På dei kaldaste vinterdagane…

…når gubbeskrotten ikkje likar utekulda og godstolen er tilgjengeleg, og dagbladkryssordet som vanleg er ei stor utfordring manglar berre ein ting. nemleg ein god kopp med kaffi.
Det vil seia, den manglar slett ikkje, for det er ikkje endskap på kva kaffidelikatessar ein kan laga til heime på eige kjøkken no. Den gamle kokekjelen har for lenge sidan anten vorte kasta, eller så nyter den pensjonisttilværet på ei eller anna hylle.

No er det berre å koma seg i butikken og skaffa seg ei maskin og nokre kaffikapslar, og vips – så lagar du deg på to minuttar eksotiske kaffislag med smak frå heile verda. Som de ser er den “gamle” Mokkamasteren enno klar for innsats, og i dagleg bruk.

…men i dag vart det ein ekspresso for å reinska opp i hjernebarken og klargjera hovudet for Dagbladet sin laurdagskryssord. Det kan trengjast for her er eit eksempel på utfordringa i denne kryssorden.
Løysingsord.: Konditori.
Løysing.: Sjokolademousseserveringssted.
Jaja, det er godt ein er pensjonist med god tid, og tilgang på sterk kaffi når ein står framfor slike ortografiske utfordringar.
Dette fortonar seg visst som eit reklameinnlegg for kaffi og kaffimaskiner, men i så fall gjev det lite salt i grauten til skribenten.
Ha ein god kaffidag…

10 kommentarer
    1. Det er som om eg ser vårt kjøken, Moccamasteren og den nymotens kaffimaskinen, står side om side. Ma’en løyser kryssord og Dagbladet hentar me gratis på ARK, så løysinga skal eg jammen imponere han med når han vaknar. No ligg han utsleten på sofaen og søv av seg all ropiniga og heiinga etter jentene sin innsats i Tour de ski. Han formeleg stod i stolen og heia fram Therese då ho fòr over målstreken med det norske flagget høgt heva, før ho slengde seg i bakken.

    2. Oldemorbloggen: Ja, ho Therese var umenneskjeleg god i den bakken…Eg las ein stad at ho gjekk mest like fort opp som Northugen…Iron-lady!
      God kaffi må me ha…God kveld.

    3. nymotens kaffimaskin har vi ikke ,svigermor derimot har fått i gave og nyter alskens kaffeslag )) tror ikke vi kommer til å kjøpe en slik selv,men en god kopp vanlig kaffe er no godt da

    4. Hmmmm….. Jeg kaster ikke den gamle trofaste Moccamasteren……. Disse nymotens maskinene med kapsler gir oss mer fettstoffer i blodårene enn blodårene har godt av! En og annen kopp er ok, men ikke for mange….. Sorry!!!!

    5. fruensvilje: Joda, den vanlige kaffien er hel fin den. Men så har den gamle frankofile gubben ikke glemt den gode ekspressoen han drakk under studieåret i Frankrike, og da ble anskaffelse av en slik maskin en løsning…

    6. Hæ?? Tuller du?? Sjokolademousserveringssted?? Trodde ikke det var et “Lovlig ord” Jeg har sånn moccamaster som du har. Kunne godt ha tenkt meg en sånn espresso-maskin, men her er det så mye kalk i vannet at alt har lett for å tette seg etter noen år. Håper det er mindre kalk i vannet dit jeg flytter etter hvert! 😉

    7. karidansen: Nei, dagbladkryssordet er meget spesielt. Det er nok mange løsningsord der som man ikke finner i ordboken, men det å konstruere disse “ordene” er litt av utfordringen i Dagbladets kryssordoppgave. Jeg må medgi at det er ikke ofte jeg løser hele oppgaven.
      Ang kaffimaskinen fins det avkalkingsstoff man kan kjøre gjennom ved behov…

    8. «God» kaffi drikk eg helst i Paris eller Roma, og då blir det heller sjeldan. Moccamasteren får duge, men eg likar å blande svensk og norsk kaffi, det gjev ofte gode opplevingar. Når det gjeld kryssord så likar eg helst typen 3.14=PI og Slagsted=RE. Men eg vann 10 skrapelodd for ei tid sidan. Då var spenninga i heimen høg, heilt til skrapinga var gjort. Ha ei fin veke i vest!

    9. Pedro: Ja, det var nok minna om ekspressoen og croissanten frå paristida som var med på å inspirera til innkjøp av kaffimaskina. Det fungerer fint heime på kjøkkenet også.
      Elles må eg medgje at dagbladkryssordet sjeldan vert løyst heilt, men desse litt snåle ordkonstruksjonane er artige å jobba med.
      Ha ein fin kveld…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg