Gale va’ da verre og før e’ da no, eller ??


Google

Eg veit ikkje om de har høyrt om det, men seinhaustes forliste Sjøforsvaret ein av sine fregattar. Det var i svartestilla ei mørk natt at dei ikkje var klår over kvar dei var, og at ljosa dei styrde mot var ein stor tankbåt, ikkje land slik dei trudde. Og rett på land, orsak tankbåten, bar det. Nokre timar seinare var sjøforsvaret eit krigsfartøy til 5 mrd kroner fattigare, og etter 500 mill i bergingsinnsats ligg fregatten framleis der den stranda.
Nå lurer visst både sjøforsvar, politikarar, kommisjonar og folk flest på kva som hende på fregattbroen den fatale natta, sikkert med god grunn.
Så då er det kome framlegg om å rekonstruere hendinga som førde til forliset. Men då lyt eg spørja. Har sjøforsvaret verkjeleg fleire fregattar å tapa.
Forresten vil eg foreslå at dei legg ein evt rekonstuksjon til dagsljos og svartestille slik at aktørane i det minste veit kvar dei er,kvar dei fer, og kva som møter dei. Me har ikkje råd til å forlisa enno ein fregatt.
Då får me kan hende Trumpen på oss med klagar og trugsmål over at me ikkje fyller våre forpliktelsar i NATO.

1 kommentar
    1. Donald Duck var innom temaet havari/forlis ein gong i tida. Han løyste det godt og effektivt ved å pumpa inn ping-pong-ballar i skroget. Dette har faktisk vore prøvd i praksis, og det funka. Men det ligg vel lite prestisje i ei slik løysing.
      Du har vel hatt sprengt torsk på bordet i det siste. Såg at Helge Ingstads torpedoar bles opp her om dagen, og då var det vel berre å pukka opp nysprengt fisk.
      Gratulere med 5.000 metermedalja til Osingen. De er jammen gode der borte. God natt!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

Siste innlegg