Etter at me fekk mobiltelefonen kan ein dagleg oppleve folk på gata eller vegen som tilsynelatande går og pratar med seg sjølv. Det kan jamvel ha vore slik at du har lurt på om nokon snakka til deg.
Det kan absolutt ha sine humørfylte sider. Sjå berre her…
Google
Digital forvirring.
På rusletur langsetter vegen,
ein gamal og krokut kall.
Etter gransking hjå fastlegen,
attende til sin heimlege stall.
Då høyrde han brått nokon bak,
det var ei ung og spenstig dame.
Kva høyrde han, gjekk ho rett på sak?
Blodtrykkjet steig med det same.
Høyrde.: «Eg hentar deg klokka seks,
for no er eg så klar for ein fest».
«Seier du det?» svara han perpleks.
Brått ungfolekåt, klar for Wild-West.
Så vende han rundt i situasjonen
Kva kom for dagen då?
Jau, jenta prata i mobiltelefonen,
og festkvelden svann fort i det blå.
Nei, gamle gubbar i den digitale verda
lyt sjå seg nøye bakover herda.
Nokre tilbod er for gode til å vera sanne.
Gå heller heim og nyt fruas pytt-i panne!
03.03.2014.M-m.
Google
Ha ein spanande dag i den mobile verda…



























