Aprilhymne 2019.

Google

Den politiske delen av april var partilandsmøter, litt reiseregningsfusk. Så fekk me det årlege flystreiksirkuset. Dette året var det SAS sin tur.
Men for gubben vart brannkatastrofen i Notre Dame i Paris eit trist høgdepunkt. Etter å ha køyrt frammom denne majestetiske kyrkja neste dagleg over eit halvt år kjendes ei slags sorg når detten hende.
Etter all elenda var det godt å oppleva ein eksellent tidlegvår, som fortenter eit eige kapittel i aprilhymnet.

500. Aprilhymne 2019.
Skal du ut på tur, ver aldri sur,
kven kan betala hytteturen din.
Er du folkevald eller noko  i den dur,
lat skattebetalarane svi på pungen sin.
Ei reise frå eller til, kva gjer no det
berre di eiga lommebok får fred.

Jonas har hatt møte med flokken sin,
der la dei planar om å jaga ho Erna.
Dei prøver å setja lokkematen inn,
men greier dei dama å fjerna?
Ikkje så greitt når flokken kranglar.
Er det ei leiarstjerne dei manglar?

Å sjå Notre Dame i eit flammehav
var eit utruleg og sørgjeleg «skue».
Ein kristen verdsarv fall mest i grav,
Kan tenkte ho då, Vår Frue?
Anten ein er truande eller ateist
var dette gripande og useieleg trist.

Så er vårens syrgjesong igong,
for lite fritid og for lita løn.
Det er SAS-pilotane sin song,
for passasjerane er det inga bøn.
Millionløner må det nok til
om du skal verta kuska der du vil.

Ei draumepåske er no slutt,
sol og finvær i bøtter og spann.
Helga fortente ein godverssalutt,
eg tenkte snautt at det kunne gå an.
Anten me var på sjø eller fjell
kom me solbrune heim, annandags kveld.
10.04.2019. M-m.

Marshymne 2019.

No slit eg litt med tilgang til bloggen, men voner at dette rekk ut i den digitale verda.


Google.. Jeg måtte bare ha med denne.

Me har hatt ski.VM, privatskulepolitikk, Lambda, Trump og ikkje minst eit meiningslaust (mi meining) namnebyta av NSB. Så var kystvakta ute og øvde på “mann over bord” på Puddefjorden. Godt at det var berre ei dukke dei øvde på. For den vart borte og laut etterlysast i kringkastinga. Det er ikkje berre fregattar dei greier å missa der.

Vel, det laut eit lite hymne til denne månaden også.:

Marshymne 2019.

Ski-VM-atletane tok tretten gull
og jubelen vil ingen ende ta.
Norske atletar fer ikkje med treningstuøø.
Det er gull og ære dei vil ha.
“Isklar” var sjølvsagt med på festen,
men er det ikkje berre kaldvatn forresen?

Raudt skal ha alle privatskular stengt,
og AP vil ha privatomsorga bort.
Bannlyst er alt profittbehengt,
då skuslar dei gjerne 400 milli8onar bort.
Det neste for tur er vel barnehagen.
Bort med denne privatiseringsplagen.

Så lyt me nyta statsrådsdansen.
Kven er vår justisminister i dag?
Er det Lauritsen eller Hansen,
eller lyt Erna komponera nytt lag?
Medan ho Siv sit og slit seg i håret,
med sjette Frp-ministeren på femte året.

Lambda, Munch’s nye museumsbygg
har vorte til offentleg spott og spe.
Ein fasade som er mørk og stygg,
men arkitekten lova då ikkje det.
Munch ville vel måla nye skrik
om han hadde sett merkjebygget sitt slik
.

Til lukke med namnebytet NSB,
her har de treft midt i blinken.
Kven i alle dagar fann på det,
var heile styret for hard på drinken?
Kva i alle dagar skal VY bety,
det er så dumt at eg kunne spy!

Sjøforsvaret øvde på “mann over bord”,
men den skipbrotne vart aldri funnen.
Dei leita rundt på byens fjord,
men forsøkskanina var forsvunnen.
Denne gongen var det sanneleg ei lukke
at den forulukka var ei dukke.

No er visst Trumpen ved sitt store mål,
ei grensesperre mot Mexico.
Ein monstermur i betong og stål
vil forhindra godt granneskap å gro.
Er ein ikkje ferdig med slikt tulleball
etter den for4hatte Berlinmurens fall?
31.03.2019.M-m.

 

Gale va’ da verre og før e’ da no, eller ??


Google

Eg veit ikkje om de har høyrt om det, men seinhaustes forliste Sjøforsvaret ein av sine fregattar. Det var i svartestilla ei mørk natt at dei ikkje var klår over kvar dei var, og at ljosa dei styrde mot var ein stor tankbåt, ikkje land slik dei trudde. Og rett på land, orsak tankbåten, bar det. Nokre timar seinare var sjøforsvaret eit krigsfartøy til 5 mrd kroner fattigare, og etter 500 mill i bergingsinnsats ligg fregatten framleis der den stranda.
Nå lurer visst både sjøforsvar, politikarar, kommisjonar og folk flest på kva som hende på fregattbroen den fatale natta, sikkert med god grunn.
Så då er det kome framlegg om å rekonstruere hendinga som førde til forliset. Men då lyt eg spørja. Har sjøforsvaret verkjeleg fleire fregattar å tapa.
Forresten vil eg foreslå at dei legg ein evt rekonstuksjon til dagsljos og svartestille slik at aktørane i det minste veit kvar dei er,kvar dei fer, og kva som møter dei. Me har ikkje råd til å forlisa enno ein fregatt.
Då får me kan hende Trumpen på oss med klagar og trugsmål over at me ikkje fyller våre forpliktelsar i NATO.

Morgenen smiler..

…og det kan saktens gubben også gjøre når morgensolen løfter seg opp bar Ulriken, et av byens syv stolte fjell.

Dagen starter med kaffikoppen, en brødskive og avisa, alt dette er “morgenmust” for gubben.
En sak som fenger i dag er omtalen av stortingsmannen som på truende texasmaner viftet med våpen foran en “relatert” person. Den samme stortingsrepresentanten har allerede en stor svindelsak hengende over seg…
Gubben tenker da, hvordan i alle dager kan det gå til at partiene og velgerne sender slike folk inn i våre høyeste tillitsverv. Riktignok er omkvedet at vår nasjonalforsamling skal representere hele folket, men det får da være måte på.
Dessverre er ikke denne personen den eneste med lange fingre og stort temperament som representerer våre folkevalgte. Det siste året har enkelte representanters fingre vært både her og der, og mange har ramla ned fra pidestallene sine.
Det synes gubben er helt på sin plass, og han har stor sympati for enkelte røster som nå stiller spørsmål om hva det gjør med tilliten til vår høyeste forsamling at det er nærmest umulig å frata representanten stortingsplassen. Det er sikkert flere synspunkt på dette, men å kategorisk si nei til å sette saken på dagsorden synes jeg er meningsløst. Det er for lettvint å si at de er våre valgte tillitsmenn og kan derfor ikke kastes. Men enkelte har på eklatant måte misbrukt tilliten, og har man ikke tillit lenger er det bare en vei, etter min mening.
Vi må tåle en diskusjon om saken, for saker som de vi har vært vitne til sist år er ikke med å fremme tilliten til politkk og politikere. 
Tilbake til morgenkaffien og bildet over innlegget. Selvsagt er ikke himmelen alltid solfylt og blå. Noen skyer kommer ofte, og av og til er det helt overskyet. Men er himmelen beksvart er det best å trekke i hus. 

Dette bildet av Bergen indre havn har min venn Pedro sammenstilt av to bilder jeg presenterte på bloggen for noen dager siden..Godt å ha redigeringsekspertise i bakhånd.
Takk skal du ha Pedro.

Januarhymne 2019…

Eg som trudde at januar ville verta ein lite hendingsrik månad, men der tok gubben skammeleg feil.
Fyrst fekk me eit NM i skiskyting utan nokon av toppane. For lite premiepengar kanskje? Så fekk ein Frp-topp pes for reiserkningane sine. Vidare kan visst statuar krenka folk, og ungar får reglar om kva som kan vera på matpakka. Som om ikkje dette er nok har Erna fornærma trønderane ved, ikkje å finna plass til ein trønder i den nye regjeringa. Ja, og så lyt visst pappvinen slaktast.
Då har eg korkje funne plass til alt styret med å danna ny regjering. Heller ikkje vart det plass til stakkars Sandbergen som no meiner han må på NAV når han har stelt seg slik at etterløna hans kanskje vert avkorta. Dei vel 600.000 kronene han får i etterløn i februar for statsrådplassen rekk ikkje langt, må vite.


Google.

Januarhymne 2019.

Skiskyting er fengjande og stort,
og NM-tittelen var eit gjevt trofe.
Men har sporten no gjort seg bort
for eliten let den tevlinga få fred?
No er det verdskup og pengar som gjeld
og medaljedryss under olympisk eld.

Går idrotten seg no heilt bort,
vert det for mange konkurransar?
Er ikkje NM-gull lenger stort.
Vert det for mange gullkalvdansar?
Me har fått ein ny underhaldningsindustri.
Og tida, sunn lekam i sunn sjel er forbi.

Vil du ta familien med på tur,
sit pengane i løvehola då laust ?
Påske på Geilo eller noko i den dur
reisereglementet er kanskje  litt raust ?
Skal me ikkje unna ein andsam stortingsmann,
at han møter slekta si når han kan ?

Her trur eg mediaulven var på jakt,
for reisene kombinerte jobb og familieliv.
Var pressa berre ute etter å syna makt
då dei var ute med sin kvassaste kniv.
Var det slik at ulveflokken i Akersgata
ville gjera Frp-aren «persona non grata» ?

Å verta krenka er visst lett som så.
Ulvestatua ved Hunderfossen vart fjerna.
Krenker me rikets veganarar då
om elgstatua ved Elverum vert verna?
Som ulven vert også elgen skoten.
Og ulvevener og veganarar tek då til gråten..

Kjære pode,  kva inneheld matpakka di
Det kan vera forbod mot nøtter og fisk.
Nokon i klassa kan ha allergi
og då tek skulen slett ingen risk.
Me skal ikkje spøka med alvorleg allergi,
men kor risikabel er eigentleg matpakka di ?

Dei vil ha slutt på pappvinfylla
me tåler visst ikkje la pappdunken stå.
Men kva med sukker og snopehylla,
er ho eit betre alternativ då?
Greier me ikkje å føra det sunne livet
lyt flaskefylla bli alternativet.

 Så er kroppshår visst på moten att.
Influensarane våre har gjeve sine råd.
No vert det buskut der det før var glatt.
Ein fleinskalla gubbe veit’kje si arme råd.
Gubben som gjekk hårlaus frå navlen og ned,
kan no la   buskaset få veksa i fred.

Trønderane grev fram stridsøksene sine,
krev fleire trønderar rundt kongens bord.
Men hjelpe og trøyste, dei har då Trine
og ho er ei dame med kraftfulle ord.
Ho greier å spissa tydelege  poeng,
så sjølv  Abid Radja vart skremd i seng.
31.01.2019.M-m.
 

Slalomsesongen er i gong…


Google.
Sidan den politiske galoppen er i gong på begge sider av Nordsjøen og hjå vårt grannefolk kunne ikkje gubben dy seg for å koma med ein kommentar.

Politisk slalom.

Ja, vart det ikkje slik me trudde
Nyåret sette liv i andedammen.
Til politisk kamp dei var førebudde
og kommentatorane fekk opp dampen.

Borte i England rotar dei det til
Europa skal forlatas no i vår.
Men det er slett ikkje alle som vil
og steile mot einannan frontane står.

Dei vil ha alle godene med seg ut,
men også stengja grensene sine.
Dei stongest som den argaste stut
og brexit-prosessen er ei kattepine.

I Sverige kranglar dei og om makta,
her har dei krangla  halve året.
Ytterfløyane er haldne utafor jakta
og maktesløysa slit seg i håret.

Korleis er det så her på berget.
Jau, dei sit og drøser oppe på Hadeland.
Dei er visst ueinig om det aller meste,
eg skjøner ikkje at det kan gå an.

Dei kranglar om innvandring og ruspolitikk
om abort, naturvern og dette og likt.
Nattetimar i ørske og alkoholfri? drikk.
Kan det verta ny regjering av slikt ?

Jau, det vert nok ei løysing for alle i hop
og rom for satirisk politisk kommentar.
Det vert neppe unisone jubelrop
for kaka som kjem frå den deigen dei knar ?
15.01.2019.M-m.
 

Årskavalkade 2018.

Det laut koma eit årssamandrag av månadshymnene i fjor også
At politikarane sine utfordringar etter Mee-Too-saka er med i årssamandraget er ikkje mmer enn rett og rimeleg. Det same gjeld byggjefadesen under Stortinget. 
Når så Elvestuen rigga to ulvar på toppen av brurekaka i bryllupet sitt kunne ikkje det gå upåakta framom, og Hareidens (førebels) mislukka politiske saltomortale skapte røre i løvehola, og resultatet kjenner me ikkje fullt ut enno.
To nasjonale kjendisar, ein flott komponist, og ein ikkje mindre flott politikar fekk sin fortente heider i fjor.
Til sist fekk sjølvaste julenissen påpakning for å stilla vår overfølsame oppvaksande slekt for nærgåande spørsmål. Stakkars oss sarte sjeler, me toler visst ikkje mykje i våre dagar.


Google. 

 Årshymne 2018..

Januar.
Brunstig ungdom er Erna sitt problem,
Jonas slit med griskallproblematikken.
SV og SP er heller ikkje bekvem.
Slik går det lett om ein ikkje styrer p…en.
No får dei rydda i sine brotne rekker,
elles trur eg at all partitillit sprekker,

Februar.
Stortinget byggjer tunell og postkontor,
og det skal visst verta gromme saker.
Det dyraste postkontoret på vår jord,
2,3 milliardar, og løvehola skaker.
Jau, du greidde det, gjevaste Olemic.
Gav ny meining til ordet: Post-i-butikk.

Mars.
Det måtte koma, eg venta det nok,
avmaskulinisering av fedrelandssongen.
Det må ikkje koma som eit sjokk
at det er SV som hyler denne gongen.
Finn dei ikkje betre saker å fremja
enn over grava til Bjørnson å remja?

April.
Høyrt om bompengefesten her vest
kor fossilsvina finansierer sykkelsti og bane?
Det er for mange bilistar lommebokpest
når politikarane opnar deira pengekrane.
Men kor er den sosiale rettferda i dette
når berre sume av oss lyt lommeboka lette?

Mai.
Så er omsider Statoil historie
og opp frå oska stig ein ny aktør.
Olje og gass gjev vel inga glorie
Nei, no skal det eldast frå nye glør.
Equinor ska gje reinare pengar i kassa.
Eg trur at eg gøymer mine i madrassa.

Juni.
Så har me feira Edvard Grieg.
Heile hans livsverk ute til pynt.
Hans A-mollkonsert var mektig og digg
Dovregubbens hall og tonar til Peer Gynt.
Takk til NRK for fantastiske stunder
med norsk musikk som aldri går under.

Juli.
Så har Trumpen vore på Natogjestebod
og sett sine vener ettertrykkjeleg på plass.
Hans «vener» laut for skulerett stå.
Tenkjer han å køyra NATO rett i dass?
«Amerika først» er hans fyndord til fansen.
«Amerika åleine» kan verta enden på dansen.

August.
Ein annan minister har gifta seg no
med ulvar på toppen av bryllaupskaka.
Var det ulvevernet som i hovudet sto
så brureparet på toppen vart forsaka?
Eg spør, var dette eit politisk signal,
eller var det berre eit litt ubetenkt val?

September.
Krf slit visst skikkeleg no om dagen,
Dei er ikkje einige om fargen på drakta.
For dei misliker sterkt partiet til Hagen,
så skal no raudfargen føra dei til makta?
Han Knut Arild har rota seg inn i uføre.
Vel han Erna eller vert det Jonas Gahr Støre.

Oktober
Ein heidersmann fyller nitti år,
ein politisk høvding på høgre sida.
Framleis samfunnsengasjert og klår.
Jau, Willoch fylgjer med i tida.
Takk for innsikt og engasjement.
Min respekt får vera din presang.

November.
No har forsvaret forlist ein fregatt,
fire milliardar vert visst tapet.
Hendinga fann stad i svartaste natt,
men kva hende  der ytst i havgapet?
Me skal ikkje spekulera for mykje om det,
men årsakene lyt fram før folk gjev fred.

Desember.
No fins det visst berre snille born,
ikkje ein einaste rakkarunge.
Så tyren lyt takast ved sitt horn
og nissen lyt passa si skarpaste tunge.
Han må ikkje spørja om ungane er snille,
dei kan få traumer, og det kan gå dei ille.
31.12.2018.M-m.

Godt nytt år!

Google

Desemberhymne…Takk for det gamle…

Kor mange som har tilgang til denne bloggen no som eg delvis er utkasta frå det gode selskap, veit eg ikkje, men til trass for at alle raude lampar lyser prøver eg å få ut eit par innlegg til før eg er tvungen i bloggkne.
Som det går fram av hymnet har det svinga litt i den politiske barnehagen i desember, og stakkars Abid var nok verst ute etter “ørtæva” han fekk frå ho Trine.
Og nissen stakkar, han torer vel snautt opna kjeften etter at dei lærde gjev han skulda for ungane si psykiske helse i kongeriket. Eg fekk ikkje spørsmål om eg har vore snill i år, så eg reknar meg framleis oppegåande i toppetasjen.


Google

Desemberhymne 2018.

«AP er faen ingen søndagsskule»
var meldinga frå Håkon Lie ein gong.
Dette gjeld også dei fromme og gule
no er krigen hjå dei også i gong.
Er søndagsskulelæra gløymt i KrF
etter deira siste landsmøtetreff.

No har ho Trine vore ute med kjeften
og han Abid vart både  lei og sjuk.
Ho skjelte han ut på direkten
langt bortafor politisk skikk og bruk.
Nei, då er det betre, det vil eg meine,
å vera Moxnessen på tinget, heilt åleine.

No fins det visst berre snille born,
ikkje ein einaste rakkarunge.
Så tyren lyt takast ved sitt horn
og nissen lyt passa si skarpaste tunge.
Han må ikkje spørja om ungane er snille,
dei kan få traumer, og det kan gå dei ille.

Syng mindre om ljoset i stille grender
Det kan også gje osloborn traumer.
Tenk på kva signal det sender
der kor stilla er berre draumer.
Er ungane vorte så sarte og veike no
at livsrøyndom gjer at dei  «dett i do»?

Petter Northug har lagt opp
Han legg skiene sine på hylla.
Ein treningssprengd kropp sa stopp
Men kven skal skistøvlene hans fylla?
Ein stor skientertainer skal ha vår takk,
du sigra oftast medan svensken sprakk.

Gubben lyt visst leggja bloggen på hylla,
No vil dei truleg kasta han ut.
han har korkje banna eller vore på fylla,
var visst ikkje lenger ein lønsam gut.
Kast ulønsame gamle gubbar på «dongjen»,
dei gjev ikkje pengar nok i «pongjen».
31.12.2018.M-m.

 

Novemberhymne 2018.

Det vert eit litt begrensa månadsoversyn i november. Gubben får skulda på alder og fråvær frå kongeriket. Utfordringane har likevel stått i kø, både for regjering, KrF og sjøforsvar. Som om ikkje det var nok kom Jonas no på tampen av månaden, i politisk kvarter til å snakka litt romsleg om Erna sitt demokratiske sinnelag, og då såg sjølvsagt revolusjonspartiet raudt raudt.
Me får la dei politiske skodespelarane summa seg litt, så fell nok etterkvart fargenyansane på plass att. Her er i alle høve nokre tankar rundt eit par hendingar denne månaden,


Google

Novemberhymne 2018.

Han Knut Arild vann ikkje fram,
bibelbeltet vart visst hans bane.
Det var for få som skifta fargeham
så no gjeld den lyseblå fane.
Det skal tingast med Trine, Erna og Siv
om eit nytt regjeringsalternativ.

Så er visst budsjettet kome i hamn,
med eit splitta og utarma KrF.
Robstad sit smilande på Ernas fang
medan Frp kjem med iltre bjeff.
Det vart visst for mange kamelar å sluka,
for Tybring Gjedde vil no stengja luka.

No har forsvaret forlist ein fregatt,
fire milliardar vert visst tapet.
Hendinga fann stad i svartaste natt,
men kva hende  der ytst i havgapet?
Me skal ikkje spekulera for mykje om det,
men årsakene lyt fram før folk gjev fred.

Trist er det at båten gjekk ned,
eit av marinens stoltaste kort.
Men me er inderleg glad for det,
at ingen tapte liv, det kunne skjedd fort.
Og tenk om all olja skulle hamna over bord
og forgifta vår kyst frå sør til nord.

November er også tida for  varmen,
den årlege turen til palmeland.
God terapi for den skrantande barmen
med sol og ei lokkande badestrand.
Litt fri frå mediaverda gjer sjela godt,
oss to i varme og sol er framleis flott.
30.11.2018.M-m.

 

Hald kjeft…

…kan vel av og til vera det beste, eller i det minste kan du vel passa på kva du seier og kvar du seier det.
Eg undres om ikkje ho Erna, som eg held som ein god og jordnær statsminister, rodde seg vel langt ut på seigrunnen då ho opna for endringar i abortlova. Antakeleg for å tekkja seg eit KrF som truleg ynskjer bort heile lova. No er det full fyr i “rosenes leir”, og den skjøre våpenkvila som var lagd over lova er no broten. Regjeringsmakt er viktig, tenk over kva du seier, så du ikkje brått seier det du tenkjer.
Var det ikkje betre å fara litt stillare i dørene på vegen inn til denne lova Erna? Eg berre spør.

Så har Paus og Nordhaug (biskopen) rota det til under ein konsert i Bergen Domkyrkje. Pausen har rett og slett banna i kyrkja så det song (for det var det han eigentleg skulle gjera) då han spreidde ædder og galde over politikarar, spesielt frå FrP. Her hagla ord som horekunde, valdsmann og bedragar over politikarane. Nordhaug sat med falda hender og let utgytinga fortsetja. Rett nok gav han ikkje artisten applaus for ordbruken, men han burde ha vorte stogga. Kyrkja og politisk propaganda høyrer ikkje saman.
Kanskje ein annan stad og ein annan anledning Paus.
 


Google.
Ein heilt annan anledning fekk denne gubben som antakeleg berre tadde to tankar i hovudet, øl og kjeften frå kjerringa.
Ha ein verbal dag.