Julihymne 2018.

Julimånaden er feriemånad og då skjer det oftast lite i andedammen, men eg registrerte at Trumpen har farta rundt i Europe og spredd “edder og galde” til sine vener og godord til sine uvener. Løgn – og – lygenytt er visst hans varemerke. Kunne han ikkje halde seg på ei strand på Mallorca og halde kjeft.
Sandbergen har visst også funne seg ei ny dame frå Iran, og det kunne ikkje gå upåakta for seg i politiske krinsar.
Ja, og så var det visst nokre andre småsaker, men dei finn de nedanfor.

En sommerutfordring fra Google.

Julihymne 2018.

I hundre år har me halde på her vest
med å få forkorta Bergensbana.
Men det drøyer med oppstartsfest,
for ingen opnar for pengekrana.
No er prosjektet utsett enno ein gong.
For dette prosjektet vart fødselen trong.

Endeleg ein skikkeleg sumar her vest
etter mange våte og traurige år.
Jau, dette vart vestlendingen sin fest
med bading, grillfest og ein liten «tår».
Me nyt varme dagar og ljose netter
Tida kjem nok då me ikkje lengre svetter.

Så har Trumpen vore på natogjestebod
og sett sine allierte ettertrykkjeleg på plass
Hans «vener» tyktes  mest for skulerett stå.
Tenkjer han å køyra Nato rett i dass?
«Amerika først» er hans fyndord for fansen
«Amerika åleine» kan verta enden på dansen.

Så er fotball-VM endeleg slutt
etter tre heile veker i TV-ruta.
Me fyrer med dette ein liten salutt
til Frankrike som leda VM-skuta.
Medan Neymar og co skreik og rulla på bana
vart det Les Bleues som til sist reiste fana.

Frua og gubben nyt sumardagen
Ein premiesumar fram til no.
Gubben på sjøen og frua i hagen
for gamle skrottar er sumaren god.
Før me klagar for mykje på varme og tørke
skal me hugsa på haustkveldar våte og mørke.

Per Sandberg har vore på ferietur
med ei ung dame i Iran.
Har han funne seg ei ny brur?
Då går det vel med mykje Møllers tran.
Men Erna fekk ikkje melding om turen.
Og då ula han, den politiske luren.
31.07.2018.M-m.

4 kommentarer
    1. Kjekt å sjå at du har funne fram diktarhatten denne månaden også. Så lenge ein har sprellemenn som Trump og Sandberg dukkar det alltid opp noko å skriva om; ein treng ikkje å ty til agurkprisane. Takk for kvadet , og nyt dei gode dagane vêrgudane strør utover oss.

    2. Pedro: No har me heldigvis fått meir levelege temperaturar her vest, over 30 vart for drygt for gubben. I dag bles det synnavind og tempen er i underkant av 20.
      No er det berre å venta på nye trumpturar til dei nye venene i austertled. No har han sikta våpena sine inn på Nato og EU, og kvinnfolka i England og Tyskland trur eg ikkje gjev han ståpels.
      De må ha ein fin onsdag.

    3. karidansen: Nei, her kaller vi en spade for en spade – like greit det, synes jeg. Ellers går det mot “bygdefest” i kveld, og referat fra den kommer nok ikke til å inngå i augusthymnet.
      Ha en fin week-end.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg