Ordkløyveri eller keisarens nye klede???


Eg har visst skrive om denne boka tidlegare. Den inneheld finurlege ord og uttrykk som ein dagleg kan høyra politikarar og mediafolk nytta. Ord og begrep som kan tydast i mange leider.
Begrepet “New Public Management” er eit typisk tåkebegrep som boka bruker 7 sider på å forklara, men som dei har samanfatta slik.:

New Public Management.: Nytale for Old Public Management. Styringsordning inspirert av utdaterte næringslivsidealer fra 1950-tallet og/eller styringssystemet i gamle Sovjetunionen.

Så har forfatterne drodla litt over ordet “Vaktmester”, og her forklarer dei dette yrket i dagens samfunn.:

“Den forsvunne diamant. Omorganisert og effektivisert til nomade og omstreifer i kjølvannet av ideen om stordriftsfordeler. Løpende mellom bygninger i fritt forfall, med tilnavnet propellperdell. Ånden som går og går, men aldri kommer til døren der låsen har gått vrang. Synonymer.: ansvar for eget vakthold, ambulant brukerstyrt snømåking m.m.”

For eiga rekning vil eg berre peika på resultata av ambulerande vaktmeistrar på skulane våre. Her kan me seia at mange kommunar har sett forfall i system.

Ha ei velikehaldsfri helg.

 

4 kommentarer
    1. Eg trudde vaktmeisterane var ein utrydda rase, i alle fall kan det sjå slik ut når ein ser bilete frå forfalne skulebygningar. Dei hadde vel ingen Anders Folkestad til å tala si sak. I dag må du ut på oljeplattform for å finna praktikarane, og dei saknar vel ikkje vaktmeisterløna.

    2. Pedro: Ja, anten på plattform, eller så ser du ein forskremd kar som virrar rundt i ein bil som det står vaktmeister utapå og leiter etter ein skule som har ringt etrter han. Der finn han sjølvsagt ingen som kan rettleida han om problemet. Der har dei gått heim for dagen.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg