Når det stormar og bles ut på dekk…

Eg kom på ei strofe av Jakob Sande då eg skulle til med dette blogginnlegget
For sanneleg har det storma, blese og regna her ute på øyane den siste tida.
Då kan det vera godt at nokon trassar vergudane og dreg ut og hentar opp god rogntorsk som me kan trøysta oss med mellom uversriene.

Dette vart såleis middagen i går. Godt å ha gode vener og gamle klassekameratar som hentar opp godsakene for oss…
Det einaste som manglar her er vel raudvinen, men det får vera måte på ein onsdags middag.
Middagsluren vart heller lang…

Ja, så var det denne karen då som hjelper oss å halda varmen i huset.

11 kommentarer
    1. Tenk for eit strev som ligg bak desse bileta. «Ondt ofte lider den fiskermand» som må ut og henta delikatessane. Og tenk kor du sleit med sitkagrana før det vart varme i stova. Legg deg tilbake og nyt livet, du har det godt , sjølv om det bles rundt husnovene.

    2. pedro: Takk for at du minte meg på vedjobben. Samvitet vart med eitt mykje enklare å leva med. Ellers vart det 35 fiskekaker av ein halv lyr (5kg). Dottera fekk den andre halve. Hadde du vore her i dag skulle du ha fått det eit lyremåltid med fisk i!!
      Ha ein fredfull ettermiddag..,.

    3. Dette såg direkte smellgodt ut, men ikkje kan eg forstå kva som er i vegen med ein onsdagsraudvin for ein pensjonist. Og så godt som det er med raudvin til tosk.

    4. Mølja fikk vi heldigvis da vi besøkte familien i Tromsø for 2 uker siden. Tror det er en vitamininnsprøytning på denne årstiden 🙂
      Men når det gjelder storm og vind så har jeg den siste tiden møtt bla. folk fra Stord som sier at de er glad i vind. Dere Vestlendinger er nå morsomme 🙂

    5. tromsfruen: Middagen var god, det kan jeg love.
      Ja, du vet mange bergensere savner regnet allerede etter tre dagers opphold. Vi er nok litt preget av klimaet vårt.
      Forresten, kjekt at du er innom bloggen igjen. Ha en fin week-end…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg