Til lukke med dagen nynorskfolk…

I dag er det 200 år sidan han som vert kalt nynorskens far vart født.
Namnet er  Ivar Aasen, kven skulle det ellers vera.

Her finn ein han på frimerket frå 1963, mannen som starta opp som botanikar med eit herbarium med 509 plantar, og som enda opp som språkforskar og grunnleggjar av det nynorske skrift og talespråket basert på landsomfattande gransking av dialektar og ordbruk.
Som opprinneleg nynorskmann og framleis brukar av dette språket tykkjer eg at det er på sin plass å stogga opp og minnast mannen i dag. Me opplever meir og meir at språket vårt vert utvatna, særleg av engelsk. Sjå berre på jobbannonsene i avisene. Der vil du finna mange av dei på engelsk.
At me har to norske språkformer i dag har skapt og skaper diskusjonar om eit lite land som vårt bør halda seg til fleire språk og nynorsken er stadig under press. Det tykkjer eg er synd, for me er framleis mange som likar å nytta den språkforma, og personleg tykkjer eg at den gjev meg større utval av ord til å nyansera skriftspråket. 

Så attende til ei anna side av Ivar Aasen. Han sleit vist mykje med å finna seg ei kone, og det seiest om han at han fridde i hytt og pine, men alltid med negativt resultat.

Til sist, takk for at du synte oss vårt eige målføre, Ivar…

8 kommentarer
    1. Tillukka med dagen, sjøl om du stundom skriv på dansknorsk =bokmål. Då eg blei medlem av mållaget fekk eg eit merkje der det står “Takk Ivar Åsen” på, og det brukar eg i festlege høve.

    2. Oldemorbloggen:Ja, eg haltar litt på målforma, men når eg skriv på rim er det stort sett nynorsk som gjeld. Eg tykkjer at nynorsken er meir saftig og fargerik i ordutvalet…

    3. Ja, gratulerer! Og han var jo også (i 1859 riktignok) i samme krets som Henrik Ibsen, i “Det lærde Holland”. Og nynorsk er vakkert i dikt, syntes nå jeg…

    4. Han skal ha sagt : Når du ikkje lenger kan elska den fagre møy, då er det betre å døy. Men han vart ein gamal mann, så eg veit ikkje kva slutning vi skal trekka av det.
      Nei, gratulere med dagen alle nynorskkunnige!

    5. tombola:Kan tenkja meg det, dei levde jo på same tida sjølv om dei ikkje førde same språket. Nynorsken er saftig tykkjer eg, sjølv om eg må vedgå at eg også brukar mykje bokmål.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg