…når gubbeskrotten ikkje likar utekulda og godstolen er tilgjengeleg, og dagbladkryssordet som vanleg er ei stor utfordring manglar berre ein ting. nemleg ein god kopp med kaffi.
Det vil seia, den manglar slett ikkje, for det er ikkje endskap på kva kaffidelikatessar ein kan laga til heime på eige kjøkken no. Den gamle kokekjelen har for lenge sidan anten vorte kasta, eller så nyter den pensjonisttilværet på ei eller anna hylle.
No er det berre å koma seg i butikken og skaffa seg ei maskin og nokre kaffikapslar, og vips – så lagar du deg på to minuttar eksotiske kaffislag med smak frå heile verda. Som de ser er den “gamle” Mokkamasteren enno klar for innsats, og i dagleg bruk.
…men i dag vart det ein ekspresso for å reinska opp i hjernebarken og klargjera hovudet for Dagbladet sin laurdagskryssord. Det kan trengjast for her er eit eksempel på utfordringa i denne kryssorden.
Løysingsord.: Konditori.
Løysing.: Sjokolademousseserveringssted.
Jaja, det er godt ein er pensjonist med god tid, og tilgang på sterk kaffi når ein står framfor slike ortografiske utfordringar.
Dette fortonar seg visst som eit reklameinnlegg for kaffi og kaffimaskiner, men i så fall gjev det lite salt i grauten til skribenten.
Ha ein god kaffidag…
Avslørande…
Google
Kan det verta meir avslørande?
No viser pilene raudt på luftureiningsmålarane i Bergen og bilistane er beordra til datokøyring, det vil seia like datoar og like bilnr kan få køyra inn til sentrum. I går kom det 4000 færre bilar inn til byen.
Men så er det slik at her ligg 8 ? 10 forsyningsbåtar (supplyskip) som kvart av dei spyr ut like mykje som dei 4000 bilane, men desse båtane får liggje.
Kvifor? Jau pengane og botnlina til havnevesenet rår sjølv om heimelen for å bortvisa desse båtane står temmeleg klårt i regelverket.
Her trumfar tydelegvis hamneavgifta reinare luft i byen vår.
Få fingen ut og få desse båtane bort frå havnebassenget, det treng bylufta!
Google…Ikke bra det her…
Gubbens årskavalkade 2015…
Først GODT NYTT ÅR til alle mine digitale kontaktar.
Slik eg har gjort tidlegare år har eg også denne gongen prøvd å trekkja ut eit vers frå kvar av månadssamandraga mine. For deg vil kanskje samandraget stå som litt tilfeldig samansett, og det er det også. Du saknar sikkert kommentarar over mange viktige saker medan det mindre viktige er med. Vonar at nokre av versa kan vekkja litt refleksjon…Dersom du lurer på bakgrunnen for innhaldet i enkelte vers får du kommentera det så skal eg, etter beste evne, prøva å svare.
Året 2015.
Januar.
Så startar gubben det nye året
som vanleg med blanke ark.
medan Siv og Erna riv seg i håret
og prøver å parera politiske spark.
Dei messar om skyene i horisonten,
åtvarar om den økonomiske uversfronten.
Februar.
Blomhoff var ein annsam mann.
Høgvyrd prest og samfunnsstøtte.
Kongens sølv vart tildelt han,
men kva var det då han møtte ?
Jau, sin eigen ustyrlige ereksjon
og lauslivnad for million på million.
Mars.
Å saksøkja staten er ei fåfengd øving
det fekk nordfjordbønder smerteleg erfare.
Etter årelang, traurig og rettsleg prøving
vart sigeren deira ei forderveleg vare.
For kva svarde staten då saka var tapt?
Jau, ei forskrift endra bondens siger til slakt.
April.
Den danske dronninga har feira dag,
men kvar vart det av gemalen?
Han var?kje å finna i det royale lag,
angjeveleg i senga , krimsjuk og valen.
Nei, han boikotta visst heile festen,
i Venezia fann nokon den villfarne gjesten.
Mai.
Ari er stadig dedikert til kunsten,
denne gongen er emnet pikk.
Er han plaga av 40 ? års brunsten
eller strekkjer han royal sed og skikk?
Er «kunsten» hans klarert av kongen,
og kjem det no nytt vers på kongesongen?
Juni.
Klagar du på veret er du mindre begåva.
Det fortel ein professor ved NTNU.
Men eg lurer på om han ikkje har snåva
I si eiga intellektuelle overtru.
Du må ikkje ta til deg alt du høyrer og les.
Det er lov å deppa om det høljer og bles.
Juli.
Kyrkje og homofili er visst ingen spøk.
Der kranglar dei om den heilage skrifta.
Verre enn å løysa ein broten brøk
er den mangslungne mennskedrifta.
Kyrkjeleg vigsel går slett ikkje an,
for kvinne med kvinne, og mann med mann.
August.
Ja, så rører bjørnen på seg att.
Putin er ute på skattejakt.
Han er ingen malande pusekatt,
og mantraet er stadig meir makt.
No er det nordpolen som freistar bamsen
og klørne ligg klar i bjørnehamsen.
September.
Så er kommunevalet endeleg omme
og Jonas smiler frå øyre til øyre.
Sigeren hans, den måtte komme,
dei blå-blåe var ordentleg ute å køyre.
Dei har rota til politikken
utan å ensa den sterke kritikken.
Krangel, rot og sundagsopen butikk
kosta stemmer i tusental.
Lite lytta dei til folket sin kritikk
og freidig gjekk dei til årets val.
Som kjend står hovmod oftast for fall,
og tom vart han då, deira valsigerspall.
Oktober.
Våre nye landsmenn feirer ID,
og Grieghallen skal festen føra.
Sjølvsagt ikkje utan strid
for kvinnene må inn sidedøra.
Og Noreg let festen koma i gang
med diskriminering i Allahs namn,
November.
Inn strøymer flyktningar og asylantar
som søkjer oss frå mange kantar.
Dei fleste kjem frå Syria og Afghanistan.
Me lyt mest husa fleir enn det går an.
Men, kva politisk styring er oss no til del.
Jau, kjeppheststrid og politisk spel.
Desember.
Så har Erna rydda i løveflokken
Fleire statsrådar har bytta plass.
Og Sandberg har lagt hovudet på «blokken»
i Ernas innfløkte regjeringspalass.
Hareiden ber Sandberg passa kjeften no
om ikkje regjeringsstøtta skal ramla i do.
31.12.2015.M-m.
Desemberoversikt…
Google
Desember 2015.
Ja, så er jula rett rundt nova,
forresten starta ho tidleg i haust,
med peparkaker tidleg i ståva,
og «Black Friday» reklamerte raust.
Folk var ville, dei krangla og slest,
gløymde at gåvene var til ein fredeleg julefest.
For kjøpefesten er ikkje slutt med det
no er ribbe, risgraut og surkål på sal.
Spring og kjøp så du kan få fred,
la prisen og Rema avgjera ditt val!
Men gløymde du krybba og vesleguten,
i kav etter alt du ikkje kunne vera «foruten».
Men eg er enno ikkje ferdig med jula.
Har du lov å gå rundt skulen sitt juletre
og syngja at englane dala ned i skjula?
Har mor eller far skrive under på det?
Eg undres, må nissen no syna autorisasjon
før han pakkar sekken og går til aksjon.
No gløymde eg nesten peparkaka.
I år er det jagarflykaker som er «in».
Forsvaret har lenge streva og baka,
for å visa oss den nye flydoningen sin.
Ministeren likte ikkje einkronesbastarden.
Ho gav dei kampfly til over milliarden.
Eg lyt også ein tur innom Jarlsbergosten,
ein smakfull og etterspurd ostedelikatesse.
Han er velsmurd med subsidiekosten
på billegsal til utalandsk adresse.
Men no vil staten ta subsidiene bort
Korleis går det då med vår osteeksport?
I Paris har dei krangla om klimamål
og sanneleg vart dei samde til slutt.
Smilande tok dei ein einskapsskål,
og verda treng sårt store utsleppskutt.
no gjeld det å fylgja avtalen opp
å unngå at semja vert ein klimaflopp.
Så har Erna rydda i løveflokken
Fleire statsrådar har bytta plass.
Og Sandberg har lagt hovudet på «blokken»
i Ernas innfløkte regjeringspalass.
Hareiden ber Sandberg passa kjeften no
om ikkje regjeringsstøtta skal ramla i do.
No skal ho temjast, lauskanona på dekk.
Sandberg skal styrast av not og trål.
Vert fargeklatten frå Frp borte vekk,
eller vert det framleis mykje skrik og skrål.
Eg tippar at Sandberg finn si eigen vei,
mellom rebelske lakselus, torsk og sei.
Så er året og jula snart omme.
Stormen ulte, og regnet kom som ein foss.
Eg undres, kva vil no komme,
kva har vergudane no tiltenkt oss.
Ettersom me fekk regnrekord dette året,
kva no med litt sol som plaster på såret.
31.12.2015.M-m.
Google
Er det noko å lura på då?
Google
Ein heimelaga krangel?
Har du vore i butikken, på superen??Har du sett det?… Har du kjøpt det?..,
Eg tenkjer sjølvsagt på det heimelaga syltetøyet som er tilverka i dei store fabrikkane til Orkla.
Syltetøyet er godt det, det skal dei ha, men han Rimi-Hagen må ha eit stort kjøkken når han kan ta på seg å halda titusenvis av jordberhungrige nordmenn med heimelaga syltetøy.
Mattilsynet som lurer på så mykje, har no teke til å lura på kor heimelaga syltetøyet til Hagen er. Er det noko å lura på då?
Det er berre å ta seg ein tur opp i Holmekollåsen og forsikra seg om at Hagen og butlaren hans står og sveittar ved jordbærpannene.
Kanskje dei allerede har vore oppom ein tur og funne produksjonen i full gong, for dei tillet fyrst at Hagen skulle få kalla syltetøyet sitt heimelaga. Men så brått trekte dei løyvet attende. Dei hadde gjerne vore innom feil kjøkken på synfaringa si. Nei, det er ikkje enkelt å finna fram der oppe i åsen.
No er visst mattilsynet inne i ei vurdering om dette syltetøyet til Hagen er heimelaga eller ikkje. Men hallo, kan dette vera så vanskeleg då?. Dersom Hagen har produsert syltetøyet på kjøkenet sitt så er det heimelaga, er det produsert i ein fabrikkhall er det masseprodusert?
Er det nokon som har tungt for det???
Eg får kaste meg…
…på trenden og vise morgonhimmelen over Bergen ved 9-tida i dag.
Skal med tru det gamle ordet.: “Rød morgen, stormfull aften” så er det berre å fortøya kjerring og ungar og venta på stormen.
Storm eller ikkje, vakkert i alle fall.
Så må de ha ein ny fin r4omjulsdag…
E N D E L I G ! ! !
…fikk vi slått alle nedbørsrekorder som media, meteorologer og store deler av befolkningen har ventet på i hele desember.
Ikke før rekorden var et faktum våknet vi til en lys og klar morgen. Ikke en sky, ikke en regndråpe og ikke et vindpust. Ja, ikke å forglemme, vi ser heller ikke forurensingsskyen inne over byen.
Nå håper jeg bare at media kan konsentrere seg om, og lete fram godversrekorder vårherre kan strekke seg etter på nyåret…Hva med en regnfri og skyfri januar. Det hadde vært noe…
Men, som han sa mannen da han tok på seg to undikker, en den rette veien og en bak fram, “Det er best å være trygg”.
Gubben er derfor utstyrt med både turtøy og lesestoff.
Ha en fortsatt god romjul…
Så ble det jul…
Julen inntrer i huset vårt sammen med det pyntede juletreet. Tidligere var det som regel julaften formiddag, men den moderne tiden med tidligere pynting av treet har også kommet til oss, nemlig på lille julaften.
Pynteprosessen starter med at treet settes på fot, vatres og lysene settes på plass.
…og oppe i toppen den blanke stjerne.
Amanda er ansvarlig for pynteprosessen…og
…vår amerikakule kommer også på plass selv om bildet ikke viser hovedfiguren for julen, men fremføring av noen vakre julesanger har han ansvaret for.
…og resultatet blir tilslutt slik. Da er årets julefeiring igang.
Amanda kan puste ut og nyte resultatet…
Jeg vil med dette ønske alle facebook – og – bloggkontakter en god og fredelig jul!
Så er den heldigvis over…
…årets STORE bulkedag. Kom du deg unna uten en skramme, eller ble du som meg rammet av sild-i-tønne-trengselen ved kjøpesenteret, og hørte du da en ekkel skrapelyd på veien ut fra parkeringsplassen. Men hysj, min kone vet det ikke ennå – vi holder det for oss selv til over jul…
Dette er Google sin bil, ikke vår, men iht tidligere erfaringer skal det være endel biler som ser slik, eller verre ut i dag. Hvorfor denne dagen er årets verste for mange bilister strides de lærde om.
Min uerbødige teori er at vi etter å ha stresset og kavd med juleforberedelser i flere måneder nå kommer på det vi har glemt og tar som alle andre i samme situasjonen bilen ned til nærmeste handlesenter og treffer da på veien eller på parkeringsplassen vår gode nabo, eller en eller annen idiot som ikke tar hensyn til at vi nå har dårlig tid på oss til å få jula i boks…
Google
Jaja, men la oss glede oss over at denne dumme dagen også har en lysere side, i alle fall på litt sikt. For i dag snur altså sola, så “nu skal alt gå så meget bedre” som Willoch i sin tid sa. Dagene blir langsomt lengre og lysere, og forhåpentligvis blir avstanden mellom meteorologenes OBS-varsel også lengre. Det går smått i senn mot den årstiden gubben har sansen for – sommeren.
Men først skal julen og nyttåret feires, og jeg vil benytte anledningen å ønske alle mine følgere en riktig god jul.!
Nostalgidagen…
Her er det berre å erkjenna. Gubben har falle attende til gamletida. Ikkje det at ho var så spanande, ho var det også for oss, men ho var svært annleis. I stormen og uværet no om vinteren kan det vel vera nokon som ynskjer seg litt is på vatna eller snø i kjelkebakken….
Forresten, i dag er det vel berre å hiva seg på eit fly til ein vinterresort i Sør-europa og nyta livet med snøbrett og “Glühwein”. God tur…
Google
Kor vart det av?
Kor vart snøkavene av
og sure vadlesletto i lufta
og store snøfodna
som låg attom løetufta?
Kor er gamlekrøbbo ?
Er kjelken også borte ?
Er alt som er att av vinteren
at dagane framleis vert korte?
Kor er skeisene,
dei med krøllen i snuten?
I kjellaren rustar dei no.
Ventar på isen og guten.
Kor er skiene,
laga av tunnestavar.
Du set utføre, men
ligg fort i bakken og kavar.
Kor vart det av isen,
kor vart det av snøen,
..og dei store isflaka
me sigla på sjøen?
Kor vart det av treskona
og våre karslege kloggar.
No sit me i designarsko
framfor PC-en og bloggar.
Kor er alle me møtte der ute,
kor er livet me opplevde før?
Dei fleste sit vel å kikkar på verda
framfor skjermen, bak si eiga dør.
21.12.2014.M-m.




















