Kameltid…

Denne månaden har politikken stort sett handla om regjeringsforhandlingar, orsak sonderingar. I går var denne prosessen over og dei fire partia framsto alle som samstemde og rosande over alt dei var samde om. Likevel kunne dei ikkje sitja i same regjering. Jaja, kanskje like greitt, for det gjekk jo ikkje så godt for småpartia som var med i Jens si regjering.
Me får ynskja Erna lukke til og vona at ho vil sleppa å setja til livs for mange av desse—

Eg er ikkje sikker på om kamelkjøt er ei delikatesse – i alle fall ikkje med skinnet på.
Så nokre rimtankar om prosessen me har våre vitne til…

September  2013.

Stortingsvalet er endeleg over,
dei blågrå skal ta over makta.
Vil dei halda alt kva dei lover,
og vert dei samde om styringspakta?
Her lyt nok sveljast kamelar og elefantar,
me vonar at styringslysten ikkje vantar.

Ikkje så mykje å skriva om,
Men valet gav då eit nytt resultat.
Ein firerbande sit på eit rom
og prøver å realisera folkets mandat.
Vert dei samde om ein felles politikk,
eller endar det opp med krangel og polemikk?

Dei byrja fyrst å eta kamelar,
men laut snart over på elefantar.
Kvar vart det av dei store valløftejuvelar,
løftene frå våre stortingsrepresentantar?
Kor gildt kunne dei hatt det i løvehola
om pressa ikkje stadig på valløfta gnåla.

Endeleg steig kvitrøyken ut or pipa,
smilande kom dei med løysinga si.
Dei skamroste kvarandre opp til ripa,
men firepartistyret vart ein utopi.
Trass i semje, ros og breie smil,
vart Trine og Knut Arild utan statsrådsbil.

Så lyt eg nemna Jens sitt valkampmantra?
«Skattelette gjev dei rike meir sølv».
Men kva hende då båten hans kantra?
Jau, då fremjar han skatteletten sjølv.
Ikkje berre vil han letta på skatten,
arveavgifta gøymer han i same hatten.
30.09.2013.M-m.

8 kommentarer
    1. sisselfish: Hei. takk for positiv omtale. Det har blitt litt fra og til med bloggen i sommer. Jeg har registrert at du også har noen innlegg nå. Jeg har tenkt å kommentere dagens innlegg om “de nye sykdommer”. Ha en fin dag.

    2. Som vanleg gjev du ein god situasjonsrapport. Ei sperregrense på 5 prosent , slik dei har i Tyskland, ville nok løyst mange flokar. Nå får vi i spaning venta til 14 oktober. Då får vi sjå kven som skal sitja rundt kongens bord.

    3. Oldemorbloggen: Eg måtte sjå over dei tre linjene du nevnte. Jaja, av og til kan det dukka opp assosiasjonar som dette. Takk for omtalen. Ha ein fin dag.

    4. Pedro:Huff ja, desse småpartia kan fort verta kostbare for oss. Eit betimeleg spørsmål i dagsrevyen i går var korleis Krf og V såg på demokratiet når eit lite mindretal pressar gjennom saker som hadde fleirtal i stortinget. Dei vart svar skuldige.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg