Å rydde i eget “dødsbo”.


Google. Fikk ikke tatt bilde av eget roteloft…

Om å rydde i eget «dødsbo». 

Når denne gubben har bodd i samme hus i over 40 år, og han har hatt et relativt romslig «loft», har veien opp dit ikke vært lang når man skal stikke bort ting og tang det ikke er bruk for lenger. Under Øystein Sundes motto,” kjekt å ha” har dette loftet etter hvert blitt helt fullt, og en skikkelig «utlufting» var helt nødvendig.
Noen av bidragsyterne til loftfyllingen, våre to døtre, ble innkalt til dugnadskvelden som hadde tomt loft som mål.
Hva kom etter hvert for dagen? Joda, gubbens gamle (40 år) vinterfrakk ble halt fram, og den måtte selvsagt prøves. Jeg skal spare leserne for bilde av den seansen. Vil bare si at det er en viss dimensjonsforskjell på 70  og 100 kg. Vinballonger og annet utstyr for produksjon av edlere varer kom også for dagen. Jaja, det var fordums dagers «Tax-free».
Når det gjaldt jentene, kom det fram leker, skolebøker, bilder og tegninger så loftsryddingen fortonte seg tidvis som en humoristisk tidsreise i ekte nostalgisk ånd.


Foto.:Gro
Hva fruen hadde puttet opp på loftet i tidens løp skal gubben ikke komme inn på her. Hennes bidrag var heller ikke ubetydelig.
Når loftet omsider var tomt ut på kvelden var to store tilhengerlass kjørt til fyllinga, og gubben kunne takknemlig sette seg ned med noen edle dråper og reflektere litt. Hvorfor hadde han samlet på alt dette kjekt-å-ha-skrammelet. Tankene gikk fort til innleggets overskrift, samtidig som han innsåg at det ble en særdeles munter måte å rydde opp i boet på. Heller være med på morroa, enn i etterkant å gå glipp av den?

Ta meg tusen…


Foto,; Fruen

Så er det endeleg ein merkjedag
og gubben skal feira seg sjølv,
Utan storfest av noko slag,
det vert kanskje ei krukke med øl.

Tusen blogginnlegg er passert,
ein triveleg hobby for pensjonisten.
Så var han ikkje enno heilt arkivert
men hadde enno litt av skrivegnisten.

Han er ikkje nett ein rosabloggar,
botokslepper og silikonfylt pupp.
Nei, han tassar rundt i gamle klogger
etter sin eigen nasetupp.

Alt som politikarar trur at dei veit,
det undrar denne gamle gubben.
Men er no alt dei vedtek så greitt.
Han undres, der han sit på stubben.

Han sit der og beundrar slåttemaskina
som helt plenen rein for gras.
Den sparar han for plagsam angina.
Nei, moderne teknikk er jamen stas.

Tid til å skriva har pensjonisten,
og hendingar er til å vri og venda.
Etter avislesing på morgonkvisten
kan han omsnudde meldingar senda.

Nei, no gløymde han heile merkjedagen,
Han held ikkje tråden, gamleguten.
Blogginga hans fyller’kje pengepungen,
men det trur visst ikkje skattefuten.

Gubben har nokre gode kontaktar,
som gjev han dagleg inspirasjon.
Litt fleip med politiske makter
heldt bloggen i aksjon.

Tusen er passert. Vert det tusen til?
Nei, det kan han slett ikkje lova.
Hugs, gamlingar lyt av og til ta seg ei kvil,
då lyt bloggen også få sova.
05.05.2016.M-m.
 

I denne gubbens alder…

…får han ta med dei jubilea han kan – og feira seg sjølv, det kan denne karen. Ikkje med champagne og fyrverkeri, men med å repetera gamle “bragder”.
Det er nå mest på dagen seks år sidan han la inn det fyrste innlegget i bloggen sin, og til no har det vorte mest 1000 innlegg. Det som byrja som ei forviten prøve på den nye digitale verda, har etterkvart vorte ein stad kor ein har møtt mange hyggelege kontaktar. 
Mange har vore innom kortare eller lengre tid, og nokre få har vore uthaldande som gubben…

I dag vil eg så “feira” med å leggja inn att eit av dei fyrste innleggja mine. Det kan for så vidt høva no som me har hatt ein lengre periode med vinter og kulde, og kor ein ser snøklokkene stikka så smått opp or jorda.

Google

Vårlengt.

Ventar du på sol og vår.

Har du venta lenge no ?

Snart høgare oppe sola står,

og nører deg ei lita glo.

 

Ventar du på varme dagar

som vekkjer sjel og kropp?

Kanskje framtida seg lagar,

slik at du tinar opp.

 

Ventar du på ein ven,

ein som er deg kjær.

Ser du at han mot deg kjem ?

Snart så er han nær.

 

Ventar du på fred i sinnet,

fridd frå tunge stunder ?

Stunder som sit fast i minnet

då du mest gjekk under.

 

På ein ting skal du vera klår.

Ditt livformar du sjølv.

Du haustar alltid det du sår.

Lukka kjem ikkje på ei fjøl.

09.03.2009.M-m.

Si det med en kaktus…

…men her i kaktushagen på Lanzarote er kaktusene så vakre at en kaktusgave herfra er slett ingen fornærmelse. Derfor viser jeg noen av plantene. Det må bli uten kommentarer, for navnene er latinske og vanskelige, så dere får nyte estetikken.




Hva slags dyr er nå dette?





Skulle du ha behov for et avtrede på turen er vel denne veiviseren klar nok.

Mikkelsmesse…

Med fåre for å verta assosiert med vår engleprinsesse vil eg i dag trekkja fram ein merkedag og ein erkeengel, nemleg mikkelsmesse og erkeengelen Mikael. Visste de forresten kva ein erkeengel er for noko? Jau, han skal ha den høgaste rangen mellom englane, og her er han…

Google
Han openberra seg rundt år 300 i ei hulekyrkje/Gargano, og fram til 1770 var dagen, 29. september ein heilagdag. Hausttakkefest kan vera eit stikkord for dagen.
Men kva funksjonar hadde så den heiage Mikael. Jau, bl a dreiv han og vog sjelene på skålvekt, og stakkars dei som vart funnen for lette…Eit gamalt diktverk “Draumkvedet” fortel litt om verksemda til Mikael.
Spådomar om ver og vind er også knytt til dagen. Meteorologisk institutt var ikkje oppfunne då så ein laut ta til takke med erkeengelen.
Like mange dagar som det er rim på marka før mikkelsmesse skal det verta rim etter Gaukmesse (1. mai). 
Ettersom eg er frå Hordaland kan eg på vegne av Mikael spå at veret i dag vil spegla komande sumar, og det er vel lovande.
Til sist kan eg koma med Mikaels tips og råd for val av partnar og ekteskap.
Dersom du drøymer mikkelnatta, drøymer du om den du kjem til å gifte deg med. Dersom du ynskjer at draumen skal oppfyllast så fortel du det ikkje til nokon. Dersom du derimot ikkje ynskjer å gifta deg med draumeprinse/prinsessa forkynner du det straks til heile omverda. Kan det enklare gjerast?
Lukke til med draumenatta…

Personlig assistent eller…


Noen gjør det selv, noen bruker slekt og venner,andre bruker polakker mens vi er så heldig å ha greie barn og svigerbarn som som gir oss en Gardenia robotklipper. Selvsagt er vi spent på om den nye hageassistenten vår greier jobben på vårt ujevne underlag. Foreløpig har har den hatt ei slåtteøkt på to timer og resultatet er mye bra gresskutting og en klippet styrekabel, men det er nok bare justeringsproblematikk.
I skrivende stund har den inntatt en velfortjent hvil med inntak av energi til ny innsats…Spent og forventningsfull til fortsettelsen.
Vi takker de omtenksomme giverne så mye.

Jeg bøyer meg IKKE i hatten…

…for den prosessen som nå har foregått i ti dagers tid mellom piloter og ledelse i Norwegian, det tredje største flyselskapet i Europa. Selskapet frakter mellom 20 og 30.000 hver dag.

Google

Nå har disse flyene mer eller mindre stått på bakken i 10 dager ril hoderystende fortvilelse for snart 200.000 passajerer.
Grunnen ? Jo, så langt jeg har kunnet tolke det er det fordi man ikke greier å bli enig om en noe snodig tariffavtale, for å si det pent. Snodig fordi uenigheten etter sigende skal dreie seg om organisering og drift av selskapet samt om jobbgarantier. Lønn er selvsagt ikke et uttalt tema i denne streiken, for folk med millionlønn vil vel vokte seg for å snakke høyt om tillegg. Jeg funderer da på hvor de firmaene (utenom de offentlige) fins som kan gi langvarige jobbgarantier for sine ansatte i dag.

Både selskap og streikende bedyrer sin beklagelse overfor de strandede passasjerene, men ærlig talt, de gir f…. i dem, og bruker dem nok stilltiende for det de er verd som pressmiddel i konflikten .
Jeg synes at denne konflikten nå nærmer seg en farse, men er samtidig redd for at den på litt sikt kan bli selskapets endeligt. Men, pytt – pytt, Ryan air er vel klar til å ta over.

Forresten undres jeg litt på hvor stolte hedersmenneskene på Norwegians haleror ville være over, indirekte å være med på  den pågående prosessen.

Ikke så galt at det ikke er godt for noe. SAS gliser nok på sin vei til banken med penger fra passasjerene på sine stappfulle fly. 

Nei, nå må dere ta til vettet og ta dere av dem dere er til for, og som finansierer dere, nemlig passasjerene! 

Akk ja…

Godt nyttår skulle eg vel fyrst og fremst seia til alle mine kontaktar og lesarar.

Eg veit ikkje om han Jonas har hatt tid til å ynskja vener og uvener godt år heller. Ettersom han ikkje har teke seg tid til å møte i eit einaste møte i utanrikskomiteen i fjor haust har det nok vore ein travel haust for han stakkar.
Eller kanskje han tenkjer at komiteen er eit av “supperåda” me slit med, og at han, som har vore utanriksminister ikkje tykkjer at han kan bidra til at det kjem noko fornuftig ut frå den komiteen. Ikkje veit eg, men ein god grunn lyt han vel ha.
Jaja, han er god med ord, så han finn nok nokre fine formuleringar som forklårer oss kvifor tida har vorte så knapp denne hausten.

 Jula er historie, skreiv ein av mine bloggkontaktar.
Så sant, og eg kom fort ned på jorda då eg kom ut i bilen i dag og ville ha ein tur på butikken for å fylla oppatt kjøleskåpet. Eg vreid på nøkkelen – ikkje liv.
Kva gjer ein då? Jau, ein nytter sitt NAF-medlemsskap, og vips står det ein bergingsbil utafor garasjen med nok straum til å sveiva liv i ein tungrodd dieselmotor… Gratis!

Det var batteriet mitt som hadde teke kvelden. Det var ikkje vanskeleg å skjøna det ettersom dei lengste turane eg tek no vinterstid er snaue to kilometer. Det vert ikkje mykje lading av det.
Ein rask tur opp til bilforhandlaren, og vel eit par tusenlappar løyste startproblema mine. Eg lovar på tru og ære at eg skal ta mykje betre vare på det nye batteriet. Eg skal, blant anna halda meg unna setevarmen. Får heller sitja og frysa i reva på den korte turen til kjøpesenteret.
Varmen på bakruta og sidespeglane kan eg også spara på.

Så kan det nye bilåret koma utan startvanskar for bilen. Korleis det er med gubben er eit heilt anna spørsmål…
 

Quick fix…

For noen dager siden begynte det plutselig å blinke i det ene øyet mitt. Lynglimt ute på ene siden, så her låg frykten for netthinneløsning langt framme i tankene.
Imidlertid la lynaktiviteten seg over natta. I stedet svømte en ørliten prikk inne i øyet, noe jeg merket mens jeg leste.
For sikkerhets skyld ringte jeg min øyenlege og her fikk jeg time to dager senere.
Han undersøkte øyet og fant fort ut at det hadde løsnet en “glassbit” som samtidig hadde laget en liten rift i netthinneveggen, og det måtte fikses.
Min første tanke var at nå kommer det til å bli en omfattende og langvarig behandling.
Men nei. “Vi limer riften med laser” var legens medisin.

Google.
Så bar det inn på et behandlingsrom. og etter noen minutters laserblink var riften limt og jeg kunne forlate legesenterer med forsikring om at nå var problemene borte.
Hele prosessen hadde da tatt under to timer inkludert endel ventetid.
Det må da kunne kalles en “quick fix”.

…om vi av og til klager på ventetider og køer i helsetjenesten så var opplevelsen jeg hadde med øyeproblemet mitt udelt positiv. Raskere kunne det neppe ha gått fra jeg kontaktet legesenteret til jeg var ferdig behandlet!!!