Desemberoversikt…

 
Google

Desember 2015.

Ja, så er jula rett rundt nova,
forresten starta ho tidleg i haust,
med peparkaker tidleg i ståva,
og «Black Friday» reklamerte raust.
Folk var ville, dei krangla og slest,
gløymde at gåvene var til ein fredeleg julefest.

For kjøpefesten er ikkje slutt med det
no er ribbe, risgraut og surkål på sal.
Spring og kjøp så du kan få fred,
la prisen og Rema avgjera ditt val!
Men gløymde du krybba og vesleguten,
i kav etter alt du ikkje kunne vera «foruten».

Men eg er enno ikkje ferdig med jula.
Har du lov å gå rundt skulen sitt juletre
og syngja at englane dala ned i skjula?
Har mor eller far skrive under på det?
Eg undres, må nissen no syna autorisasjon
før han pakkar sekken og går til aksjon.

No gløymde eg nesten peparkaka.
I år er det jagarflykaker som er «in».
Forsvaret har lenge streva og baka,
for å visa oss den nye flydoningen sin.
Ministeren likte ikkje einkronesbastarden.
Ho gav dei kampfly til over milliarden.

Eg lyt også ein tur innom Jarlsbergosten,
ein smakfull og etterspurd ostedelikatesse.
Han er velsmurd med subsidiekosten
på billegsal til utalandsk adresse.
Men no vil staten ta subsidiene bort
Korleis går det då med vår osteeksport?

I Paris har dei krangla om klimamål
og sanneleg vart dei samde til slutt.
Smilande tok dei ein einskapsskål,
og verda treng sårt store utsleppskutt.
no gjeld det å fylgja avtalen opp
å unngå at semja vert ein klimaflopp.

Så har Erna rydda i løveflokken
Fleire statsrådar har bytta plass.
Og Sandberg har lagt hovudet på «blokken»
i Ernas innfløkte regjeringspalass.
Hareiden ber Sandberg passa kjeften no
om ikkje regjeringsstøtta skal ramla i do.

No skal ho temjast, lauskanona på dekk.
Sandberg skal styrast av not og trål.
Vert fargeklatten frå Frp borte vekk,
eller vert det framleis mykje skrik og skrål.
Eg tippar at Sandberg finn si eigen vei,
mellom rebelske lakselus, torsk og sei.

Så er året og jula snart omme.
Stormen ulte, og regnet kom som ein foss.
Eg undres, kva vil no komme,
kva har vergudane no tiltenkt oss.
Ettersom me fekk regnrekord dette året,
kva no med litt sol som plaster på såret.
31.12.2015.M-m.

Google

6 kommentarer
    1. desember hr vært innholdsrik seg eg ,politikken gir ikke eg meg ut på,men bønn om sol i 2016 det legger eg gjerne fram for dei som regjerer over den biten ))godt nytt år

    2. Godt og velforma som vanleg. Du let deg ikkje stoppe av korkje kuling eller storm.
      Når det gjeld Sandberg så får han eit greit departement å styre. Sjømat i alle variantar går så det susar. Men no såg eg at ein av fiskarane sine talsmenn krev omlegging av subsidiar frå landbruk til fisk. Forstå det den som kan. I eit kjempeår med millioninntekter krev fiskarane subsidiar. Mykje vil ha meir!
      Godt år 2016!

    3. fruensvilje: Mye av politikken går ganske greitt, men av og til av og til kommer det utspill som krever kommentar fra en edru person.
      Og været, ja det kan vi i fellesskap ønske mindre av neste år, i alle fall den dårlige delen…,

    4. Pedro: Takk…
      Når fiskeria går bra så lovar det godt for mine månadskommentarar neste år, for då får Sandbergen god tid å koma med sine “konstruktive” framlegg og kommentarar.
      Det kan verta eit fornøyeleg år…
      Godt nytt år!

    5. Her var det en fin oppsummering av nyheter og julebakst i lett blanding :)) Alle gode ønsker til deg for 2016 …sender en klem også :))

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg