“Gribbane i Akersgata” har fotfølgd valvinnarane i tre – fire veker no. Her har vore gissing om politikk, regjering og prioritering, og siste veka har dei gått mest berserk for å finna ut kven som skulle få ministerpostar i den nye regjeringa. Kvar vart det av spaninga og forventninga då Erna på slottsplassen presenterte den nye regjeringa ?
I går var det tid for overlevering av ID-kort og nøklar, og me registrerte dei nybakte ministarane med forventningsfulle smil fortelja i runde formuleringar kva dei ville ta tak i. Dei vart ynskte lukke til av såvel motstandarar som presse, noko gubben også kan slutta seg til.
Kva er så overskrifta i ei hovudstadsavis i dag ? Jau, sjå berre her.
No er det dei nørke fortidene til dei nybakte ministarane som skal fram i ljoset, vitjing på horehus, smugling, magi, fødselsdrama og mykje meir.
Kor langt ned skal dei grava, og kva har det med oss lesarar å gjera.
Me er interessert i politikken og resultata dei nye statsrådane etterkvart kan syna fram, ikkje kor mange av dei har som snåva seg gjennom ei, kanskje turbulent ungdomstid.
La no dei nye ministrane få sleppa å bruka energien sin på å forsvara seg mot meir eller mindre vederheftige skuldingar, og heller styra landet og gjennomføra det dei har sett seg føre.
Lukke til!