Oktoberhymne 2018…


Google.
Denne månaden har gubben vore oppteken av mjuke verdiar som sumarveret, U-hjelp, årmålsdagar, nasjonalsong og ikkje minst krumspranget til KrF.
At presidentar, spesielt i einveldige statar, vil halda seg med flotte fly er vel ikkje akkurat ukjend, og tidlegare i månaden kunne Aftenposten kunngjera at presidenten i Zambia hadde skaffa seg doning(sjå googlebileta) til 400 mill på U-hjelpa sin kostnad. No var det vel ikkje heilt slik, men ein lyt spørja seg kor greit det er å bruka 400 mill for å polera eige glansbilete medan folket svelt.
Som 90-årsgåve frå Bondevik fekk Willoch Hareides bok “Det som betyr noe”. Jaja, det er mange måtar å sparka nokon bak på.
Så er særinteressene ute og vil skriva om gamle nasjonalsongar og barnesongar. Ja, kva gjer me ikkje for å bli høyrt i våre dagar.
Men dette har vore Hareidens månad, fullt og heilt. Han skulle vel ha fått eit heilt oktoberhymne for seg sjølv, men kanskje vert det tid til ein nekrolog i novemberhymnet, om han ikkje greier å skrema menigheita si til å fylgja rådet hans. Stakkars KrF seier eg berre.

Oktoberhymne 2018.

Etter ein sumar med sol og varme
er rekninga lagt på bordet no.
Eg høyrer stormen rundt novene larme
og tomånaders  ustoppelege regnværsflo.
Kvar glede skal betalast med sorg og sut,
og sumaren med storm og regnværssprut.

Ein heidersmann fyller nitti år,
ein politisk høvding på høgre sida.
Framleis samfunnsengasjert og klår.
Jau, Willoch fylgjer med i tida.
Takk for innsikt og engasjement.
Min respekt får vera din presang.

Eit luksusfly kan vera kjekt å ha
for å løyna fatigdom og naud.
Særleg om du er president i Afrika
i eit land kor økonomien ligg daud.
Men kan det eigentleg vera så bra
at U-hjelp vert til presidentfly i Zambia?

Fyrst vart nasjonalsongen for pompøs
Den har ei alt for maskulin form.
Så var julesongen for religiøs.
Høver visst ikkje dagens profane norm.
No er dei ute etter «Bæ bæ lille lam».
Å stela ull frå sauen er visst ei skam.

Så har Hareiden endeleg skifta farge
Han er vorten sosialdemokrat.
Det har gjeve Erna regjeringsplage
medan Jonas står lysten og parat.
Er det ikkje ein demokratisk parodi
at landet tykkjest styrt av eit miniparti?
31.10.2018.M-m.

Let the game begin…


Google.

Eg undres på om det var slik han tenkte formannen i KrF då han lanserte sitt nye politiske manifest ved å gjeva ut boka «Det som betyr noe». Få dagar etterpå stadfesta han sin politiske 180-graders sving med talen til landsmøtet.
No skal KrF venda seg mot dei raude, årsaka til det fins visst i at FrP og spesielt Listhaug har slengt så mykje skit om seg mot både partiet og formannen.
Men det er visst ikkje heilt greitt på den raude  sida heller for SV skal heller  ikkje takast inn i varmen.

No er så striden i gong i KrF. Her ser om lag halvparten raudt og halvparten blått, og strid og kiv går både høgt og lågt i minipartiet. Den andre november fell domen. Vert det formannen eller nestformennene som glisar mest i TV-ruta når avstemminga er over. Me er spent.

Men kva er det som skjer i dei andre partia, er ikkje dei ute med gode agnbeiter til KrF.
Vel, fyrst og fremst sit ytterfløyane heilt stilt i båten no. Korkje SV eller FrP ser ut til å ha interesse av å terga på seg KrF i desse tider. Unntaket er Listhaug som lanserer bannbullboka si»Der andre tier» i desse dagar, men det er vel ikkje noko anna å venta frå den kanten. Ho tier ikkje mykje den «tøtto».

Erna lokkar med ny abortvurdering og så skal visst KrF få så mange K-ar dei ynskjer i RL-faget sitt.
Jonas sit også stilt i båten. Han ventar nok på vitjing til kaffislabberas I formannens barndomsheim på Bømlo. Dette slabberaset har vore Erna til del dei siste åra, men bømlingen vil  visst ikkje ha henne til kaffibordet sitt lengre.

Kor dette skal gå veit ikkje gubben, og det trur han at han ikkje er åleine om. Men det er tankevekkjande at eit lite miniparti kan rota til det politiske landskapet slik KrF no gjer.
At det er sett i gong eit politisk spel kan me ikkje tvila på, og dette spelet gjev i alle høve gubben til å fundera over  kva som «betyr noe».  Er det politikk eller er det maktkampen, eller er det rett og slett ein fortvilt kamp om å overleva i det politiske landskapet.
Ordet politikarforakt ligg og ulmar i eit gamalt hovud.
25.10.2014.M-m.

På ein blytung regnversdag…

…fann eg på at eg ville leika meg med nokre gamle politiske vers. Rosabloggarane laut også få seg eit vers. Litt omskriving og så høver dei godt inn i den politiske kvardagen me ser nett no.


Ikkje alle dagar er blytunge og full av regn. Slik såg det ut ved Lille Lungegårdsvann onsdag denne uke. Fint – ikkje sant? Det synes nok også  hegren som står og betrakter sitt territorium.


Google. Her er de fleste farger representert.

Ballongdansen.

En blå ballong,
med bergensk sjargong,
bærer staur i disse tider,
prøver å passe statens likvider.

En mørkeblå ballong,
hater smaken av skattebuljong.
Mange løse kanoner på dekk,
de grønne, rødes og gules skrekk.

En rød ballong,
ofte i lukket salong.
Etter åtte år på nakken
ble det en pust i bakken.

En mørkerød ballong
har sin egen føljetong.
Seier nei til det aller meste.
Vingeklippe rikfolk er det beste.

En grønn ballong
sitter på regjeringens perrong.
Krever en kraftig miljødose,
og styres av Tante Pose.

En mørkegrønn ballong,
med agrarenes fasong.
Opptatt av handelsmurer
og fjøsenes produktive kreaturer.

En gul ballong,
høyt på en åndelig balkong.
Krever støtte til verdens små,
vil visst forlate de blå.

En rosa ballong.
De pynteglade unges føljetong.
Men botox og et sminkebatteri,
føler de seg stash og fri.

Men en skjør ballong,
har ikke styrke som betong.
Blåses den for mye opp
blir det plopp, og deretter stopp.
24.11.2014.M-m.

Google. En rosa tilværelse??

Septemberhymne ++.

Dette septemberhymnet vart kortare enn det kunne ha vore, og det er sikkert dei få lesarane mine glade for. Inspirasjonen har ikkje vore heilt der oppe denne månaden. Forresten, det 4. verset i hymnet vart skrive før Hareiden hadde i seg ei heil flaske Møllers tran og konverterte til den raude sida i politikken Den karen har sanneleg “ballar”! No står det berre att å sjå korleis fotfolket hans tar det, dei fleste sette antakeleg trandosen sin i halsen då dei høyrde på talen. Han Jonas smilte og verka svært nøgd medan Erna framleis held perleporten på vidt gap. Me går ein spanande politisk haust i møte folkens.

Karen på biletet under skjemde seg godt ut på dansegolvet. Han må ha teke så mange tranflasker at han ikkje hugsa kva tevling han var med i. Konkurransen galdt ikkje utstyrssjekk Frank, det var dans som var tema. Biletet syner forresten kor “glad” dansepartnaren var for valet ditt av antrekk.


Google.

Septemberhymne 2018.

Svenskane slit med hovudverk
etter sitt siste folketingsval.
Sverigedemokratarna er noko herk
for ingen vil drikka av deiras gral.
Ingen vil dei ha dei med i regjeringa si,
korkje  konservative eller sosialdemokrati.

I Bergen rådhus vart det panikk
for huset sto på vaklande føter.
No fekk politikk vera politikk
Dei tilsette laut avslutta jobb og møter.
Eg trur dei aldri hadde høyrt dette før.:
«Ta PC-en med deg og kom deg på dør».

No greidde ikkje TV-2 å halda seg lenger,
Dei laut visa ein klovn i boratdrakt.
Ja, kva gjer ein ikkje for reklamepenger
og kva sel då betre enn Adams «prakt».
Ein laurdagskveld med fest og glans
vart utskjemt med ein ufin boratdans.

Krf slit visst skikkeleg no om dagen,
Dei er ikkje einige om fargen på drakta.
For dei misliker sterkt partiet til Hagen,
så skal no raudfargen føra dei til makta?
Han Knut Arild har rota seg inn i uføre.
Vel han Erna eller vert det Jonas Gahr Støre.

Så er haustmørkret over oss att.
Storm og regn står ofte på menyen.
Me hugsar  tropesumaren me har hatt
og nytte han både på hytta og i byen.
Båten er landssett og hytta er låst
så no er me klar for litt snø og frost.
30.09.2018.M-m.


Regn og storm har det vore  store mengder av sidan sumaren gjekk til køys. Regnbogen på biletet kan illustrera nedbørsrekorden me fekk for dei to siste månadene. Det vart i alle høve fort slutt på vassparinga. God haust i kongeriket!

Julihymne 2018.

Julimånaden er feriemånad og då skjer det oftast lite i andedammen, men eg registrerte at Trumpen har farta rundt i Europe og spredd “edder og galde” til sine vener og godord til sine uvener. Løgn – og – lygenytt er visst hans varemerke. Kunne han ikkje halde seg på ei strand på Mallorca og halde kjeft.
Sandbergen har visst også funne seg ei ny dame frå Iran, og det kunne ikkje gå upåakta for seg i politiske krinsar.
Ja, og så var det visst nokre andre småsaker, men dei finn de nedanfor.

En sommerutfordring fra Google.

Julihymne 2018.

I hundre år har me halde på her vest
med å få forkorta Bergensbana.
Men det drøyer med oppstartsfest,
for ingen opnar for pengekrana.
No er prosjektet utsett enno ein gong.
For dette prosjektet vart fødselen trong.

Endeleg ein skikkeleg sumar her vest
etter mange våte og traurige år.
Jau, dette vart vestlendingen sin fest
med bading, grillfest og ein liten «tår».
Me nyt varme dagar og ljose netter
Tida kjem nok då me ikkje lengre svetter.

Så har Trumpen vore på natogjestebod
og sett sine allierte ettertrykkjeleg på plass
Hans «vener» tyktes  mest for skulerett stå.
Tenkjer han å køyra Nato rett i dass?
«Amerika først» er hans fyndord for fansen
«Amerika åleine» kan verta enden på dansen.

Så er fotball-VM endeleg slutt
etter tre heile veker i TV-ruta.
Me fyrer med dette ein liten salutt
til Frankrike som leda VM-skuta.
Medan Neymar og co skreik og rulla på bana
vart det Les Bleues som til sist reiste fana.

Frua og gubben nyt sumardagen
Ein premiesumar fram til no.
Gubben på sjøen og frua i hagen
for gamle skrottar er sumaren god.
Før me klagar for mykje på varme og tørke
skal me hugsa på haustkveldar våte og mørke.

Per Sandberg har vore på ferietur
med ei ung dame i Iran.
Har han funne seg ei ny brur?
Då går det vel med mykje Møllers tran.
Men Erna fekk ikkje melding om turen.
Og då ula han, den politiske luren.
31.07.2018.M-m.

Junihymne 2018…


Google.
Denne månaden har bydd på litt av kvart.
Fyrst og fremst er det vel det overraskande møtet  som fann stad i Singapore og som gav verda visse voner om at vit, og ikkje dumskap og beisk retorikk tonesett av raketthyl og bombesmellar kan verta avløyst av forhandlingar og avspenning. Me får venta, vona, og sjå.
Så har NRK gjennomført ei ny minutt for minuttsending. Denne gongen med framføring av Edvard Griegs samla toneproduksjon. Gubben fekk med seg mykje vakker musikk dei 30 timane programmet varde, og A-mollkonserten vart eit høgdepunkt.
Elles har vel mange av oss vore klistra til TV-ruta både dagar og kveldar. Fotball-VM kunne ikkje gå “hus forbi”, heller ikkje i gubben si TV-rute.
Byråkrati og misoppfatta miljøvern (det gjeld ikkje heliumballongane, sjå nedanfor) har også vore innom tankane til gubben denne månaden. De får sjå gjennom hymnet.
FORRESTEN, ei sak som har dukka opp i media dei siste dagane er at overskytande HVP-vaksine (mot livmorhalskreft) likevel ikkje skal delast ut til rusavhengige og andre svake grupper. Årsaka skal vissnok vera at dei har skifta til eit nytt vaksinemerke og då seier reglane at den “gamle” vaksinen må destuerast. Dette er å setja byråkrati framfor liv og helse! No må nokon ta til vitet!

Junihymne 2018.

Vidgjetne handtrykk, det er greitt
før eit underleg brushanemøte.
Store ord og fleskefeitt
når dei skulle fredssokkene spøte.
Men vart verda ein fredelegare stad?
Me ynskjer alle at det skal verta bra.

Men kva kom ut av seansen,
mange vil hevda, tomme ord.
Frp greip så den fyrste sjansen
å duka for Trump eit fredsprisbord.
Eg trur det er klokt med litt is i magen.
Vent til fredsrøyndomen kjem for dagen.

Har miljøtanken gått heilt gale
no som fullgode bilar vert vraka?
Rett nok har dieselbileigaren det «bale»,
men tener verkjeleg vrakinga miljøsaka?
For kvar bil som vert skrota i bygd og by
lyt det faktisk oftast byggjast ein ny.

Så har me feira Edvard Grieg.
Heile haans livsverk ute til pynt.
Hans A-mollkonsert var mektig og digg
Dovregubbens hall og tonar til Peer Gynt.
Takk til NRK for fantastiske stunder
med norsk musikk som aldri går under.

Er du sjuk så du misser «lappen»,
og lyt levera inn førarkortet ditt.
Gå då til politiet på raude rappen
og saka ordnest raskt og ekspeditt.
Når du er autorisert til å få lappen att
tek det vekevis før du sit bak ditt ratt.

Kva er så årsaka til denne barriere?
Du kjenner vel ordet byråkrati.
Framfor fire instansar må du passere
og alle har si saksbehandlingstid.
Er arka avkrossa feil, ingen pardong,
og runden lyt takast enno ein gong.

Heliumballongar har no vorte fy,
det skjøner me eigentleg godt.
Største sjukehuset i Bergen by
tykte forbodet  var klokt og godt.
Men sjukehuskiosken, kva gjer så dei?
Jau, sel heliumballongar «i vilden vei».
30.06.2018.M-m.


En liten peonblomst fra hagen hilser sommeren.

Kom mai du gloheite…

Nei, eg skal ikkje starta denne oppsummeringa med suring over ein heilt flott mai månad. Med båt på sjøen, sjølvfiska fisk på middagsbordet, og med ein velstelt hage, det siste er frua si forteneste, kan eg gjerne sitja på terrassen og nyta godveret. Litt rart vert det å venda nasa sørover til palmesusen no,kor temperaturen der nede ligg fem grader lågare enn utafor sumarkåken vår.
Denne månaden fekk den vakre visa til Erik Bye, Vårherres klinkekuler, ei ny meining for meg. Galningen i “kvithuset” vart beden på gjestebod saman med “rakettmannen” frå Nord Korea. Fyrst sa han ja og lovprisa nordkoreanaren, så vart det nei og utskjelling. I dag er det visst eit “tja” frå kvithuset. Kva det vert til med møtet veit ingen, antakeleg heller ikkje aktørane. Men eg sit med ei uggen kjensle av at nå har herren i kvithuset rappa klinkekulene frå Vårherre. Huff!
Elles var det litt av kvart å ta tak i denne månaden også. Til og med Brann greidde omsider å tapa ein forballkamp. Huff og huff.

Google

Maihymne 2018.

Skal galskapen slett inga ende ta,
skal du plukka søppel må du ha kurs.
Det var det Statens Vegvesen sa,
Forsvaret var ingen søppelplukkeressurs.
Kompetansehysteriet tar ingen ende no.
Lyt me snart lyt ta tissekurs for å gå på do?

Så kranglar dei om regjeringsbygget att,
skal det byggjast i betong, glas eller tre?
Er det ikkje snart på tide å ta spaden fatt
og la byggjekrangelen endeleg få fred?
No skal visst løvehola krangla om saka,
så då vert kan hende vetige planar vraka.

Heider til Brann, vårt stolte fotballag,
med storspel toppar dei alle tabellar.
Dei klatra til topps med eit trylleslag
og sit no og syg på sigerskaramellar.
Men mange slag skal vinnast på vegen fram
om «gullet skal hem» med brask og bram.

Så er det full streik i NRK.
Der er for tida berre musikk og repriser.
Men det meste me ynskjer kan me enno sjå
på det dei kommersielle kanalane viser.
Kor mykje vil me sakna vår statskanal
om han vert lenge i streikeskuggens dal?

I England har Harry fått si brur
med pomp og kongeleg prakt.
Millionar sat framføre sitt TV-bur
og beundra ei knallkvit bruredrakt.
Eit storhende for mest heile verda.
Eg undrest, kor lenge varer denne ferda?

Så er omsider Statoil historie
og opp frå oska stig ein ny aktør.
Olje og gass gjev vel inga glorie
Nei, no skal det eldast frå nye glør.
Equinor ska gje reinare pengar i kassa.
Eg trur at eg gøymer mine i madrassa.
31.05.2018.M-m.
 

Aprilhymne 2018…


Google.

Denne måneden har vært heller slakk når det gjelder politikk, derfor blir også hymnet mitt for denne måneden tynt. Forresten ser det fremdeles ut til å nærmest herske politisk handlingslammelse på grunn av av MeToo-etterdønningene. Nå er det fyllakåte Sp-trøndere som er i søkelyset. Ja, og så har Gisken dukka opp på banen igjen, til glede for noen, til ergrelse for andre.
Det mest positive som har hendt er vel kanskje møtet mellom nord – og – sørkorea. Det kan kanskje være kimen til roligere tider på den siden av kloden. Enn skjønt, vi gjør vel lurt i å ikke ta noe for gitt i storpolitikken. Der skifter vinden fort med kappene. Ja, og så så spørs det hvordan det går når de største brushanene Putin og ikke minst Trump mister regien på verdenspolitikken. Time will show – vi håper…

Aprilhymne.

«Me Too» kampanjen er framleis varm,
der inne i den lystige løvehola.
No har Liv Signe slege alarm
ho fekk ei melding ho ikkje skulle tola.
Den kom frå nokre småpussa SP-gubbar
som ikkje fekk nok med sine grove stubbar.

Sjukdomen hans Trond er visst over no,
overkåtskapen har visst lemna kroppen.
Om han ikkje har fått på seg trongare sko
så voner Jonas at han har kontroll på «snåppen».
Tykkjer alle i partiet om den raske returen?
Me får sjå om meiningsmålet vert sturen.

Høyrt om bompengefesten her vest
kor fossilsvina finansierer sykkelsti og bane?
Det er for mange bilistar lommebokpest
når politikarane opnar deira pengekrane.
Men kor er den sosiale rettferda i dette
når berre sume av oss lyt lommeboka lette?

Utruleg «happening» i den store verda.
I Korea møttest nord og sør.
Det var slett ikkje den lengste ferda,
men den nørde visstnok fredsame glør.
Var det verkeleg eit møte som skulle til
for at fredsmånaden skulle verta april?

Kva seier no verdas store kranglefantar,
Putin og Trump er deira namn.
Eg er redd deira fredsvilje vantar
og at fartøya deira går  mot anna hamn.
Ei spanande tid står framfor oss no,
vert fredsvona berre ei sloknande glo?
30.04.2018.M-m.

 

Det måtte koma opp i dagen der også…


Google.

Ja, det laut vel koma til dette partiet også “Me Too”-spøkelset. Men skilnaden frå andre parti er at her veit me kva som har hendt men ikkje kven som gjorde det. Ingen torer å stå fram slik at saka kan verta avslutta og at ein kan få ro både i og utafor partiet.
Slik saka står no vil eg seia.: Skamma dykk halvgamle, halvkåte kallar.

Hyttetur i SP-land.

Høyrt om «gutteklubben grei»
om SP-gutane på hyttetur?
Vadmålsbrok og nissehua på snei,
og med lommelerkene på lur.

Ein kveld utan politikk
og utan sentralisert styring.
Kanskje også utan folkeskikk
og med monaleg laddevinfyring.

Ut på kvelden tok det visst av,
kvinnfolksaknet vart for stort.
Det rykte i ein og annan stav
og mobilen kom i handa fort.

Liv Signe fekk ei melding frå festen,
den gjorde henne ikkje særleg blid.
Veit de kva gjengen lira av seg forresten?
Jau, «Me har lyst på fi?a di».

Blåmandagen kom temmeleg fort
for dette kokte over vulkanens krater.
Sex-sjikanering av verste sort,
og attpåtil av partikamerater.

Kven var det som sende beskjeden?
Ingen ville vedkjenna sitt «brøde».
For Liv Signe vekte det den store vreden,
Men det vart også journalistisk føde.

Sex-sjikanering er ikkje greitt
om det kjem frå unge eller gamle kallar.
Stå fram og erkjenn, sjølv om det er leit.
Vis at du framleis har «ballar».
22.04.2018.M-m.

Marshymne 2018…


I går satte vi hagemøblene ut, i dag såg det slik ut…

Det vart mykje politisk rabalder denne månaden, men heller lite politikk. Når han Knut Arild gjekk saman med Jens på regjeringsjakt var det visst mange som fekk nok i bibelbeltet.For eigen del kan eg vel seia meg einig i at dei som laut gå – etter mykje om og men gjorde nett det.
På tid å avmaskulinisera fedrelansdssongen? Ja, det laut koma frå SV. Eg seier ikkje meir.
Og påska gav oss mykje kulde, men også godver her vest.

Marshymne 2018.

Olemic laut ta hatten og gå,
han hadde rota det til i økonomien.
Det tok litt tid for han å forstå.
Han laut kjenna lukt av mistillitssvien.
Prosjektet hans sprakk med ein milliard,
Utbyggjingsprosjektet vart rein hasard.

Det var ikkje den einaste hatten som rauk.
Ho Sylvi greidde ikkje å passa kjeften.
Ho sto fram som FRP’s stygge hauk
og manglar visst heilt den politiske teften.
Velfortent mistillit vart henne til del
Eg skjøner hennar kritikarar inderleg vel.

Jens fortalde Erna korleis ho skal styra
og Knut Arild er visst kongen på haugen.
Saman ville dei visst regjeringa “fyra”
med inkvisistoriske skot framfor baugen.
Men er det ikkje betre med litt politikk
enn med sjølvskrytande, sur polemikk.

Det måtte koma, eg venta det nok,
avmaskulinisering av fedrelandssongen.
Det må ikkje koma som eit sjokk
at det er SV som hyler denne gongen.
Finn dei ikkje betre saker å fremja
enn over grava til Bjørnson å remja?

Og påska er over her vest,
men våren slapp framleis ikkje til.
Det vart nok ingen hagekosefest,
så  no set me vona til april.
Me sakna ikkje krangel og listhaugsk retorikk,
men feira påska med fred og folkeskikk.
31.03.2018.M-m.