Aprilhymne 2019.

Google

Den politiske delen av april var partilandsmøter, litt reiseregningsfusk. Så fekk me det årlege flystreiksirkuset. Dette året var det SAS sin tur.
Men for gubben vart brannkatastrofen i Notre Dame i Paris eit trist høgdepunkt. Etter å ha køyrt frammom denne majestetiske kyrkja neste dagleg over eit halvt år kjendes ei slags sorg når detten hende.
Etter all elenda var det godt å oppleva ein eksellent tidlegvår, som fortenter eit eige kapittel i aprilhymnet.

500. Aprilhymne 2019.
Skal du ut på tur, ver aldri sur,
kven kan betala hytteturen din.
Er du folkevald eller noko  i den dur,
lat skattebetalarane svi på pungen sin.
Ei reise frå eller til, kva gjer no det
berre di eiga lommebok får fred.

Jonas har hatt møte med flokken sin,
der la dei planar om å jaga ho Erna.
Dei prøver å setja lokkematen inn,
men greier dei dama å fjerna?
Ikkje så greitt når flokken kranglar.
Er det ei leiarstjerne dei manglar?

Å sjå Notre Dame i eit flammehav
var eit utruleg og sørgjeleg «skue».
Ein kristen verdsarv fall mest i grav,
Kan tenkte ho då, Vår Frue?
Anten ein er truande eller ateist
var dette gripande og useieleg trist.

Så er vårens syrgjesong igong,
for lite fritid og for lita løn.
Det er SAS-pilotane sin song,
for passasjerane er det inga bøn.
Millionløner må det nok til
om du skal verta kuska der du vil.

Ei draumepåske er no slutt,
sol og finvær i bøtter og spann.
Helga fortente ein godverssalutt,
eg tenkte snautt at det kunne gå an.
Anten me var på sjø eller fjell
kom me solbrune heim, annandags kveld.
10.04.2019. M-m.

4 kommentarer
    1. Flott hymne om både store og litt mindre hendelser ! Flott vær denne påsken og våren ja :)) Håper det blir en fin mai også..mye sol og litt regn :)) Kos deg med morgendagen 🙂

      1. Takk. Ja det ble en helt uvanlig fin værpåske her ute i havgapet. Fin torsk tok vi også opp av sjøen. Nå har temperaturen sunket mange “hakk”, men fremdeles bra utevær. Ha en fin dag dere også.

    2. Det vart Note-Dame som sit att i minnet mitt etter april 2019. Frå den stakk me ut kursen for våre byvandringar så mang ein gong, og den passerte me slitne på heimveg.. Eg har god von om at ho vil reise seg att. Katedralen i Reims vart skoten i brann i 1914, og bileta frå den gong minner styggeleg om bileta frå i år. Den gong vart tyskarhatet berre kraftigare, men i dag var det heldigvis ikkje nokon skuldige som skal straffast.
      Ha ein fin maidag der vest!

    3. Ja, det var ein trist kveld. Som deg, minnes eg turane våre frammom kyrkja, og Fredenborg og eg som køyrde der på scooteren hans mest kvar dag. Jaja, me får vona at katedralen vert reist oppatt. Den er eit kuluturknutepumkt både for heidningar og kristne.
      Elles er me no attende til den vestnorske våren, nordavind, skodde og kjøleg ver, men det er me vane med, så det skal me nok overleva.
      Eg skal sjå etter deg i toget i dag. Ha ein fin dag.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg