Eg trudde at november skulle verta ein roleg månad i kvilestilling før juleinnspurten, men her vart nok av saker å ta for seg for ein gamal vriompeis. Kaka tok nok LO-sjefen og Mette Marit, kor fyrstnemnde fekk ein liksomjobb i eit styre med ei årsløn på nærare 200.000 etter det eg har lese. Så laut MM ha med seg sminkøsa si til austen då ho farta rundt der, slå den!!!
Google.
November 2012.
No har visst LO-sjefen for lite løn,
Ein ekstrajobb laut lagast for han.
Ministeren svara straks på hans bøn,
med jobb som styrevaramann.
Om han møter på jobb er ikkje nøye,
men pengar i posen er grueleg løye.
Melding til deg som nyttar NSB,
Rutetidene er no justert opp.
Så før du kveikjer ditt juletre
går toget i langsam galopp.
Ein halv time meir på osloturen,
då kan du forlengja togmiddagsluren.
Attvald er verdas mektigaste mann,
presidenten i USA.
Obama kjempa, tala og vann,
Dei fleste tykte at det var bra.
Fire nye år i verdspolitikken.
no lyt han handla, og dempa retorikken.
No har me hatt dansekonkurranse
med lettkledd dansing, hopp og sprett.
Kjendisane var god til å danse,
men vart no eigentleg døminga rett?
Me fekk til topps dei folket likte best,
og då talde sjarm meir enn dansefest.
No er visst SAS heilt bankerott,
flya er gamle og pengane borte.
Statlege pengepåfyll har dei fått.
Men tapa vart til ei verkande vorte.
No vil me vona dei kjem over kneika,
og pilene framleis mot lufta vil peika.
Har du hugsa å skaffa deg dop,
eller gjeld det berre våre idol.
Dei er visst ureine alle i hop.
Har idrotten vorte eit dopingbol?
Eg vonar dei fleste er ærleg og reine,
og skamkjenner det finnar må meine.
Hurtigruta som langs kysten går
fekk kjeft ei frå ei illsint småbarnsmor.
Etter å ha fløyta i over hundre år,
laut fløyterutinene endrast om bord.
Det må ikkje fløytast når båten legg til kaia
Vonar at skipsflagget framleis får vaia.
Mette Marit er på farten att,
no er ho på tur i den austre verda.
Men trur de ho tek sminkeboksen fatt.
Nei, sminkøsa er med henne på ferda.
Kronprinsen tyt om varsemd og miljø;
medan «kona» fører hoff over land og sjø.
30.11.2012.M-m.
Google