Kom mai du skjønne milde….Et månedssammendrag…

17.Mai
Eg er litt seint ute med månadssamandraget denne månaden, men det kan tilskrivast at eg rømde landet etter den søkkblaute våren me har hatt. Der eg hamna var nettet såpass treigt at eg utsette heile månadsinnlegget til eg var heime att.
Og, heimkoma vart som utreisa, våt og utriveleg og temperaturfallet var nesten 20 grader. Snakk om å koma fort ned på jorda att!

Me rømde til dette…
 

Jaja, så var det samandraget då.
I fyrste verset snakkar eg om «tedneria». De kan jo lura på kva det uttrykket skal beskriva.
Så har me hatt 17. mai og, og der sto dei mest fulltalige på slottsbalkongen. Forresten Martha og Ari var der ikkje. Martha var vel for oppteken med englane sine, og Ari spring rundt og syner fram utstyret, så dei hadde vel ikkje tid å setja av til feiringa.
Ja, og så fekk me så vidt eit gløtt av prinsesse Astrid i eit sidevindauga på slottet.  Me veit at ho slit med føtene og med å stå i lang tid, men det var vel råd å få fram ein stol på balkongen til henne, eller høyrde ho ikkje heil til der framme. Ho var då vår royale fyrstedame i mange år då kong Olav var enkjemann.
Resten av samandraget finn de sikker t ut av sjølv.
 

Mai 2015.


Så har me kome til mai
som skal vera så skjøn og mild.
Båten er sjøsett og ligg ved kai,
men nordavinden er ikkje snill.
Me er nok i gong med «tedneria».
Den plagar oss ofte på denne tida.

Våre folkevalde likar visst ille,
alle våre spørsmål og kommentarer.
Dei vil sakshandsama bak stengd og stille,
og presentera resultata utan dikkedarer.
Men kva slags demokrati vert det,
når folket ikkje skal få vera med.

Så feirer Bergen 17. mai,
i år heilt nede på byens havn.
Et storfint cruiseskip ligg ved kai,
og ordføraren skal gje det navn.
Skit i Festplassen og tradisjoner,
når reiaren lokkar med sine millioner.

I Oslo sto dei samla på slottsbalkongen,
vinka til barnetoget som gjekk forbi.
Ungane ville gjerne helsa på kongen,
ein fin tradisjon frå ei svunnen tid.
Prinsesse Astrid vinka frå ein annan stad,
fekk ho ikkje plass på fyrste benkerad?

Justisministeren slit i motbakke for tida.
Det  meste han tek i går rett vest.
Ikkje taklar han beredsskapssida,
og asylborn er ikkje hans velkomne gjest.
Same kor han «streve og bale»,
det meste han prøver på, går visst gale.

Ari er stadig dedikert til kunsten,
denne gongen er emnet pikk.
Er han plaga av 40 ? års brunsten
eller strekkjer han royal sed og skikk?
Er «kunsten» hans klarert av kongen,
og kjem det no nytt vers på kongesongen?

Så rømde gubben steinrøysa att,
etter ein våt og trasig vår
kor regnet jamt ut or skyene datt
og kor plantane våte og traurige står.
Kjerringa fann fram kredittkortet hans
og brått vert Alcudia neste stans.
31.05.2015.M-m.

6 kommentarer
    1. Greit å ta månedssamendraget litt forsinka…når du har kost deg i finværet i steden…så nydelig ut på bildet iallefall :))
      Og diktet hadde jo med seg det meste som har skjedd med 17mai , Ari, andre kongelige og mye mer…hehe..
      Har ikke peiling på hva “tenderia” er men gjetter på væromslag eller et annet ord for tendenser …eller noe heeeeelt annet…
      Kos deg videre med søndagen ..og fin kommende uke :))

    2. annebe: Takk for hyggelig kommentar.
      Du var utrolig nær blink med ditt tips om “Tedneria” Det var tidligere benevnelsen om en nordavindsperiode som nesten årvisst kommer i mai, omtrent samtidig som terna kommer tilbake etter vinteren.
      Ellers var det jo litt fristende å nappe litt i den kongelige pelsen nå.
      Ha en fin vårlig uke…

    3. Oldemorbloggen: Du veit at det av og til kan renna inn forvitnelege tankar som må ned på papiret, og då vert det gjort til ei utfordring å få det fram på rim.
      Ha ein fin kveld…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg