Akk ja…

Godt nyttår skulle eg vel fyrst og fremst seia til alle mine kontaktar og lesarar.

Eg veit ikkje om han Jonas har hatt tid til å ynskja vener og uvener godt år heller. Ettersom han ikkje har teke seg tid til å møte i eit einaste møte i utanrikskomiteen i fjor haust har det nok vore ein travel haust for han stakkar.
Eller kanskje han tenkjer at komiteen er eit av “supperåda” me slit med, og at han, som har vore utanriksminister ikkje tykkjer at han kan bidra til at det kjem noko fornuftig ut frå den komiteen. Ikkje veit eg, men ein god grunn lyt han vel ha.
Jaja, han er god med ord, så han finn nok nokre fine formuleringar som forklårer oss kvifor tida har vorte så knapp denne hausten.

 Jula er historie, skreiv ein av mine bloggkontaktar.
Så sant, og eg kom fort ned på jorda då eg kom ut i bilen i dag og ville ha ein tur på butikken for å fylla oppatt kjøleskåpet. Eg vreid på nøkkelen – ikkje liv.
Kva gjer ein då? Jau, ein nytter sitt NAF-medlemsskap, og vips står det ein bergingsbil utafor garasjen med nok straum til å sveiva liv i ein tungrodd dieselmotor… Gratis!

Det var batteriet mitt som hadde teke kvelden. Det var ikkje vanskeleg å skjøna det ettersom dei lengste turane eg tek no vinterstid er snaue to kilometer. Det vert ikkje mykje lading av det.
Ein rask tur opp til bilforhandlaren, og vel eit par tusenlappar løyste startproblema mine. Eg lovar på tru og ære at eg skal ta mykje betre vare på det nye batteriet. Eg skal, blant anna halda meg unna setevarmen. Får heller sitja og frysa i reva på den korte turen til kjøpesenteret.
Varmen på bakruta og sidespeglane kan eg også spara på.

Så kan det nye bilåret koma utan startvanskar for bilen. Korleis det er med gubben er eit heilt anna spørsmål…
 

6 kommentarer
    1. Vonar at dine personlege startvanskar er mykje raskare enn det trege batteriet ditt. Så pass liten tur kan du godt tole å vere litt kald i ræva, som du så lyriskt uttalte. Du kan f.ekspl. ta med deg eit lunt pledd som kan lune det du sit på.

    2. Hell i uhell; NAF-medlemskap er godt å ha. Men kva skal vi gjera med veret. Slik det var i går skal det bli i tretten veker framover. Det positive er at du slepp frysa i ræva likevel.

    3. Pedro: Nei, ræva er berga no, men eg lyt ta ein tur til Øygarden for å tjora båten. Dei trugar med orkan der ute til helga.
      Det vert mykje å passa på for ein gamal mann. No lyt han passa på Vårherre sine ymse lune også, og gubben som trudde at det var Vårherre som skulle passa på han.
      Jaja, så feil kan ein ta…

    4. Oldemorbloggen: Takk for gode råd, og dette med pleddet var ikkje dyrt ein gong, eg får stela det katten brukar liggja på, når han ikkje ser det.
      Om det vert vindfullt og vått, ha ein fin dag i “sør”…

    5. Broren i øst: Nei, Skodaen går nok den, bare den får fylt opp sine kraftkilder, og når man har leverandører som NAF er denne siden av saken i boks.
      Ellers går turen til Øygarden i dag for å tjore båten før den annonserte orkanen i helga…Huff!
      Ha en rolig pensjonistdag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg