No har Biskop Nordhaug endeleg fått vist si bispale makt ved å nekta ein hundreårig tradisjon ute i distrikta, nemleg ved å nekta prestar å utføra begravelsessermoniar rundt i bedehusa. Bedehusa er vigsla og burde då vera fullverdige gudshus, men det gjeld kanskje å visa at ein er ein dugande og mektig leiar. Så får det vera som det kan med etikken og kjenslene til folket han er sett til å vera åndeleg leiar for.
Han er redd for at desse lausslepte gravferdssermoniane skal gå ut over verdigheita. For meg står dette berre som maktmisbruk i Herrens namn. Han burde vel heller då sjå litt på brurevigslene som i dag går føre seg på alle tenkjelege og utenkjelege stader. T.d. i polhavet , på fjelltoppar og andre eksotiske stader.
For meg er slike beslutningar berre eigna til endå større forakt for den gudstrua mange prelatar står for, og det gjer meg sterkt tvilande til å la eigen avskilssermoni få gå føre seg i kyrkja.
Eg vil vona at Bispen snur, ellers vil eg bruka ei omskriving av eit kjend bibelord.
"Fader forlat han, Han veit ikkje kva han gjer!"

Bispevisitvas.
No bryggjer det opp til strid her vest.
Ein bisp vil syna sitt store mynde.
Rettar guds harme mot lekmann og prest.
Gud nåde den som mot harmen vil synde.
Og saka hans er grei og banal.
Ei gravferd skal haldast på kyrkjeleg grunn,
og ikkje i ein skarve bedehussal.
Der får ein inga heilag og verdig stund.
Men bedehuset er ein vigsla stad.
Ein gamal bygdeleg institusjon,
kor bygdefolk samlast, song og bad,
og fann sin åndelege restitusjon.
Nei, her må bispen ta til vetet,
og spara på si kyrkjelege makt.
Han må trekkja dette bispale dekretet
som berre gjev kyrkjeleg harme og forakt.
24.04.2012.M-m.