Skråblikk på oktober…

Dette vart ein månad med mange tema. Ein som har vore mykje i vinden er Nowegian/Kjos. Han har handla fly hjå Boeing, men førebels lurer katta i sekkjen for han får dei ikkje opp i lufta, i alle fall ikkje i stabil rutedrift. Som om ikkje det er nok er turbulensen i verksemda  på andre område hans stor for tida. Han vert skulda for å bryta avtalar og driva med sosial dumping, men me som vil ha billege flyreiser teier. Nei Kjos, no må du rydda opp og syna at du driv ei ei verksemd som toler at lampene lyser på deg. Når det gjeld flya…Kanskje Airbus kan vera eit brukande alternativ til draumeflya som ikkje fungerer?!?!

Google

Her er i alle høve resten av månadssamandraget mitt.

Oktober 2013.

Kjosen har utlyst over land og by
at han no skal utvida sin flåte.
Om draumeflya hans slett ikkje vil fly,
ser Kjosen ingen grunn til å gråte.
Han leiger fly frå ein annan fabrikant,
medan Boeing lyt vøla sin draumediamant.

Dei vart visst samde, ho Erna og Siv,
inne i sitt kveldsblå, einsame slott,
der dei meisla ut våre komande liv,
både i stort og i smått.
Pressa sat der med opne augo og øyrer
klar til å kommentera alt dei ser og høyrer.

Og damene kom smilande som ei sol,
lova ferre reglar og mindre byråkrati.
Sundagsopne butikkar og opnare pol,
og så eit armert politi.
Meir vegbyggjing er også ein milepel,
her svalde Siv ein bompengekamel.

Så sto dei der blide framfor vårt slott,
ei ny regjering var født,
eit makeskifte frå raudt til blått,
dei nye ministrane smilte så søtt.
No er dei i gong med den viktige jobben,
akkompagnert av den politiske mobben.

Gribbane i Akersgata
har starta gravearbeidet sitt.
Er ein minister «persona non grata»
lyt det gravast fram møkk og skit.
Lat dei få nokre dagars arbeidsro
før de jagar politikarblod.

No er ein minister ute på køyret,
ho vil ikkje navngje sine PR-kunder,
og høyrer slett ikkje på det øyret,
viser til at teieplikta ligg under.
Men er du i ansvarleg posisjon,
då er habilitet meir enn ein fiksjon.

Obama er stadig på farten,
vil veta kva venene gjer og tenkjer.
Ein fredspris fekk han med i starten,
men no sit me i spionen sine lenkjer.
Nei Obama, slik vil me ikkje ha det,
no bør du få ein diplomatisk ballade.
31.10.2013.M-m.

6 kommentarer
    1. Du skriv godt
      om dei som no står ved kongens slott
      og om Obama, den sniken
      hadde eg vore venen, hadde eg følt meg sviken
      og om alt gravearbeid etter drit og lort
      Slikt syns me på golvet er dårleg gjort.

    2. Berre vent til dei 100 fyrste dagane er omme, då kjem nok syndefloda frå Jens & Co.
      Når det gjeld nye fly har me mykje å læra. Tenk kor lett me hadde kome frå F-35 kaoset dersom me hadde gått til svenskane, og Airbus hadde nok spart Kjos frå mange somnlause netter.
      Du får ha oss i tankane på di ferd mot sol og varme. God tur!

    3. Pedro: Det vert nok ingen transport med Dreamlineren på denne turen. Me skal tenkja på dykk under palmene.
      Det vert vel ein rapport med tid og stunder. Ha det bra.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg