Slalomsesongen er i gong…


Google.
Sidan den politiske galoppen er i gong på begge sider av Nordsjøen og hjå vårt grannefolk kunne ikkje gubben dy seg for å koma med ein kommentar.

Politisk slalom.

Ja, vart det ikkje slik me trudde
Nyåret sette liv i andedammen.
Til politisk kamp dei var førebudde
og kommentatorane fekk opp dampen.

Borte i England rotar dei det til
Europa skal forlatas no i vår.
Men det er slett ikkje alle som vil
og steile mot einannan frontane står.

Dei vil ha alle godene med seg ut,
men også stengja grensene sine.
Dei stongest som den argaste stut
og brexit-prosessen er ei kattepine.

I Sverige kranglar dei og om makta,
her har dei krangla  halve året.
Ytterfløyane er haldne utafor jakta
og maktesløysa slit seg i håret.

Korleis er det så her på berget.
Jau, dei sit og drøser oppe på Hadeland.
Dei er visst ueinig om det aller meste,
eg skjøner ikkje at det kan gå an.

Dei kranglar om innvandring og ruspolitikk
om abort, naturvern og dette og likt.
Nattetimar i ørske og alkoholfri? drikk.
Kan det verta ny regjering av slikt ?

Jau, det vert nok ei løysing for alle i hop
og rom for satirisk politisk kommentar.
Det vert neppe unisone jubelrop
for kaka som kjem frå den deigen dei knar ?
15.01.2019.M-m.
 

4 kommentarer
    1. Du får det til i år også; velformulert kvad om aktuelle tema. Me kjem til å sakne dei om din spådom din om 9. april slår til. Førsteinntrykket er at her er det myke rart som skjer på ymse arenaer, men grev ein litt litt djupare så er det ein fellesnemnar for alt, og då kan du ta med akrobaten Trump også; det er innvandring.
      Men no stundar helga til, og måtte ho bli kjempefin for oss alle. God helg!

    2. Pedro: Jaja, helga gjekk og det vart kaldare her vest. Ein tur for å få skrotten i gong vart ein del av programmet. Denne veka skal me oppleva nye artistar i regjeringssirkuset…Krf skal inn som ein del av ministeriet, men den sekta minkar visst dag for dag…Eg undrest på om Hareiden var klår over kva han sette i gong med åndsverket sitt, og om fargeskiftet han hadde tvilt seg fram til. Eg trudde ikkje at tvilen skulle vea styrande i eit pårti med så mykje tru???
      Vel, vel eg får ta ein tur til krambua og skaffa middag til huset. Er forresten spent på korleis kraftressursene i bile ter seg no i minusgrader.
      Ha ein solrik vinterdag.

    3. Som jeg har sagt tidligere: Jeg er ikke så flink til å følge med på den politiske arenaen. Jeg kan følge enkelte saker som jeg synes er interessante, men politisk spill og debatter orker jeg lite av. Det går veldig mye på å rakke ned på hverandre synes jeg:
      Men: Jeg har veldig moro av å lese dine krumspring på dikterfronten. Ikke minst lar jeg meg imponere av snerten i dine finurlige rim! 🙂

    4. karidansen: Jeg følger litt med ja, men registrerer ofte at en sitter igjen med lite konkret etter en politisk debatt. Våre folkevalgte er godt skolert i å snakke rundt utfordringene de konfronteres med i debattene.
      Vel, det gir meg i alle fall inspirasjon til skrive noen inkvisitoriske rim av og til. Vil ikke være negativ, men prøver å beholde skråblikket på enkelt pussige saker og utspill.
      Takk for kommentaren.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg