I denne gubbens alder…

…får han ta med dei jubilea han kan – og feira seg sjølv, det kan denne karen. Ikkje med champagne og fyrverkeri, men med å repetera gamle “bragder”.
Det er nå mest på dagen seks år sidan han la inn det fyrste innlegget i bloggen sin, og til no har det vorte mest 1000 innlegg. Det som byrja som ei forviten prøve på den nye digitale verda, har etterkvart vorte ein stad kor ein har møtt mange hyggelege kontaktar. 
Mange har vore innom kortare eller lengre tid, og nokre få har vore uthaldande som gubben…

I dag vil eg så “feira” med å leggja inn att eit av dei fyrste innleggja mine. Det kan for så vidt høva no som me har hatt ein lengre periode med vinter og kulde, og kor ein ser snøklokkene stikka så smått opp or jorda.

Google

Vårlengt.

Ventar du på sol og vår.

Har du venta lenge no ?

Snart høgare oppe sola står,

og nører deg ei lita glo.

 

Ventar du på varme dagar

som vekkjer sjel og kropp?

Kanskje framtida seg lagar,

slik at du tinar opp.

 

Ventar du på ein ven,

ein som er deg kjær.

Ser du at han mot deg kjem ?

Snart så er han nær.

 

Ventar du på fred i sinnet,

fridd frå tunge stunder ?

Stunder som sit fast i minnet

då du mest gjekk under.

 

På ein ting skal du vera klår.

Ditt livformar du sjølv.

Du haustar alltid det du sår.

Lukka kjem ikkje på ei fjøl.

09.03.2009.M-m.

6 kommentarer
    1. MESTERLIG!
      Med samme opphav er det rart å registrere at vi er så forskjellige. Du en mester med “penn og blekk”.
      Og jeg ??????????????

    2. Broder’n i øst: Takker…
      Du har dine egenskaper, handyman og flaskeskutebygger etc. Her høljer det, og snøen forsvinner for denne gang.
      God helg…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg