Junimorro…

Ettersom juni no er lagt bak oss og sumaren har fått oss til å sakka på farten kan den kanskje vera på sin plass å minna om kva dei gjer, stakkarane som aldri kan ta seg ferie.
Slike som Giske, til dømes, som har så mange “vener” å skaffa jobb at hen antakeleg ligg vaken om natta for å finna nye styrejobbar til dei.
Ja, og så skal det finnast på nye yrkestitlar i arbeidslivet. Tittelen sjømann skal visst bort no, kva som skal koma i staden hugsar eg ikkje i farta.
Så gjeld det dette hersens sjukefråværet vårt. Kan me ikkje få ha blåmandagen vår i fred, og ikkje måtta syngja “Pål sine høner” i lunchpausa på jobben for å auka trivnaden? Eg berre spør.

Inga lang regle denne gongen, men start er valkampen i gong, og då sit låtteløyen laust.

Men fyrst, god sumar.


Google.

Juni 2013.

Ja, så har han Giske prøvd seg att,
å fordela ein kremjobb til sine.
Med fleire liv enn vår gamle katt,
snakkar han det bort utan ei mine.
Det vart ingen styrejobb for ho Hild,
for no hadde han Giske vore altfor gild.

Av dei store saker i løvehola,
skal tittelen sjømann no sova.
Etter nye titlar har dei no tråla,
og dei skal no inn i navnelova.
Gjev heller heider til krigsseglarane våre,
dei er gløymt utan ei politisk tåre.

No skal sjukefråværet ned,
då må det syngjast i lunchen.
Og her lyt alle vera med.
Har nokon kikka for djupt i punchen?
Har eg no vorte spikande galen,
skal songen hjelpa på arbeidsmoralen?

Forfallet frå skulen er i full gong.
Men, her er kanskje ei botevon.
Litt meir moro, leik og song,
litt mindre fag og multiplikasjon.
Mottoet, ikkje eit kjedeleg sekund,
og eleven møter kvar dag og stund.
30.96.2013.M-m.

6 kommentarer
    1. Du traff godt der, i diktinga di. Eg hugsar heller ikkje kva navn som var foreslått istaden for sjømann, men ein av grunnane for at sjømann ikkje kunne brukast lenger, var at no var det mange damer ombord . Skulle det ha seg slik at dei blei gravide, kunne det ikkje heitast at sjømannen var gravid, Kunne dei ikkje då sagt at sjømannsdama er gravid, viss dei var så nøye på det?

    2. Oldemorbloggen: Sjå der var nok grunnen til at sjømannen vert borte. Å få ein sjømann gravid er vel enn så lenge ei utfordring for lekjarvitskapen. Ellers må eg nok vedgå at eg ikke såg utfordringa med kvinneleg mannskap og benemninga sjømann. I alle høve tykkjer eg at det er synd om denne gamle tittelen vert borte.

    3. Først må eg få seia god sommer :))og politikk ja jeg bare rister på hode jeg,men noe må jo stakkarane prate om hi hi.Hva skal mann stemme på sukk,ja si det du rare er dei alle uansett hvem som regjerer

    4. fruensvilje: God sommer til dere også. Mye underholdning blir det av mange utspill selv om sakene er alvorlige nok. Store forskjeller blir det antakelig ikke om det politiske tyngdepunktet endrer seg, for politkken vil nok styres av sentrumstankene. De politiske ytterpunktene blir nok ikke sterke nok til å få avgjørende innflytelse, og det er i alle fall jeg glad for.

    5. Takk for nok eit treffsikkert samandrag av den nære fortid.
      Jau, no skal sjømannen heite “arbeidstaker”. So i neste revisjon av songboka blir det ” Den norske arbeidstaker er et gjennombarket fokeferd”.
      Betre seint enn aldri tenkte vel Anne-Grete Strøm-Erichsen då ho ville takka krigsseglarane for innsatsen. Det blir ikkje mange kronene i frimerke ho må ut med om ho skal sende takkebrev.

    6. Pedro: Gler du deg ikkje no Pedro. For no går me inn i den villaste delen av revysesongen på den politiske arenaen, nemleg valkamparenaen. Her kjem fleskefeittet til å renna i strie strumar.
      Ein liten forsmak på løyene fekk me i dagens BT kor Heikki Holmås bekymrar seg for om høgre får så mange stemmer som meiningsmålingane tyder på. Då kan det verta tjukt med vestkantfolk på oslobenken, fryktar han. Men då gløymde han visst å undrast over kva oslofolk meinte om å slita med ein bergensar der.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg