Pust ut…!


Google.

Pust ut.

No kan dei endeleg pusta ut,
både han Jens og ho Erna,
leggja bort alt politisk krutt,
og ordflaumen dei dagstøtt kverna.
Då er det berre å sitja og venta
kva maktstolar folket vil dei skal henta.

Han Karl har grumla frå pipa på veggen,
der sit han og skit i sitt eige hus.
No er han den mest irriterande kleggjen,
som elskar sitt utslitne vengjesus.
Beklagar Karl, di tid er over.
No gjeld dei unges politiske lover.

Småpartia sit og bit sine negler,
og voner dei kjem over grensa.
Kanskje dei rett mot båene sigler,
og ut av tinget heilt vert reinsa.
Ingen har våga seg på sponheimvarianten.
Han hoppa høgt, men fall utafor kanten.
08.09.2013.M-m.

6 kommentarer

Siste innlegg