to millionar,
men kven var det som betalte gildet.
Var det bortgøymde obligasjonar
eller skattepengar som gjekk til spilde.
Om dette heldt slottet potte tett
Me har?kje noko med det, rett og slett.

Hitt året var dei på «dannelsestur»,
og lærde kor rikfolket bar seg åt.
Korleis rikfolk i Asia lever og bur,
og livet i luksus i sumarbåt.
Eg sit og funderer medan ølet dovner,
Kor vart han av, Johnny få Stovner?
30.08.2015.M-m.


Google

6 kommentarer
    1. jeg har bestemt meg for valget mitt :)) så da dropper eg å lytte til lovnader og løgner i år,like greit det :))
      2 mill for å leige båt,ja ja vi får vel ikke gjort noe med det heller,bare bla opp og betale :))

    2. fruensvilje: Ja, valget er gjort, så den saken er grei.
      Men denne lystturen på en uke til 2 mill går langt over grensene, selv om vi snakker om kongelige, som til alt overmål snakker varmt om, og står som beskyttere for vanskeligstilte.
      Smakløst, og det er med på å bevege meg bort fra de konetros rekker…

    3. Nei, no skal det bli fint å bu i Groruddalen; slik som for 4, 8, 12 ? år sidan. Eg gler meg; ventar berre på den 14. september.
      Eit forslite ordtak seier noko om eksempelets makt. Det er vel det «krompen» har forstått. Vi skal ikkje ta til takke med det billegaste og dårlegaste, men satsa på det beste og dyraste. Så har me lært noko av middelhavsturen.
      Ha ei god natt høgt på strå!.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg