Rundtur…

Etter en nokså “død” bloggsommer får jeg etterhvert prøve å komme igang igjen litt etter litt.

Nå på sensommeren fikk vi anledning til å ta en rundtur med hurtigruta sammen med et vennepar. Det ble en opplevelsesrik tur – spesielt på natur, og jeg kommer tilbake til noen av opplevelsene etterhvert.

Her ser dere Trollhatten fra en noe uvant vinkel, her litt nordøstfra.

Men her skal da være et hull i dette fjellet ett eller annet sted…

Joda, det er det riktige fjellet. Det gjelder bare å finne den rette vinkelen for innsyn.

Så en liten vri på historien om Trollhatten og noen av de andre fjellformasjonene i denne regionen. Dette er i alle fall historien som er fortalt i hurtigrutas egen turistbrosjyre.

Torghatten.

Vågekallen sakna sårt ei kjerring,
stor skam for ein lofotværing.
Han vende augo ofte mot sør,
særleg mot suliskongens atteletne dør.

Kongen hadde sju døtre han vakta vel,
og likte lite Vågekallens sprel.
Men jentene kjende fridomshugen vakne,
dei sprang då til sjøen og bada nakne.

Då Vågekallen fekk dette freistande synet,
for han sørover fortare enn lynet.
På Tjøtta sto Lekamøya og baka,
og henne ville kallen heller ikkje forsaka.

Då vakna Hestmannen med eit brak,
og han gjekk straks rett på sak.
Sende ei storpil mot Vågekallen,
og såg for seg ein rival som fallen.

Men Brønnøykongen kasta opp sin hatt,
og pila gjennom hatten spratt.
Hatten med hol datt ned i havet,
og det vart slutten på kjerleikskavet.

For sola rann medan søstrene kvein,
og alle aktørane vart fort til stein.
Såleis ligg fjella der oppe i dag,
utfallet av Vågekallens kjærleiksjag.
23.08.2013.M-m.

Det skal ikkje vera lett…

Gassdrifta ferjer er ikkje enkelt.

Så gale kan det gå.:

1.         Reiarlaget Fjordline kontraherer to ferjer som skal gå i dagleg drift mellom Bergen og
            Hirtshals.

2.         For å spara miljø og kanskje pengar skal ferjene driftast av gassmotorar.

3.         For å greia daglege avgangar må båtane bunkrast med passajerer ombord.
4.         I Noreg er det ikkje tillete å fylla drivstoffet med passasjerer om bord.
5.         Det er tillete i Danmark, og kva gjer ein då?
6.         Jau, ein sender 14 ? 15 trailarar fullasta med gass gjennom skandinavia kvar veke og
 bunkrar ferjene der. 

7.         Då spør eg. Kva då med tryggleik miljøvinst?

No les eg at styresmakter og reiarlag jobbar med saka, for sjølv der ser dei vel galskapen i den løysinga dei er tvinga inn i. Men dette vil ta tid ? sikkert år og dag. For i henhald til offentlege forvaltningsreglar skal ein nok gjennom ei halv sneis utgreiingar før det vert endskap på bunkringsparadokset.
Heia Noreg!!!

PS. Eg prøvde meg på eit lite rim om saka, men ein spøkjer kanskje ikkje med så alvorlege problemstillingar.

Naturvern på norsk.

Naturvern er viktig, det tykkjer dei fleste,
men det lyt styrast av lover og regler,
som kjem både folk og klima til beste,
om du er på land eller ute og segler.
Det hender at lova snåvar i eigne bein,
eller kanskje det var i ein forskriftsstein.

No skal de høyra ei underleg sak
om to nye ferjer med framdrift av gass.
Her ramla visst naturvernet med eit brak
då båtane skulle ha bunkringsplass.
I Noreg var det farleg å fylla tanken,
då vart Danmark bergingsplanken.

Langs landevegen fraktar dei gassen.
Kvar veke fer femten fullasta tankbilar
fram til den danske bunkringsplassen.
Er dette naturvern, eller er du ein tvilar?
Jau, no svir me av diesel i tillegg til gass,
så enno ein gong ramla naturvernet i dass.
31,07.2013. M-m.

Til lukke med dagen nynorskfolk…

I dag er det 200 år sidan han som vert kalt nynorskens far vart født.
Namnet er  Ivar Aasen, kven skulle det ellers vera.

Her finn ein han på frimerket frå 1963, mannen som starta opp som botanikar med eit herbarium med 509 plantar, og som enda opp som språkforskar og grunnleggjar av det nynorske skrift og talespråket basert på landsomfattande gransking av dialektar og ordbruk.
Som opprinneleg nynorskmann og framleis brukar av dette språket tykkjer eg at det er på sin plass å stogga opp og minnast mannen i dag. Me opplever meir og meir at språket vårt vert utvatna, særleg av engelsk. Sjå berre på jobbannonsene i avisene. Der vil du finna mange av dei på engelsk.
At me har to norske språkformer i dag har skapt og skaper diskusjonar om eit lite land som vårt bør halda seg til fleire språk og nynorsken er stadig under press. Det tykkjer eg er synd, for me er framleis mange som likar å nytta den språkforma, og personleg tykkjer eg at den gjev meg større utval av ord til å nyansera skriftspråket. 

Så attende til ei anna side av Ivar Aasen. Han sleit vist mykje med å finna seg ei kone, og det seiest om han at han fridde i hytt og pine, men alltid med negativt resultat.

Til sist, takk for at du synte oss vårt eige målføre, Ivar…

Så kom troperegnet avec…

Etter  fem seks dager med flott sommervær kom regnet, da også med Vårherres Hammondorgel.

Jeg lar Google illustrere orgelbruset som var ganske heftig til sine tider.

–og regnet strømmet ned i rikelige mengder.

Ingen grillmiddag på terrassen i dag, ei heller en solfylt kaffetår…

Men hva gjør regnet når Amanda her en god kopp kakao og sin iphone i nærheten.

En bok er heller ikke å forakte i regnværet, ikke sant Andrea?

Men pytt, regnværet tar nok snart slutt, og alle hjerter gleder seg. Også et paprikahjerte.

Fortsatt god sommer!!

Det lakker mot…

Valkamp!


Google

Klar, ferdig, gå!!!

Er det noko mellom Høgre og Krf ?
No må de vakna i «Se og Hør».
Ute på Bømlo har dei hatt treff
der Knut slepte Erna inn si friardør.
Dette er slett ingen oppdikta spøk.
Me undrast, var det trulovingsbesøk?

Finns det då ingen mann til ho Siv
eller lyt ho kasta augo på Jens ?
Det kunne verta eit stormfullt liv,
når Jensemann brått vart bompengelens.
Nei Liv, du lyt halda deg til ho Erna
om du vil ha eit par avgifter fjerna.

Trine har fylgt i Lars sine spor,
ei flink og skarpskodd trønderjente.
Lars var kledd i for store skor
og då vart lite politisk makt å hente.
Trine har vald ein varsamare veg.
Tek ho vegen til makta meir steg for steg?

Ja, så har me Audun, Liv Signe og Jens,
ein sprikande politisk konstellasjon.
Kanskje samarbeidet ha som konsekvens
at dei augnar ein raudgrøn endestasjon.
Er folket lei den raudgrøne politikken,
og let Audun, Liv Signe og Jens i stikken?

Så startar endeleg valkampslaget,
skuldingar og skambod vil hagla tett.
Alle vil på det styrande laget,
skaffa seg politisk makt, rett og slett.
Valkamp er tidtrøyte for gamal gubbe,
som har overlevd mang ei politisk stubbe.
01.08.2013.M-m.


Det blomstrer…


En liten flik av  blomsterhagen sett fra godstolen på terrassen. Fruen er i gang med vedlikehold blomster og kanter.

En amatør på blomster vil kalle dette eksemplaret for en Pelargonia. Kan det stemme? Den er i alle fall flott å se på.

Så var det våre gamle keiserkroner. De har stått i hagen her ute så lenge gubben kan huske, og det er nå en ganske lang stund.

Et utvalgt eksemplar ønsker dere alle en fortsatt god sommer.

Junimorro…

Ettersom juni no er lagt bak oss og sumaren har fått oss til å sakka på farten kan den kanskje vera på sin plass å minna om kva dei gjer, stakkarane som aldri kan ta seg ferie.
Slike som Giske, til dømes, som har så mange “vener” å skaffa jobb at hen antakeleg ligg vaken om natta for å finna nye styrejobbar til dei.
Ja, og så skal det finnast på nye yrkestitlar i arbeidslivet. Tittelen sjømann skal visst bort no, kva som skal koma i staden hugsar eg ikkje i farta.
Så gjeld det dette hersens sjukefråværet vårt. Kan me ikkje få ha blåmandagen vår i fred, og ikkje måtta syngja “Pål sine høner” i lunchpausa på jobben for å auka trivnaden? Eg berre spør.

Inga lang regle denne gongen, men start er valkampen i gong, og då sit låtteløyen laust.

Men fyrst, god sumar.


Google.

Juni 2013.

Ja, så har han Giske prøvd seg att,
å fordela ein kremjobb til sine.
Med fleire liv enn vår gamle katt,
snakkar han det bort utan ei mine.
Det vart ingen styrejobb for ho Hild,
for no hadde han Giske vore altfor gild.

Av dei store saker i løvehola,
skal tittelen sjømann no sova.
Etter nye titlar har dei no tråla,
og dei skal no inn i navnelova.
Gjev heller heider til krigsseglarane våre,
dei er gløymt utan ei politisk tåre.

No skal sjukefråværet ned,
då må det syngjast i lunchen.
Og her lyt alle vera med.
Har nokon kikka for djupt i punchen?
Har eg no vorte spikande galen,
skal songen hjelpa på arbeidsmoralen?

Forfallet frå skulen er i full gong.
Men, her er kanskje ei botevon.
Litt meir moro, leik og song,
litt mindre fag og multiplikasjon.
Mottoet, ikkje eit kjedeleg sekund,
og eleven møter kvar dag og stund.
30.96.2013.M-m.

Rapport fra Øyriket…

Jeg sliter for tiden med et svært tregt nettverk, men det er litt selvforskyldt ettersom jeg har valgt en variant hvor jeg betaler for et viss antall gigabytes pr mnd. Når så det er overskredet går netthastigheten drastisk ned. Der er jeg nå, men  ved månedsskiftet bedrer det seg igjen.

Her ute i havgapet er vi på sjøen når nordavinden tillater. Utbyttet blir så ymse, og her er et lite utvalg.

Her er en sjelden kropp, en sjøstjerne med 12 armer. Den var ikke stor, men såpass sjelden at jeg ville vise dere den. Tatt i et garn.

Så gikk ryktet at makrellen var kommet, og ganske riktig, vi dro opp fire og fire i slengen – stoppet på 14 stk hvorav 3 ble stekt til middag.
Lyren gikk til fiskekakeproduksjon.

Sløying og rensing foregår ved sjøen.

Renovasjonsvesenet venter på frokosten…

Tilslutt, årets Rododendron. “Planten” som står foran  har ennå ikke slått rot.

Fortsatt god sommer.

Sommerhilsen fra Øygarden…

Etter en pause hvor vi har hatt noen fine dager med bl a en fisketur som resulterte i årets første middag med småpale (sei) og lever er livet her ute absolutt utholdelig. Vi koser oss.

Rhododendroen i full blomst med trøndertreet i bakgrunnen. Dere vet vel at der dere finner en søyleasp i hagen er det stor sjanse for at det fins en trønder i huset.

Vakkert, ikke sant??

Ettersom de gamle hagemøblene nå runder 30 år her ute i havgapet og bærer visse preg av det, gikk vi til anskaffelse av et nytt hagesett. Det kom på plass for et par dager siden, så nå har meteorologene spådd regnvær i flere dager framover.

Gubben foretrekker å nyte solen så lenge den viser seg. Slik var det i alle fall for en time siden her ute.

Ha en fortsatt god sommer!!!

Kom mai du skjønne milde…

Nå var vel ikke starten på måneden verken skjønn eller mild, men du verden så bra det ble etterhvert. Det seies at været på våre kanter alltid blir bra under festspillene, og slik ble det også i år. Kongen, som pleier å åpne musikkgallaen glimret med sitt fravær i år. Heller ikke kronprinsen kunne komme, men Mette Marit hadde vel ikke råd til en ny veske – og da så!
Vår egen ordfører, Trude Drevland greidde åpningsjobben med glans så nå musiseres det i gater og streder i byen vår.

På hjemmefronten har gubben registrert at de endelig har tenkt å ta fatt i bygging av nytt Munch-museum i Oslo, den som lever får se. Videre har Jens nå, etter å ha mobbet Erna i mange år for å ville innføre skatteletter, funnet ut at det kanskje ikke er så dumt likevel. Ja, og så har miljøministeren blåst i miljøet og reddet oljeministeren ut av en lei knipe ved å godkjenne ei kraftlinje over naturvernet område.

Jaja, politikk er det muliges kunst!!

Ellers tar gubben nå mer eller mindre ferie nå et par måneder. Om skrivekløen skulle ta overhånd når nå valgflesket begynner å flomme over vårt land kan det hende at det vil komme noen månedsresymeer. Vi får se.
God sommer!


Et bilde av Grieghallen hvor mye av festspillene foregår.

Mai 2013.

I Bergen finn du eit fisketorg
med mange smakfulle rettar av fisk.
Men gå ikkje dit med pengesorg
og ta til deg frå lokkande disk.
Dei seier der, kom med velfylt lommebok.
Hald deg borte du med sliten brok.

Men i Bergen fins også alternativ.
Ein matbørs med mange utsøkte retter.
Der er matprisen mindre stiv,
du nyt dine måltid frå fine «pletter».
Så søkjer du god og velsmakande mat,
på matbørsen fins smakfulle, rimelege fat.

17. Mai, vår grunnlovsdag,
då kranglar me kva for flagg me skal bera.
Men dagen skal me då feira i lag,
og sjølvsagt skal flaggborgene norske vera.
Kva er det me feirer i prosesjonen.
Jau, samling og truskap om konstitusjonen.

Så gjeld det han Jens og skatten,
den skal visst ned med ein prosent.
Ja, den karen er?kje for katten.
Kva avgift skal opp? Eg er spent!
Det kjem nok for dagen etter valet,
for då er det slutt på valflesksalet.

No han han gnåla i åtte år;
Skattelette kjem ikkje på tale.
Det tener dei som i pengesekken står,
og utarmar dei som har det «bale».
Så no kan ho Erna humra og le,
etter pesen frå Jens då ho fremja det.

Festspela vart opna for 61. gongen,
og Bergen var stivpynta til fest.
Men, denne gongen kom ikkje kongen,
og attpåtil bles det kaldt frå nordvest.
Ordførar Trude fekk festen i gong,
og festlyden nystemte byen sin song.

I Oslo har dei endeleg greidd det no,
etter tiår med krangel og kiv.
Etter ei usemje me slett ikkje forsto,
får Munch sine bilete no nytt liv.
I Lambda skal biletkunsten hans stå,
Vert det realisert ? Den som lever får sjå.

Skal du forfordela ein ven
har oljeministeren ei genial løysing.
Få saka trenert, til den litt i senn
får konsekvens utan rom for anking og tøysing.
Senda kraftliner over verna jord
kan du berre gjera når du er «stor».
31.05.2013.M-m.