Det lakker mot…

Valkamp!


Google

Klar, ferdig, gå!!!

Er det noko mellom Høgre og Krf ?
No må de vakna i «Se og Hør».
Ute på Bømlo har dei hatt treff
der Knut slepte Erna inn si friardør.
Dette er slett ingen oppdikta spøk.
Me undrast, var det trulovingsbesøk?

Finns det då ingen mann til ho Siv
eller lyt ho kasta augo på Jens ?
Det kunne verta eit stormfullt liv,
når Jensemann brått vart bompengelens.
Nei Liv, du lyt halda deg til ho Erna
om du vil ha eit par avgifter fjerna.

Trine har fylgt i Lars sine spor,
ei flink og skarpskodd trønderjente.
Lars var kledd i for store skor
og då vart lite politisk makt å hente.
Trine har vald ein varsamare veg.
Tek ho vegen til makta meir steg for steg?

Ja, så har me Audun, Liv Signe og Jens,
ein sprikande politisk konstellasjon.
Kanskje samarbeidet ha som konsekvens
at dei augnar ein raudgrøn endestasjon.
Er folket lei den raudgrøne politikken,
og let Audun, Liv Signe og Jens i stikken?

Så startar endeleg valkampslaget,
skuldingar og skambod vil hagla tett.
Alle vil på det styrande laget,
skaffa seg politisk makt, rett og slett.
Valkamp er tidtrøyte for gamal gubbe,
som har overlevd mang ei politisk stubbe.
01.08.2013.M-m.


0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg