Det skal ikkje vera lett…

Gassdrifta ferjer er ikkje enkelt.

Så gale kan det gå.:

1.         Reiarlaget Fjordline kontraherer to ferjer som skal gå i dagleg drift mellom Bergen og
            Hirtshals.

2.         For å spara miljø og kanskje pengar skal ferjene driftast av gassmotorar.

3.         For å greia daglege avgangar må båtane bunkrast med passajerer ombord.
4.         I Noreg er det ikkje tillete å fylla drivstoffet med passasjerer om bord.
5.         Det er tillete i Danmark, og kva gjer ein då?
6.         Jau, ein sender 14 ? 15 trailarar fullasta med gass gjennom skandinavia kvar veke og
 bunkrar ferjene der. 

7.         Då spør eg. Kva då med tryggleik miljøvinst?

No les eg at styresmakter og reiarlag jobbar med saka, for sjølv der ser dei vel galskapen i den løysinga dei er tvinga inn i. Men dette vil ta tid ? sikkert år og dag. For i henhald til offentlege forvaltningsreglar skal ein nok gjennom ei halv sneis utgreiingar før det vert endskap på bunkringsparadokset.
Heia Noreg!!!

PS. Eg prøvde meg på eit lite rim om saka, men ein spøkjer kanskje ikkje med så alvorlege problemstillingar.

Naturvern på norsk.

Naturvern er viktig, det tykkjer dei fleste,
men det lyt styrast av lover og regler,
som kjem både folk og klima til beste,
om du er på land eller ute og segler.
Det hender at lova snåvar i eigne bein,
eller kanskje det var i ein forskriftsstein.

No skal de høyra ei underleg sak
om to nye ferjer med framdrift av gass.
Her ramla visst naturvernet med eit brak
då båtane skulle ha bunkringsplass.
I Noreg var det farleg å fylla tanken,
då vart Danmark bergingsplanken.

Langs landevegen fraktar dei gassen.
Kvar veke fer femten fullasta tankbilar
fram til den danske bunkringsplassen.
Er dette naturvern, eller er du ein tvilar?
Jau, no svir me av diesel i tillegg til gass,
så enno ein gong ramla naturvernet i dass.
31,07.2013. M-m.

4 kommentarer
    1. Etter gamalt var Danmark molboland, men no bør Norge kreva tittelen.. Har du høyrt på maken til molboaktig framferd. Kunne ikkje tru me lever på same kloden. Du er flink å dikte om samfunnet og den politiske stoda, syns eg.

    2. Oldemorbloggen: Eg føler at samfunnet vårt no etterkvart har vorte så overbyråkratisert at me snautt kan røra på oss utan å bryta lova. Ein svensk minister var vel inne på noko den gongen han han kalte Noreg for den siste sovjetstaten.
      Elles vonar er at dei kan løysa bunkringsproblema til Fjordline på ein smidig måte.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg