Årskavalkade 2018.

Det laut koma eit årssamandrag av månadshymnene i fjor også
At politikarane sine utfordringar etter Mee-Too-saka er med i årssamandraget er ikkje mmer enn rett og rimeleg. Det same gjeld byggjefadesen under Stortinget. 
Når så Elvestuen rigga to ulvar på toppen av brurekaka i bryllupet sitt kunne ikkje det gå upåakta framom, og Hareidens (førebels) mislukka politiske saltomortale skapte røre i løvehola, og resultatet kjenner me ikkje fullt ut enno.
To nasjonale kjendisar, ein flott komponist, og ein ikkje mindre flott politikar fekk sin fortente heider i fjor.
Til sist fekk sjølvaste julenissen påpakning for å stilla vår overfølsame oppvaksande slekt for nærgåande spørsmål. Stakkars oss sarte sjeler, me toler visst ikkje mykje i våre dagar.


Google. 

 Årshymne 2018..

Januar.
Brunstig ungdom er Erna sitt problem,
Jonas slit med griskallproblematikken.
SV og SP er heller ikkje bekvem.
Slik går det lett om ein ikkje styrer p…en.
No får dei rydda i sine brotne rekker,
elles trur eg at all partitillit sprekker,

Februar.
Stortinget byggjer tunell og postkontor,
og det skal visst verta gromme saker.
Det dyraste postkontoret på vår jord,
2,3 milliardar, og løvehola skaker.
Jau, du greidde det, gjevaste Olemic.
Gav ny meining til ordet: Post-i-butikk.

Mars.
Det måtte koma, eg venta det nok,
avmaskulinisering av fedrelandssongen.
Det må ikkje koma som eit sjokk
at det er SV som hyler denne gongen.
Finn dei ikkje betre saker å fremja
enn over grava til Bjørnson å remja?

April.
Høyrt om bompengefesten her vest
kor fossilsvina finansierer sykkelsti og bane?
Det er for mange bilistar lommebokpest
når politikarane opnar deira pengekrane.
Men kor er den sosiale rettferda i dette
når berre sume av oss lyt lommeboka lette?

Mai.
Så er omsider Statoil historie
og opp frå oska stig ein ny aktør.
Olje og gass gjev vel inga glorie
Nei, no skal det eldast frå nye glør.
Equinor ska gje reinare pengar i kassa.
Eg trur at eg gøymer mine i madrassa.

Juni.
Så har me feira Edvard Grieg.
Heile hans livsverk ute til pynt.
Hans A-mollkonsert var mektig og digg
Dovregubbens hall og tonar til Peer Gynt.
Takk til NRK for fantastiske stunder
med norsk musikk som aldri går under.

Juli.
Så har Trumpen vore på Natogjestebod
og sett sine vener ettertrykkjeleg på plass.
Hans «vener» laut for skulerett stå.
Tenkjer han å køyra NATO rett i dass?
«Amerika først» er hans fyndord til fansen.
«Amerika åleine» kan verta enden på dansen.

August.
Ein annan minister har gifta seg no
med ulvar på toppen av bryllaupskaka.
Var det ulvevernet som i hovudet sto
så brureparet på toppen vart forsaka?
Eg spør, var dette eit politisk signal,
eller var det berre eit litt ubetenkt val?

September.
Krf slit visst skikkeleg no om dagen,
Dei er ikkje einige om fargen på drakta.
For dei misliker sterkt partiet til Hagen,
så skal no raudfargen føra dei til makta?
Han Knut Arild har rota seg inn i uføre.
Vel han Erna eller vert det Jonas Gahr Støre.

Oktober
Ein heidersmann fyller nitti år,
ein politisk høvding på høgre sida.
Framleis samfunnsengasjert og klår.
Jau, Willoch fylgjer med i tida.
Takk for innsikt og engasjement.
Min respekt får vera din presang.

November.
No har forsvaret forlist ein fregatt,
fire milliardar vert visst tapet.
Hendinga fann stad i svartaste natt,
men kva hende  der ytst i havgapet?
Me skal ikkje spekulera for mykje om det,
men årsakene lyt fram før folk gjev fred.

Desember.
No fins det visst berre snille born,
ikkje ein einaste rakkarunge.
Så tyren lyt takast ved sitt horn
og nissen lyt passa si skarpaste tunge.
Han må ikkje spørja om ungane er snille,
dei kan få traumer, og det kan gå dei ille.
31.12.2018.M-m.

Godt nytt år!

Google

5 kommentarer
    1. Du ligg ikkje på latsida; eg vert heilt sveitt berre av å lesa kvadet ditt. Dei gamle sakene, som alt har blitt rent i senk av nyare skandalar, held du også greie på. Eg må berre bøya meg i hatten, som yngre folk seier. Skulle du bli kasta ut or bloggen kan du sikkert få jobb på journalistakademiet. Du kan undervise i samskriving/særskriving og danning av nye ord; bompengefesten, lommebokpesten og grisekallproblematikken er ord som bør inn i ordlistene.
      Takk for det gamle og vel møtt i det nye året!

    2. Pedro: Der gav du meg nokre nyordforslag. Me får sjå Pedro, no er det regjeringsforhandlingar, og det seier meg at det kan liggja noko inspirasjon gøymt i dei. Elles kan det henda at eg leiter meg opp ein ny plattform slik at eg kan haldaa fram med “inkvisitoriane” mine.
      Hadde forresten tlf frå Bjørg i romjula. Det gjekk viss bra der i heimen.
      Sjølv takk for det gamle, og godt nyttår…

    3. Super oppdatering nok en gang for deg 🙂 Jeg er imponert av hvordan du klarer å følge med i alt som skjer og gjengi det på en slik fengende måte 🙂 Fint nytt år til deg og dine :))

    4. annebe.blogg.no: Alltid hyggelig kommentar fra deg. Du vet, en gammel gubbe har som en av sine oppgaver å følge med litt, og av og til dukker inspirasjonen opp, og da blir det ofte et rim eller to.
      Ha en fin dag østpå. Her må vi pusse vinduene etter gårsdagen storm.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg