Så er det over…


Så er det endeleg over og me kan kvila ut i fire år..
.Likevel, ei lita oppsummering kan vera på sin plass…

Festen over.

Fjorten dagar framfor TV-ruta,
utstyrt med både tørt og vått.
Ein trøystetår om dei velta skuta,
to sigersdrammar når det gjekk godt.
Så er sikringslageret tømt,
alt før dei OL-byen har rømt.

På isen fekk me oss ein i skallen.
Me sleit og hadde det ille.
Hollendarar tapetserte pallen,
Dei fekk det nett som dei ville.
Formen lyt hevast, og skeisejarn kvessast
om me med OL-medaljar skal dressast.

På snøen gjekk det stødig og godt,
i brattbakken fekk me fleire medaljar.
Alpinistane takla bakkane rått,
og smilande vann dei sine bataljar.
Takk for mykje spaning og fart.
Me ventar på neste olympiske start.

Skijentene lyste opp i stova.
Dei hausta mykje gull og ros.
Prestasjonar nesten større enn lova,
førde til mang ein TV-kos.
Ei ekstra helsing til skidronninga vår,
til Marit som jamnast på pallen står.

Gutane var ikkje heilt på topp.
Dei fekk ikkje fart på langrennsskia.
Etter nokre kilometer var det stopp,
slitsamt gjekk det oppetter lia.
Men dei er nok betre enn som så,
neste gong bør dei på pallen stå.

Kombinertgutane overraska oss,
med medaljar i alle slags metall.
I løypene for dei fram som ein foss
og hoppbakken takla dei utan fall.
Mange glade gutar på pallen,
gratulerer heile «kombinertstallen».

Skiskyting gjorde det også flott,
dei hausta mykje medaljar og æra.
Den eldste og yngste gjorde det godt
i løypene med våpenet på herda.
Ei stor hylling til gamlefar sjølv,
Ole Einar har bøttevis med gull og sølv.

Me hadde atletar på fleire scener
utan at alle nådde heilt opp.
Likevel vart dei våre TV-vener,
og her vart kunstløparjenta topp.
Blant ekspertar på hopp og piruettar
hevda ho seg godt med sine isballettar.

Så er vinteridrottsfesten over.
og me kan trygt forlata TV-ruta.
Utan bakrus eller «hangover»
ber det om bord att i kvardagsskuta.
Attende til venting på sol og vår
medan ulande vindkast rundt novene slår.
24.02.2014.M-m.


Rett før dei tapetserer pallen…

7 kommentarer
    1. Aldri vil du svikta
      me gler oss over dei gode dikta
      Det er lett å sjå
      at tv-en din har stått på
      Du har følgt godt med, det ser eg
      mykje meir enn meg
      Heldigvis er det fire år til neste gong
      det er OL-sesong.
      For det vil eg sei
      at no er eg drita lei.
      PS. No syns eg du skal gå ut å sjå om du finn kvitveis på bakkane, så kan du gje kåno di ein bukett, for ho er òg sikkert lei av OL-styret.

    2. fruensvilje: Ja, nå skal det bli godt å komme seg ut på en skogstur, men her ytterst på kysten er vi stengt inne av vedvarende storm og regn. Men som Prøyssen sa.: “Du skal få ein daq i mårrå”. Det satser jeg på.

    3. Oldemorbloggen:
      Nå ble det litt “lått”.
      Av diktet ditt, så flott.
      Jeg er ute av TV-stolen
      uten å ha fått trimma bolen.
      Vårherre har skapt seg aldeles vrang
      så trimturen er utsatt gang på gang.
      Uråd å ferdes utomhus,
      men inne går an, med et kaffikrus.
      —-
      Blomster til fruen er på plass.
      Røde tulipaner i tilhørende glass.
      Da er det god kveld i stua,
      både for gubben og frua..

    4. Nå tar jeg utskrift av diktet, så slipper jeg å samle på alle avisene fra OL. Takk for ypperlig sammendrag.
      Nostradamus og Snåsamannen forstås best i ettertid. Snåsamannen mente nok 6 gull til trønderne, og ikke til Norge, da blir det ganske riktig.
      Når det gjelder været utover så sies det at slik det er i dag vil det bli i 4 uker. Her var det gråvær og tåke, og det vil nok vare til over holmenkollhopprennet.
      Sett bort skiene, og ha en god natt!

    5. pedro:Skiene er lagt i arveporteføljen, alternativet var peisen…Det med været stemmer sikkert. Har me nokon gong sett eit skoddefritt hopprenn i Kollen…Og me vil ha OL til Oslo; “ka du tru”!
      Ha ei roleg natt med drypp frå hustaket.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg