Google
Ein heimelaga krangel?
Har du vore i butikken, på superen??Har du sett det?… Har du kjøpt det?..,
Eg tenkjer sjølvsagt på det heimelaga syltetøyet som er tilverka i dei store fabrikkane til Orkla.
Syltetøyet er godt det, det skal dei ha, men han Rimi-Hagen må ha eit stort kjøkken når han kan ta på seg å halda titusenvis av jordberhungrige nordmenn med heimelaga syltetøy.
Mattilsynet som lurer på så mykje, har no teke til å lura på kor heimelaga syltetøyet til Hagen er. Er det noko å lura på då?
Det er berre å ta seg ein tur opp i Holmekollåsen og forsikra seg om at Hagen og butlaren hans står og sveittar ved jordbærpannene.
Kanskje dei allerede har vore oppom ein tur og funne produksjonen i full gong, for dei tillet fyrst at Hagen skulle få kalla syltetøyet sitt heimelaga. Men så brått trekte dei løyvet attende. Dei hadde gjerne vore innom feil kjøkken på synfaringa si. Nei, det er ikkje enkelt å finna fram der oppe i åsen.
No er visst mattilsynet inne i ei vurdering om dette syltetøyet til Hagen er heimelaga eller ikkje. Men hallo, kan dette vera så vanskeleg då?. Dersom Hagen har produsert syltetøyet på kjøkenet sitt så er det heimelaga, er det produsert i ein fabrikkhall er det masseprodusert?
Er det nokon som har tungt for det???
No lo eg, syns eg ser Hagen og butlaren stå over syltetøypannene.
Oldemorbloggen:Haha, eg fekk ikkje med meg at dei sikkert må ha plukka jordbæra også…der oppe i åsen.
Jeg lo også …… ved tanken på Hagen og butleren…. 😉 Ikke så VELDIG “Heimelaga” syltetøy tror jeg!!!!:)
karidansen: Nei, heimelaga er det nok ikke, men det er ganske bra på smak…etter min smak da…
du har et poeng her ja,matilsynet må vel bare ha noe å gjøre på ,eller ?
Ja, syltetøy skrives det om, men hva med surkålen. Den driver de og roter med hjemme oppi Holmenkollen fremdeles. Forstår ikke at naboene ikke klager.
Men det er vel ikke surkål som opptar vestlendingene mest i dag. Får håpe dere får en rolig og grei nyttårsaften.
Pedro: Nei, i dag vil me helst tre surkålposen ned over øyrene slik at korkje høyrer eller ser stormen ute…Han har vore hard denne gongen…
Ha ei triveleg nyttårsafta i det Pedroianske huset…
fruensvilje: Ja, det mattilsynet roter med mye rart…Jeg tør nesten ikke si mer…