Strandtanker…

På turen langs stranda dukker mye opp…

Hjarte  i sand.

På ei lang og solvarm strand
fall noko brått inn i auget mitt.
Eit hjarta rissa ned i sand,
litt skakt, utan kunstnarleg snitt.

To bokstavar var og rissa ned.
Altså hadde dei vore eit par.
Var dette noko som ville vara ved
eller var kjærleiken berre sumarsnar.

Eit hjarta kan rissast i stein og tre,
jamvel i metall av edlaste sort.
Men strandhjartet får ikkje mykje fred
før floa viskar kunstverket bort.

Strandhjartets liv er kort og skjørt.
Symbolet er kanskje dette;
Berre ein liten ferieflørt
som du seinare aldri frette.

Nei, svaret ligg nok løynd i sanda.
Var det ein flamme eller berre ei glo.
Eg ruslar vidare bortetter stranda.
Gløymde snart kunstverket og dei to.
17.11.2013.M-m.

Kontrastar…

I dag, på Kleppestø…

…såg det slik ut då eg var ute og henta avisa. Ikke så gale at eg måtte fram med måkeskuffa, men vinteren er i emning.

For ei veke sidan, og sikkert også slik i dag, på Lanzarote…

På morgonturen langsetter strandpromenaden. Det kvite oppe til venstre er ikkje snø, haha.

Ikkje så folksamt på stranda, men ypperleg underlag og temperatur for morgonturen.

Badegjestar er her, men dei greier seg med eit fotebad.

Etter turen, kva smakar då betre enn dette ???

Ha ein fin dag og finn fram måkeutstyret!!

Dett var dett…dessverre…

Hva sikter jeg til ? Jo, vår to-ukers tur til Lanzarote. To uker i stort sett strålende solskinn (regn en formiddag). Vind er det som regel der nede, men det demper den, til tider, ganske intense varmen.
Nedturen var ganske bokstavelig, for etter landing på Flesland kl 02.00 om natta bar det hjemover på, til dels, oversvømte veier.
Vi ønsket da at vi hadde forlenget oppholdet på Lanzarote med en uke eller ti…


Vi bodde ganske nær flyplassen og hadde daglige turer langs denne på en flott strandpromenade.

Det ga meg abledning til å knipse litt av trafikken. Nærheten til flyplassen var slett ikke sjenerende.

Vi hadde en fin liten bungalov, men jeg har dessverre ikke gode bilder av den, men den var grei og praktisk for oss.

Delvsagt hadde vi TV, så vi fikk stort sett med oss dagsrevyen selv om TV-signalet varierte i kvalitet.

Utsikten fra terrrassen var en stor palmehage, men sjø og strand låg ca 200m i den retningen dere ser..
Dere ser også at lavagrus erstatter grønne plener, men Lanzarote er ei vulkanøy og da må det bli slik.

Frokost på terrassen er obligatorisk og eksotisk for oss fra kjøligere strøk.

Her satt en liten tass oppe i en stolpe rett utenfor leiligheten og passeet på om det skulle falle ned noen frokostsmuler.

Jeg skulle ellers gjerne ha blogget litt underveis i ferien, men teknologien sviktet på flere områder. Først fikk jeg problemer med kameraet, og så var lokalnettet så svakt at jeg ville ha brukt alt for mye tid på den aktiviteten. MEN, jeg kommer med mer etterhvert. 

Skråblikk på oktober…

Dette vart ein månad med mange tema. Ein som har vore mykje i vinden er Nowegian/Kjos. Han har handla fly hjå Boeing, men førebels lurer katta i sekkjen for han får dei ikkje opp i lufta, i alle fall ikkje i stabil rutedrift. Som om ikkje det er nok er turbulensen i verksemda  på andre område hans stor for tida. Han vert skulda for å bryta avtalar og driva med sosial dumping, men me som vil ha billege flyreiser teier. Nei Kjos, no må du rydda opp og syna at du driv ei ei verksemd som toler at lampene lyser på deg. Når det gjeld flya…Kanskje Airbus kan vera eit brukande alternativ til draumeflya som ikkje fungerer?!?!

Google

Her er i alle høve resten av månadssamandraget mitt.

Oktober 2013.

Kjosen har utlyst over land og by
at han no skal utvida sin flåte.
Om draumeflya hans slett ikkje vil fly,
ser Kjosen ingen grunn til å gråte.
Han leiger fly frå ein annan fabrikant,
medan Boeing lyt vøla sin draumediamant.

Dei vart visst samde, ho Erna og Siv,
inne i sitt kveldsblå, einsame slott,
der dei meisla ut våre komande liv,
både i stort og i smått.
Pressa sat der med opne augo og øyrer
klar til å kommentera alt dei ser og høyrer.

Og damene kom smilande som ei sol,
lova ferre reglar og mindre byråkrati.
Sundagsopne butikkar og opnare pol,
og så eit armert politi.
Meir vegbyggjing er også ein milepel,
her svalde Siv ein bompengekamel.

Så sto dei der blide framfor vårt slott,
ei ny regjering var født,
eit makeskifte frå raudt til blått,
dei nye ministrane smilte så søtt.
No er dei i gong med den viktige jobben,
akkompagnert av den politiske mobben.

Gribbane i Akersgata
har starta gravearbeidet sitt.
Er ein minister «persona non grata»
lyt det gravast fram møkk og skit.
Lat dei få nokre dagars arbeidsro
før de jagar politikarblod.

No er ein minister ute på køyret,
ho vil ikkje navngje sine PR-kunder,
og høyrer slett ikkje på det øyret,
viser til at teieplikta ligg under.
Men er du i ansvarleg posisjon,
då er habilitet meir enn ein fiksjon.

Obama er stadig på farten,
vil veta kva venene gjer og tenkjer.
Ein fredspris fekk han med i starten,
men no sit me i spionen sine lenkjer.
Nei Obama, slik vil me ikkje ha det,
no bør du få ein diplomatisk ballade.
31.10.2013.M-m.

Ordkløyveri eller keisarens nye klede???


Eg har visst skrive om denne boka tidlegare. Den inneheld finurlege ord og uttrykk som ein dagleg kan høyra politikarar og mediafolk nytta. Ord og begrep som kan tydast i mange leider.
Begrepet “New Public Management” er eit typisk tåkebegrep som boka bruker 7 sider på å forklara, men som dei har samanfatta slik.:

New Public Management.: Nytale for Old Public Management. Styringsordning inspirert av utdaterte næringslivsidealer fra 1950-tallet og/eller styringssystemet i gamle Sovjetunionen.

Så har forfatterne drodla litt over ordet “Vaktmester”, og her forklarer dei dette yrket i dagens samfunn.:

“Den forsvunne diamant. Omorganisert og effektivisert til nomade og omstreifer i kjølvannet av ideen om stordriftsfordeler. Løpende mellom bygninger i fritt forfall, med tilnavnet propellperdell. Ånden som går og går, men aldri kommer til døren der låsen har gått vrang. Synonymer.: ansvar for eget vakthold, ambulant brukerstyrt snømåking m.m.”

For eiga rekning vil eg berre peika på resultata av ambulerande vaktmeistrar på skulane våre. Her kan me seia at mange kommunar har sett forfall i system.

Ha ei velikehaldsfri helg.

 

Det hender da noe…

i en pensjonists hverdag.
I dag låg dette brevet i postkassa vår.

Skumle greier. Vi klarte ikke å tyde hvor det kom fra og var skeptisk til å åpne det. Brevet var mykt og hadde en liten tykkelse så fysj – hva kunne ligge inni.
Vel under til dels ekstreme sikkerhetstiltak ble brevet åpnet ute på verandaen, og hva låg inni der ???

Jo, denne flotte duken, og dertil en forklaring på det hele på en liten lapp ved siden av.

Avsenderen var Norsk Nødhjelp som befinner seg i Åsgårdstrand. Etter litt nettsøk kunne jeg ikke finne noe annet enn at denne organisasjonen driver helt etisk greit, og de 195 kronene de ba om skal vi sende omgående.
Kom så ikke og si at en pensjonists hvedag er helt uten spenning.

No er dei i gong att…

“Gribbane i Akersgata” har fotfølgd valvinnarane i tre – fire veker no. Her har vore gissing om politikk, regjering og prioritering, og siste veka har dei gått mest berserk for å finna ut kven som skulle få ministerpostar i den nye regjeringa. Kvar vart det av spaninga og forventninga då Erna på slottsplassen presenterte den nye regjeringa ?
I går var det tid for overlevering av ID-kort og nøklar, og me registrerte dei nybakte ministarane med forventningsfulle smil fortelja i runde formuleringar kva dei ville ta tak i. Dei vart ynskte lukke til av såvel motstandarar som presse, noko gubben også kan slutta seg til.
Kva er så overskrifta i ei hovudstadsavis i dag ? Jau, sjå berre her.

No er det dei nørke fortidene til dei nybakte ministarane som skal fram i ljoset, vitjing på horehus, smugling, magi, fødselsdrama og mykje meir.
Kor langt ned skal dei grava, og kva har det med oss lesarar å gjera.
Me er interessert i politikken og resultata dei nye statsrådane etterkvart kan syna fram, ikkje kor mange av dei har som snåva seg gjennom ei, kanskje turbulent ungdomstid.

La no dei nye ministrane få sleppa å bruka energien sin på å forsvara seg mot meir eller mindre vederheftige skuldingar, og heller styra landet og gjennomføra det dei har sett seg føre.
Lukke til!

Førarkortfornying…


Google

Som alle sikkert kjenner til lyt me som passerer 75 (tidlegare 70) inn og fornya førarkortet.
Då skal me gjennomgå ei lekjarvurdering og så inn på trafikkstasjonen å få skrive ut eit nytt kort.
Dette er sikkert bra, for eg skjøner godt at me vert skrøpelegare med åra, både under topplokket og reint kroppsleg.

Etter dei tidlegare reglane var me også inne til lekjarkontfroll og fekk då ein lapp som klarerte oss for bilkjøring i eitt, to eller tre år, alt etter som lekjaren fann ut kor oppegåande me var
Denne gongen var det same prosedyren, med det unntaket at me no fekk fire utfylte A-4-sider som me skulle ha med til bilsakkyndige.

På trafikkontoret leverte eg dei fire sidene saman med eit ferskt bilete, betalte og fekk A-4-sidene att med beskjed om at det nye førarkortet kjem i posten om to – tre dagar, og vips er eg klarert for to nye år bak rattet.

Apropos biletet så vart det teke på ein automat på trafikkstasjonen, og prosedyren med det var at ein skulle vera berrhovda, alvorleg og halda kjeften attleten. Det siste kan vel vera greitt om det står dårleg til med gamle tanngardar. De kan tenkja dykk resultatet. Det var nok ikkje eit bilete som vert hengd opp på veggen.

Heile operasjonen, lekjargransking og sertifikat, kosta meg omlag Kr 550,- utan at eg tykkjer at klareringa denne gongen var betre enn tidlegare.
Berre meir papir og høgare pris. Meir byråkrati?

Jaja, eg er i alle høve klarert for to nye år bak rattet, så nå lyt de passa dykk for for “mannen med hatten” om de møter han på landevegen.

Har du sett det…

Har du sett ein Flygande tallerken ???

Google.

Det var to karar som diskuterte fenomenet ein dag.
Den eine spurde fyrst.: “Har du sett flygande tallerkar?”
“Nei, svara kameraten, men har du sett det?”
“Å Ja,” svarde den fyrste så. “Det kom fleire flygande mot meg sist laurdagskveld då eg kom tre timar for seint heim!”

Ellers kan eg opplysa mine bloggkontaktar om at me i dag har nådd den fyrste vinterdagen, så no har gubben grave fram vadmålsbrok og øyrevarmarar.

Superhelga…

Denne helga har vært noe av det beste vi har hatt dette året. Vindstille, skyfri himme og 16 grader i dag.

Baste har inntatt yndlingsstillingen på terasserekkverket. I dag er verken muse – eller – fuglejakt interessant.

Det er bare å nyte været, og speilbildet i vannet utenfor hytta.

I dag burde vel båten ha ligget en helt annen plass enn utenfor huset i vinteropplag, men hvem visste at vi skulle få en slik sommerhelg midt i oktober.


Men vi fikk da utrettet noe mer enn bare å slappe av og nyte været. Ti sekker med ved ble kløyvd og lagret.

Så nå kan arbeidshanskene få hvile til  neste år, eller til nye arbeidsoppdrag som måtte tikke inn.