Januarhymne 2019…

Eg som trudde at januar ville verta ein lite hendingsrik månad, men der tok gubben skammeleg feil.
Fyrst fekk me eit NM i skiskyting utan nokon av toppane. For lite premiepengar kanskje? Så fekk ein Frp-topp pes for reiserkningane sine. Vidare kan visst statuar krenka folk, og ungar får reglar om kva som kan vera på matpakka. Som om ikkje dette er nok har Erna fornærma trønderane ved, ikkje å finna plass til ein trønder i den nye regjeringa. Ja, og så lyt visst pappvinen slaktast.
Då har eg korkje funne plass til alt styret med å danna ny regjering. Heller ikkje vart det plass til stakkars Sandbergen som no meiner han må på NAV når han har stelt seg slik at etterløna hans kanskje vert avkorta. Dei vel 600.000 kronene han får i etterløn i februar for statsrådplassen rekk ikkje langt, må vite.


Google.

Januarhymne 2019.

Skiskyting er fengjande og stort,
og NM-tittelen var eit gjevt trofe.
Men har sporten no gjort seg bort
for eliten let den tevlinga få fred?
No er det verdskup og pengar som gjeld
og medaljedryss under olympisk eld.

Går idrotten seg no heilt bort,
vert det for mange konkurransar?
Er ikkje NM-gull lenger stort.
Vert det for mange gullkalvdansar?
Me har fått ein ny underhaldningsindustri.
Og tida, sunn lekam i sunn sjel er forbi.

Vil du ta familien med på tur,
sit pengane i løvehola då laust ?
Påske på Geilo eller noko i den dur
reisereglementet er kanskje  litt raust ?
Skal me ikkje unna ein andsam stortingsmann,
at han møter slekta si når han kan ?

Her trur eg mediaulven var på jakt,
for reisene kombinerte jobb og familieliv.
Var pressa berre ute etter å syna makt
då dei var ute med sin kvassaste kniv.
Var det slik at ulveflokken i Akersgata
ville gjera Frp-aren «persona non grata» ?

Å verta krenka er visst lett som så.
Ulvestatua ved Hunderfossen vart fjerna.
Krenker me rikets veganarar då
om elgstatua ved Elverum vert verna?
Som ulven vert også elgen skoten.
Og ulvevener og veganarar tek då til gråten..

Kjære pode,  kva inneheld matpakka di
Det kan vera forbod mot nøtter og fisk.
Nokon i klassa kan ha allergi
og då tek skulen slett ingen risk.
Me skal ikkje spøka med alvorleg allergi,
men kor risikabel er eigentleg matpakka di ?

Dei vil ha slutt på pappvinfylla
me tåler visst ikkje la pappdunken stå.
Men kva med sukker og snopehylla,
er ho eit betre alternativ då?
Greier me ikkje å føra det sunne livet
lyt flaskefylla bli alternativet.

 Så er kroppshår visst på moten att.
Influensarane våre har gjeve sine råd.
No vert det buskut der det før var glatt.
Ein fleinskalla gubbe veit’kje si arme råd.
Gubben som gjekk hårlaus frå navlen og ned,
kan no la   buskaset få veksa i fred.

Trønderane grev fram stridsøksene sine,
krev fleire trønderar rundt kongens bord.
Men hjelpe og trøyste, dei har då Trine
og ho er ei dame med kraftfulle ord.
Ho greier å spissa tydelege  poeng,
så sjølv  Abid Radja vart skremd i seng.
31.01.2019.M-m.
 

2 kommentarer
    1. Her har du fått med mangt og mye ! Artig vinkling på nyhetsbildet… Inn med kroppshår ? Jeg får la det gro frem mot sommeren nå da..hehe.. Fint å få med seg innlegga dine her på FB , ellers er det litt rotete å følge med etter forandringene på blogg.no 🙂

    2. annebe.blogg.no: Du har rett, det er litt rotete med bloggendringene, men ettersom jeg ikke er overført har jeg mistet de fleste kontaktene. Jaja, penga rår.
      Takk for hyggelig kommentar.
      Apropos hår. Gubben har forhåpninger om at månen forsvinner nå under den nye hårtrenden.
      Ha en fin vinterdag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg