Marshymne 2019.

No slit eg litt med tilgang til bloggen, men voner at dette rekk ut i den digitale verda.


Google.. Jeg måtte bare ha med denne.

Me har hatt ski.VM, privatskulepolitikk, Lambda, Trump og ikkje minst eit meiningslaust (mi meining) namnebyta av NSB. Så var kystvakta ute og øvde på “mann over bord” på Puddefjorden. Godt at det var berre ei dukke dei øvde på. For den vart borte og laut etterlysast i kringkastinga. Det er ikkje berre fregattar dei greier å missa der.

Vel, det laut eit lite hymne til denne månaden også.:

Marshymne 2019.

Ski-VM-atletane tok tretten gull
og jubelen vil ingen ende ta.
Norske atletar fer ikkje med treningstuøø.
Det er gull og ære dei vil ha.
“Isklar” var sjølvsagt med på festen,
men er det ikkje berre kaldvatn forresen?

Raudt skal ha alle privatskular stengt,
og AP vil ha privatomsorga bort.
Bannlyst er alt profittbehengt,
då skuslar dei gjerne 400 milli8onar bort.
Det neste for tur er vel barnehagen.
Bort med denne privatiseringsplagen.

Så lyt me nyta statsrådsdansen.
Kven er vår justisminister i dag?
Er det Lauritsen eller Hansen,
eller lyt Erna komponera nytt lag?
Medan ho Siv sit og slit seg i håret,
med sjette Frp-ministeren på femte året.

Lambda, Munch’s nye museumsbygg
har vorte til offentleg spott og spe.
Ein fasade som er mørk og stygg,
men arkitekten lova då ikkje det.
Munch ville vel måla nye skrik
om han hadde sett merkjebygget sitt slik
.

Til lukke med namnebytet NSB,
her har de treft midt i blinken.
Kven i alle dagar fann på det,
var heile styret for hard på drinken?
Kva i alle dagar skal VY bety,
det er så dumt at eg kunne spy!

Sjøforsvaret øvde på “mann over bord”,
men den skipbrotne vart aldri funnen.
Dei leita rundt på byens fjord,
men forsøkskanina var forsvunnen.
Denne gongen var det sanneleg ei lukke
at den forulukka var ei dukke.

No er visst Trumpen ved sitt store mål,
ei grensesperre mot Mexico.
Ein monstermur i betong og stål
vil forhindra godt granneskap å gro.
Er ein ikkje ferdig med slikt tulleball
etter den for4hatte Berlinmurens fall?
31.03.2019.M-m.

 

6 kommentarer
    1. Kjedelig med “bloggplunder”.. Så innlegget på Fb tidligere i dag…men da skulle jeg i butikken, og etterpå har jeg plundra med egne innlegge..hehe..
      Som alltid fin oppsummering av nyheter her hos deg..og du har gode poeng skrevet på en morsom måte.. Ønsker deg en fin kveld 🙂

      1. Ja, det ble en litt trøblete 1. april rent bloggmessig, men en av mine to maskiner virker. Tror at jeg må oppdatere Java Script på den gamle. Ellers var mars en inspirerende måned for meg som liker å snekre ord. Ha en fin dag.

    2. Så herlig dikt!! Morsom oppsummering på rim 🙂 Ja, mye rart i nyhetene i det siste. Både i Norge og spesielt i USA. Der er det alltid noe 😀

      1. Du ha rett. Det finnes alltid noe som hender og som denne gubben kan benytte til litt ordlek. Mars var spesielt rik på kommenterbare nyheter og episoder. Så venter vi på en tørrere vår enn den vinteren vi fikk her vest i år..

    3. Magnus’ skuggsjå kom til rett tid denne månaden også; du finn fram hendingar som fortener å bli fokusert på, og innpakninga er som vanleg morosam og god. Når det gjeld mann over bord så møtte eg ein gong ein gamal marinemann. Han vart vaska på sjøen frå KNM «Kong Haakon VII» i nord-Atlanteren ei natt i 1942. Dei fann han att etter halvannan time, men den tid var det alvor, ikkje berre marineleik. Ser nett at dei var ute for å rekonstruere fregatthendinga att; bra dei ikkje greidde å søkka Roald Amundsen også.
      Så må du ha ein fin vårdag mellom krokusar og tulipanar der vest.

    4. Det var kanhende meir alvor tidlegare, no skal ein leika seg fram til meisting, og ein må på ingen måte verta såra. Nei, eg er redd for at me meir og meir går mot eit ballelaust samfunn. Elles ser eg at fyrsteklassingane no skal nytta skuledagen til leik med litt alfabet attåt. Er den ei erkjenning av at seks-års-reformen var forhasta?
      Elles skal eg no i helga i den fyrste skulestova mi og ha ein goumetmiddag, staden har no vorte restaurant!. Det er slutt på wittenbergarskjeva med sukker eller syltetøy på i den stova no. Eg gler meg litt, faktisk.
      Ha ein fin vårdag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg