Valkampfeber, eller kva?


Google

Eg kunne ikkje dy meg, så her kjem ei høgst subjektiv attgjeving av nokre av månadens politiske sprel, eller kanskje det var spel…

August 2013.

Høyrt om trettiseks-komma-ni?
Jaglands kabinettspørsmål til oss?
Han laut for talemålet sitt svi
og frå leiarstolen kasta loss.
No har han vore ute med lauskjeften att,
spådd bekmørk raudgrøn valvakenatt.

Høgre har lagt ut eit «saftig» agn.
Meir betaling for å vøla på kroppen.
Skal dette koma skatteletta til gangn,
eller har dei?kje lyst å nå styringstoppen?
Nei, slike utspel kan dei leggja vekk,
elles vil me veljarar gje dei ein smekk.

Jens øver seg som drosjekusk.
Skal dette verta jobben hans etter valet.
I ei næring som er kjend for skattesnusk?
Er responsen for dårleg på valflesksalet?
Nei, Jens vil nok halda i eit anna ratt,
med styring på oljepengar og skatt.

Favorittemnet hans Jens, formueskatten.
Dei raudgrøne sitt store skremslemantra.
Her auser dei over oss iskaldt vatn;
med skattelette vil solidaritetsbåten kantra.
Men dei blågrøne parerer då fort.
Kva med fatigdomen som dei raudgrøne lova bort?

Så har han Jens hengt seg opp i leiarstil.
Han krev meir enn vit for å vera bas.
Det er ikkje nok å vera fanastril,
og pynta seg med skarre-r og anna stas.
Nei, du lyt høyra til inste oslo-klanen
og ha drukke den sterkaste Møller-tranen.

U-hjelpsbudsjettet får stadig meir plass.
No skjøner eg at det har sin grunn.
Minister og pamp vil ha Business-class,
og møta sitt vertskap utkvild og sunn.
Me andre lyt reisa på Monkey-class,
utan champagne og silkemadrass.

Stadig formanast me om alkoholen,
snautt nok kan me våga vin til maten.
Me bør ikkje kjenna rus i «bolen»,
men det gjeld ikkje for matgilda i staten.
Her auser dei på med årgangsvin,
medan me sit som skjemde «fyllesvin».
31.08.2013.M-m.

 

9 kommentarer
    1. Fantastisk skrevet. Utrolig artig å lese disse dikta dine. Skjønner ikke hvordan du klare å få med så mange ulike elementer på samme tid,………og ikke minst, i riktig tid (nå som i “valgflesk-tiden”)

    2. Oldemorbloggen:Takk for god omtale. Det med partitilhøyrigheit er greitt å ha for seg sjølv. Men det er slik at ein finn gode poeng hjå alle partia og då er det berre å “slå til”. God week end.

    3. synsvinkler: Takk. Du vet det er litt artig og utfordrende å vri på de ulike politiske krumspranga, for det er mye rart som kommer fram i disse tider. Er jeg heldig får jeg mer stoff til neste månedsoversikt. God week-end.

    4. fruensvilje: Dei seier at det er ikkje det ein legg i seg mellom jul og nyttår ein legg på seg av, men det ein har i seg mellom nyttår og jul.
      På eit vis er det slik med politikken også. Det er ikkje det som kjem fram i valkampen politikaren skal dømast etter, men det som skjer mellom valkampane.

    5. Du har fanga opp auguststemningane godt. Ministeren i siste verset gjekk tidleg til sengs. Då tok ho sikkert med seg kreditkortet, elles hadde det nok ikkje stoppa på 29.000,-, som vinrekninga enda på. Men er no ei flaske vin pr. mann noko å snakka om?

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg