Då han vart slept ut or fengselet her hin dagen var den fyrste fråsegna til mullahen at det norske fenselsvesenet og fangebehandlinga var på nivå med det nordkordeanske, om ikkje verre. Men då har styresmaktene eit godt alternativ til Kyrksæterøra.: Send mullahen til Nord Korea.! Hugs å spørja Brynjar Mehling fyrst…
I går kveld fekk eg melding frå ein gamal ven og fiskar at no hadde han fisk til meg om eg ville ha – og kven seier nei til nytrekt gytetorsk. Altså rigga eg meg til med kjerring og kamera og stamp til å ha fisken i og tok turen ut til Øygarden. Der vart det både fisk, lever og rogn i stampen . Vel heime att skulle eg laga eit lite oversyn over turen, men kva mangla då, jau – fisken som skulle vera “hovudpersonen” i innlegget. Eg hadde gløymt å ta bilete av den. TABBE!!! Då får eg visa dykk nokre av dei bileta eg tok på turen utover, som er omtrent 40 km, og tek stort sett like mange minuttar å køyra… Bruer er her mange av, store og små. Dette er Sotrabrua. Den er alt for lita i dag, så ny bru er under planleggjing. Tunellar er her og på vegen …og påminning om farten vår. Det er ikkje klårt, men skiltet der framme viser at me er rett på fartsgrensa, 60 kmt. På CCB/Ågotnes ligg oljeplatformene inne til ettersyn, eller er dei kanskje i opplag no i desse usikre oljetidene? Her er mange øyar og sund på vegen, så bruene er like mange… Ein ufriviljug selfie dukka også opp frå kameraet… NINA strippa båten min for presenning. Så nokre bilete frå naustmiljøet, og det viser at bygningane hadde berga i stormen. …men tauverk og tang var skola opp på kaiar og slipper… Desse to lever stort sett her nede ved nausta, og dei lever av fisken som vert førd til lands. Eg trur at dei lever stort sett godt. Dei mange rotveltene freista meg til å ta med eit i dette innlegget. Så turen attende. Nye tunellar og nye bruer. Her er me i gong med å køyra inn på Askøybrua, og “fisketuren” utan fisk er snart over. Men fisken er med – berre ikkje i kameraet.
Men, hokus pokus – her fikk jeg vist noe av fisken om enn i foredlet form og klar til konsum. Og versogod, her er alle ingrediensene.: – Poteter og gulrøtter – Lever – Rogn – Eggesmør – Og hovedpersonen, torsken. Det ble mer enn en porsjon av denne delikatessen. Bonne appetitte!
…eg noko eg skreiv for to-tre år sidan. Årsaka var kanhende at katta vår stort sett har sove bort vinterstormar, torever og hissige regnskurder denne vinteren…Men i dag, då himmelen var klår og sola skein, sto ho på døra og skulle ut. Ho kom som vanleg og strauk seg oppetter kallen til ho fekk mat…Etter at frukosten var fortært var det ikkje snakk om meir kos. Ho strauk rett på dør. Det er kattetid så freistingane var vel større utomhus…
Google Eit venskap.
Det fins ein god ven i huset.
Han møter deg og varslar når du kjem heim.
Han likar å verta stroken og klappa,
og han kosar seg på fanget ditt.
Men han vør deg mindre når magen er mett.
Kven er det ?
Katten!
Har du mange slike vener ?
09.01.2009.M-m.
Dagen i dag. Smog over byen og snø i fjella så fjellufta er nok å anbefala.. No kan finveret halda ei stund, eg trur at me fortener det.
Jeg synes at denne var så bra at jeg måtte ta den inn i bloggen Eva. Takk for bidraget… Selvsagt er dette ikke vår verden, i alle fall ikke hver dag – eller ?
Så en liten værrapport fra det stormfulle vest. Etter regn, regn, regn og storm, storm og storm nå i snart en måned trodde jeg at Nina med etterslekt hadde gjort seg ferdig i oppstarten av uka. Men den fyrrige damen har antakelig en sendrektig slektning, og han kom på besøk i dag. Altså ny storm og striregn, fyttirakkeren! Nå er det rett før vi tar et lite eksil i varmere omgivelser. Foreløpig er dette bare en trussel til høyere makter om å adressere de neste arrige damene i andre retninger.
Vel, dette ble visst dagens sure oppstøt. Godt å få det ut. Så er det bare å håpe at brua vår ikke blir vindstengt så vi får tatt et nødvendig ærend på fastlandet. Så tilbake til dagens “bilde”. Hold sansene skjerpet og behold husfreden!
Etter en kveld og en natt med Nina var spenningen stor da det lysnet av dag. Var hus og landskap endret etter orkanen? Etter at søndagsfrokosten var unnagjort var det å “sala gampen” og ta turen ut til Øygarden for å sjekke hus, naust, båt og hage. Nede på kaia viste utsikten til Osen at storsjøen fra i går ennå ikke helt hadde lagt seg. Naustene var stort sett intakt så vi har tydeligvis vært flinke med sikringen etter forrige storstormen i 1993. Den gangen havarerte naustet vårt. Her ser vi et av naustene som har fått litt skade på taket, men heldigvis ser det ut til at takplatene er relativt inntakte så de må bare tilbake på plass før neste storm. Uværet bringer mye tang og rask med seg, og her ser dere at vannet har stått godt over kaier og naustgolv. Et siste blikk ut over havet som fremdeles viser friske takter.
Her sperrer rotveltene veien til hus og hytter. Rotveltene var store og mange så Nina hadde tatt godt for seg i sitkagranskogen.
Vel, oppsummert kan vi nok si at vi har kommet bedre ut av uværet enn det var grunn til å frykte. Bortsett fra at vinden hadde fjernet presenningen av båten var det ingen ødeleggelser å spore. Vi senker skuldrene og håper at det blir lenge til vi rammes av en ny storstorm av samme dimensjoner som den som jaget over oss i går.
I dag fant jeg på et nytt ord – tror jeg. Det jeg mener, er de forskjellige ritualer vi mennesker smykker oss med under livets mange gjenvordigheter. Vi har religiøse, kulrurelle og personlige ritualer uten at jeg vil eksemplifisere de ulike nå, men dere skjønner sikkert hva jeg sikter til. Alle disse mer eller mindre tullete ritualene er sikkert et holdepunkt og en trygghet i manges liv. I dag ble jeg imidlertid trigget av nyhetene som tok opp et helt annet, og langt mer alvorlig rituale, nemlig rituell omskjæring av guttebarn. Google Dette er et gammelt religiøst/kulturelt begrunnet rituale som mange unger ennå må gjennomgå. Nå har det til og med kommet så langt at inngrepet er legalisert og helsevesenet har nærmest pålegg om å utføre omskjæringen. Men så viser det seg heldigvis at helsevesenets aktører er mer fornuftige enn lovmakerne i samfunnet. Mange av dem, kanskje et flertall, nekter å utføre denne rituelle omskjæringen. De må da følge lover og forskrifter, seier du. Vel, da er jeg av den oppfatning at når et offentlig regelverk går ut på å forandre en guttekropp uten guttens viten eller samtykke da kan det være gode grunner til å sette foten ned. Det offentliges begrunnelse er vel at det er bedre at omskjæringen skjer under kontrollerte forhold enn av amatører. Jeg forstår et slikt argument, men tror at det samtidig er med på å legitimere denne rituelle uskikken. I stedet bør man sette inn ressurser på å endre holdninger i de miljøene som bedriver denne form for rituell barnemishandling.
Du etterlyser kanskje at jeg ikke omtaler den, kanskje enda alvorligere skjendingen av kvinnekroppen som skjer i form av kjønnslemlestelse. Til det vil jeg si at omskjæringen av gutter var en sak i nyhetene i dag. Når det gjelder jentene mener jeg å ha lagt inn et innlegg om det for en god tid tilbake.
Begge former for mishandling av menneskekroppen burde høre en fjern fortid til, og vært opphørt for lenge siden. I stedet for å være med på å forlenge denne barnemishandlingen burde vel samfunnet legge ressurser i å bringe de forhistoriske ritualene til en snarlig slutt.
Ja, så er han spådd, den første vinterorkanen i år. Slik vindstyrke er ingen spøk, spesielt ikkje ute i havgapet kor han ofte tar med seg havet inn i ei høg stormflo kor naust og båtar får gjennomgå. Gubben har båten langt oppe på land og treng vel ikkje vera redd for stormfloa. Derimot står båten no på hjul og i kraftige stormkast kan han ta sin eigen veg utan hjelp av påhengsmotoren. I dag vart det så ein tur ut til Øygarden for å prøva å sikra ekvipasjen mot å ta ut på eigen hand i den tillyste stormvinden.
Som de kan sjå ligg her ei stor stikagran. Det vart offer for ein storstorm me hadde før jul, og rotvelta laut BKK (Bergen Kommunale Kraftlag) skjera ned då treet delvis låg over kraftlina. Slik får han liggja til våronna, då vert det ein jobb. Samstundes tok eg eit bilete av eigendomen der ute, ikkje akkurat i vinterdrakt… …for, som de ser er bakken framleis grøn, nesten klar for grasklipparen. Ingen storstorm i dag, men de ser at vindpølsa på ei av bruene ikkje akkurat varslar om svartestille i Øygarden…
Så står det att å vona at hus, naust og båt kjem til å overleva den tillyste orkanen.
Godt nyttår skulle eg vel fyrst og fremst seia til alle mine kontaktar og lesarar.
Eg veit ikkje om han Jonas har hatt tid til å ynskja vener og uvener godt år heller. Ettersom han ikkje har teke seg tid til å møte i eit einaste møte i utanrikskomiteen i fjor haust har det nok vore ein travel haust for han stakkar. Eller kanskje han tenkjer at komiteen er eit av “supperåda” me slit med, og at han, som har vore utanriksminister ikkje tykkjer at han kan bidra til at det kjem noko fornuftig ut frå den komiteen. Ikkje veit eg, men ein god grunn lyt han vel ha. Jaja, han er god med ord, så han finn nok nokre fine formuleringar som forklårer oss kvifor tida har vorte så knapp denne hausten.
Jula er historie, skreiv ein av mine bloggkontaktar. Så sant, og eg kom fort ned på jorda då eg kom ut i bilen i dag og ville ha ein tur på butikken for å fylla oppatt kjøleskåpet. Eg vreid på nøkkelen – ikkje liv. Kva gjer ein då? Jau, ein nytter sitt NAF-medlemsskap, og vips står det ein bergingsbil utafor garasjen med nok straum til å sveiva liv i ein tungrodd dieselmotor… Gratis! Det var batteriet mitt som hadde teke kvelden. Det var ikkje vanskeleg å skjøna det ettersom dei lengste turane eg tek no vinterstid er snaue to kilometer. Det vert ikkje mykje lading av det. Ein rask tur opp til bilforhandlaren, og vel eit par tusenlappar løyste startproblema mine. Eg lovar på tru og ære at eg skal ta mykje betre vare på det nye batteriet. Eg skal, blant anna halda meg unna setevarmen. Får heller sitja og frysa i reva på den korte turen til kjøpesenteret. Varmen på bakruta og sidespeglane kan eg også spara på.
Så kan det nye bilåret koma utan startvanskar for bilen. Korleis det er med gubben er eit heilt anna spørsmål…