No er dei i gong att…

“Gribbane i Akersgata” har fotfølgd valvinnarane i tre – fire veker no. Her har vore gissing om politikk, regjering og prioritering, og siste veka har dei gått mest berserk for å finna ut kven som skulle få ministerpostar i den nye regjeringa. Kvar vart det av spaninga og forventninga då Erna på slottsplassen presenterte den nye regjeringa ?
I går var det tid for overlevering av ID-kort og nøklar, og me registrerte dei nybakte ministarane med forventningsfulle smil fortelja i runde formuleringar kva dei ville ta tak i. Dei vart ynskte lukke til av såvel motstandarar som presse, noko gubben også kan slutta seg til.
Kva er så overskrifta i ei hovudstadsavis i dag ? Jau, sjå berre her.

No er det dei nørke fortidene til dei nybakte ministarane som skal fram i ljoset, vitjing på horehus, smugling, magi, fødselsdrama og mykje meir.
Kor langt ned skal dei grava, og kva har det med oss lesarar å gjera.
Me er interessert i politikken og resultata dei nye statsrådane etterkvart kan syna fram, ikkje kor mange av dei har som snåva seg gjennom ei, kanskje turbulent ungdomstid.

La no dei nye ministrane få sleppa å bruka energien sin på å forsvara seg mot meir eller mindre vederheftige skuldingar, og heller styra landet og gjennomføra det dei har sett seg føre.
Lukke til!

6 kommentarer
    1. fruensvilje: Takk.Ja,vi er hjertens enige. Jeg kan selv harsellere med politikerne i mine månedsoversikter, men prøver å være nøye med at det da går på sak. Å grave i personlige forhold, for så å publisere evt funn, er hinsides all folkeskikk. Ha en fin kveld.

    2. Eg er så absolutt heilt einig med deg i det du skriv. Skulle det gravast slik i vanlege folk si fortid, ville dei sikkert alltid finna noko som ikkje er heilt patent, og tenk å få det spreidt over forsida på landets aviser, skrekk og gru.

    3. Oldemorbloggen: Du veit, det er den fjerde statsmakta, og den gjer, stort sett, som den vil. Det vert i meste laget “Se-og-Hør”-journalistikk i dagspressa i dag. Ha ein fin kveld.

    4. Helt enig med deg der. Alle bør ha rett til å vise hva de duger til. Noe jeg synes vår egen Kronprinsesse har vist.
      Ønsker deg en riktig god søndag!

    5. tromsfruen: Jada, hun har klart seg bra selv om jeg har hatt mine kommentarer til sider av pengebruken hennes. Men så er jeg heller ingen svoren royalist.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg