Så er det månedsskifte igjen…348. Februar 2014.

…og denne måneden har stort sett vært preget av OL-prestasjoner og pamper.
Men noen “rariteter” har jo forekommet innimerllom…

Til eksempel har denne nå blitt “fysj og fy”!

Februar 2014.

Dei fekk eit problem borte i jødeland,
med ei heilnorsk, kristen jente,
kjærast med ein rettruande jødemann,
ein relasjon jødane ikkje anerkjente.
I Israel slo forholdet sterke gnister,
for guten var son til landets statsminister.

Stakkars jøder, har dei ikkje vanskar nok,
med muslimar og andre vantru individer.
om ikkje ei norsk jente skulle gjeva dei sjokk
i desse jødeturbulente tider.
Nei, takka meg til ei meir avslappa tru,
der kristne og heidningar saman kan bu.

Så les me om årets sluttpakkefest;
ein toppsjef laut reise med hatten og frakken.
Over 30 millioner frå Sparebanken Vest
gav han råd til den dyraste konjakken.
Medan me sat og kjende grådigheitsstanken
glisa den avsette heile vegen frå banken.

No er det endeleg OL på nytt.
Å, så me har venta i fire år.
300 milliarder er berre, pytt-pytt
når Putin oppe på sigerspallen står.
Med skogane fulle av krutt og missil
slepp han å sjå ein einaste homofil.

Så nokre ord om den Heibergske skandale.
Skijentene ville syna medkjensle og sympati.
Eit syrgjeband rundt armen kom ikkje på tale,
for her synte OL-pampar liten empati.
OL er?kje staden for medkjendsle eller sorg,
som aktiv er du fange i IOC?s heilage borg.

No er brunosten «Queso non grata».
Han inneheld mykje sukker og fett.
Då lyt han bort frå frukostfata
ein gamal usunn yndlingsrett.
Men pytt, me har snopet og brusen,
med Grandiosaen attåt, gjer det susen.

Så er OL-fakkelen sløkt.
Slutten på den store vinterfesten.
Dei fleste tevla med iver og kløkt.
Nokre rakk toppen, og andre nesten.
Takk for innsatsen, menn og kvinner.
Leiken er viktig, om ikkje alle vinner.

Så er me attende til normalen.
AP vil svartmåla dei blå.
I den politiske jammerdalen
vert spådd kor gale det no vil gå.
Sjølv om Siv og Martin har funne tonen,
er dei hund og katt i den politiske diskusjonen.
28.02.2014.M-m.

12 kommentarer
    1. Oldemorbloggen: Du skal ha takk, men det vert vel snart for mykje ros. Slikt kan gå til hovudet på ein gamal kall. Men ar må seia at eg har glede av og vri hjernen på leit etter mange av orda. Det vert vel ei slags trening for tilårskomne hjeneceller.

    2. Det er no så viseleg laga at i kvar veke dukkar det opp nye tema for ein rimsmed. Eg såg at det var ei bok med rimord på salg, men den har du ikkje bruk for. Takk for februar, og no ventar me i spaning på mars (ser alt nokre nye tema i horisonten).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg