Førarkortfornying…


Google

Som alle sikkert kjenner til lyt me som passerer 75 (tidlegare 70) inn og fornya førarkortet.
Då skal me gjennomgå ei lekjarvurdering og så inn på trafikkstasjonen å få skrive ut eit nytt kort.
Dette er sikkert bra, for eg skjøner godt at me vert skrøpelegare med åra, både under topplokket og reint kroppsleg.

Etter dei tidlegare reglane var me også inne til lekjarkontfroll og fekk då ein lapp som klarerte oss for bilkjøring i eitt, to eller tre år, alt etter som lekjaren fann ut kor oppegåande me var
Denne gongen var det same prosedyren, med det unntaket at me no fekk fire utfylte A-4-sider som me skulle ha med til bilsakkyndige.

På trafikkontoret leverte eg dei fire sidene saman med eit ferskt bilete, betalte og fekk A-4-sidene att med beskjed om at det nye førarkortet kjem i posten om to – tre dagar, og vips er eg klarert for to nye år bak rattet.

Apropos biletet så vart det teke på ein automat på trafikkstasjonen, og prosedyren med det var at ein skulle vera berrhovda, alvorleg og halda kjeften attleten. Det siste kan vel vera greitt om det står dårleg til med gamle tanngardar. De kan tenkja dykk resultatet. Det var nok ikkje eit bilete som vert hengd opp på veggen.

Heile operasjonen, lekjargransking og sertifikat, kosta meg omlag Kr 550,- utan at eg tykkjer at klareringa denne gongen var betre enn tidlegare.
Berre meir papir og høgare pris. Meir byråkrati?

Jaja, eg er i alle høve klarert for to nye år bak rattet, så nå lyt de passa dykk for for “mannen med hatten” om de møter han på landevegen.

8 kommentarer
    1. Ja, ja, 550 kroner, men kva kostar det om ein blir stoppa utan dette nye kortet. Sannsynlegvis meir enn 550. Såg nett at ein kar i Finland måtte ut med 772.000 for å ha køyrd nokre kilometer over farsgrensa, men så er nå Finland medlem av EU. Nok ein grunn til å forbli utanfor.
      Ha ei god natt og sov godt med det gode samvitet og nye førarkortet ditt!.

    2. …og ifølge svigerfar på 80 kunne du ha kjøpt deg en fornyelse for 3 nye år for 200 kr hadde du bodd i Brasil, med trykk på kjøpt !

    3. Pedro: Det er ikkje pengane som bekymrer meg mest, men opptrappinga av byråkratiet og skjemaveldet. Var me ikkje i si tid med på å snakka om det papirlause samfunnet, haha.

    4. Grete:Jeg forstår… Er nok enig i kontrollen, men mener at den kunne foregått uten så mye papirdill. Vi lever da i en digital verden…Jaja.

    5. Papirer overalt. Det har du rett i. Nå har vi klart å få resepter, taxirekvisisjoner og sykemeldinger elektronisk, da må vel legene klare å få sendt en beskjed til trafikkstasjonen uten å måtte skrive ut fire ark. Men det gjør det kanskje lettere å forfalske noe, siden gamlingene bare blir mer og med digitale? 😉

    6. A: Jaja, det gikk fint. Jeg er nå klarert for to nye års kjøring og plastikkortet er trygt plassert i sedleboka. Så nå må du passe deg når du er ute på veien, jeg kan være i nærheten, haha.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg