her idag kan det vera greitt å minna om at dagen er Per Varmestein, og den markerer den tidlegaste vårdagen! Det var visst St Peter som kasta ein glødande stein i vatnet denne dagen, han var vel lei av vinteren han også. No tek tele, is og snø til å smelte nedanfrå og isen vert såpass usikker at til og med reven ikkje vågar seg utpå den. Skulle du likevel rota deg ut på isen, og så gå gjennom, seier den gamle skikken at då har ingen ansvar for å berga deg, det får du geia på eiga hand. Altså hald deg på fast grunn no utetter. Verspådomen her på vestlandet er at dersom dagen i dag er kald, vert det ein kald vår, så dagens snøver spår ikkje godt. Ser du derimot sol nok til å sale av og på hesten fleire gonger vert det ein god sumar og eit godt år, så det er berre å finna fram seletøyet om du ser ei sprekke i skylaget.
Så over til St Peter. Google.
Han var som kjend ein av apostlane, kanskje den mest betrudde. I alle fall vart han den aller fyrste katolske paven. Han vart drepen under kristenforfylgjingane i år 64, og gravlagd der Peterskyrkja i dag står. Det var då, ifylgje segnene, den heilage St Peter som kasta den varme steinen…
I 1628 vart eit stort svensk krigsskip, det såkalte Vasaskeppet, sjøsett på Stockholms havn for så nesten med ein gong å kantra og søkkje. Ei av årsakene til havariet var visst at dei store og tunge kanonene på dekk var for dårleg festa og og rulla over til eine sida av båten då den fekk ei slagside, og vips – båten trilla rundt og sakk. Google
I desse dagar ser det ut til at me har eit politisk parti som ikkje kjenner denne tragiske vasasoga og har sjølv gløymt å binda kanonene sine. Om båten vil bera no er eg slett ikkje sikker på, men her er eit par eksempel på lauskanonene.
Etter siste stortingsvalet inngjekk Høgre og Framstegsparitet ei samarbeidsavtale med Krf og Venstre som skulle sikra regjeringsskuta til Erna. Å seia at dette samarbeidet har vore nært og godt er vel ei stor overdriving. I samband med ein budsjettkrangel partia hadde slo den fyrste lauskanona, Mazyar Keshvari til og gav Krf og Venstre karakteristikken “Tullepartia”. Dette skapte sjølvsagt himmelsk stemning i samarbeidet, så Frp laut ut med brannkorps og tauverk for både å sløkkja brannen og festa kanona att.
Det brannsløkkjarane ikkje hadde kontrollert var om andre kanoner trong å festast betre, for der er visst nok av kanoner på det skipet. Forresten, sjølve storkanona “tjukkeberta” fins det ikkje sterkt nok tauverk til, så brått ein morgon small det, og kula (Per Sandberg) var retta mot Krf med bodskapen. “Dette partiet har stort ansvar for radikalisering av unge muslimar”. Me som lydde på radioprogrammet lurde med ein gong på om han Per hadde teke restane av akevitten etter eit berømt julebord for nokre år sidan, eller om det var inntaket av Møllers tran som hadde teke overhand.
I alle fall, den sindige bømlokaren Knut Arild vart, som venta; fly forbanna og forlangte ei årsaking. Den kom saman med eit oppgulp av gamle påstander. No er visst brannkorpsa i både Høgre og Frp i gong med å pumpa vatn og godord på han Knut Arild. Så då får me sjå kor, og kva tid den neste kanona smell av. Me lever i eit spanande politisk landsskap…
Nå er jeg vel ikke helt som han der, men må innrømme at jeg kjenner et stikk av frustrasjon over all reklamen vi blir pådyttet. Skal jeg i butikken å ha en rosinbolle lyser tilbudet, “Ta tre for kr 30” mot meg. Men jeg skal jo bare ha en, og da koster den kr 20! Så er det alle “ta to betal for tre” eller-var-det-omvendt-tilbudene som lokker. Skal jeg ha en skjorte, ja da skal jeg ha en – ikke tre…
For to – tre år siden fant jeg ut at, enten måtte jeg anskaffe en mye større postkasse for å få plass til all reklamen, eller så måtte jeg forhindre å få fylt den med dette søppelet/reklamen. Jeg anskaffet meg så klistremerket “Nei til uønsket reklame” og klistret det på kassen, og det hjalp – en stund.
For hva skjedde. Jo, min tidligere så bra avis, Bergens Tidende, ble etterhvert fylt med de reklamefolderne jeg ikke ønsket i min postkasse. Jeg forstår forsåvidt BT, for etterhvert som stoffinnholdet i avisa har minket var det vel et behov for å fylle avisen med noe. Til overmål har jeg den senere tid fått en dublett av reklamen lagt i postkassen så nå nærmer det seg neste mobbetilstander i postkassa mi. Her er forresten dagens reklameinnlegg i avisa mi.
Ha en reklamefri dag, om du finner en – og gi meg et tips om hvor den finnes!!!
Lørdag kveld fikk vi en flott kulturell opplevelse fremført av elever på Langhaugen videregående skole. Forestillingen ble fremvist i Grieghallen og det ble en nesten to timers fargerik opplevelse av musikk, sang og dans. Her var innslag fra våre klassikere som Porkofiev og Mozart til U2 og Freddy Mercury, og de mange danseinnslagene med fulle scener og varierende fargerike kostymer begeistret oss alle. De nesten 30-talls innslagene ble dels bundet sammen av moderne digital teknologi. Artig. Programheftets forside.
Som sagt, det ble en flott opplevelse av sang, musikk og dans fremført av dyktige elever ved Langhaugen Videregående skole. Elever og lærere hadde ærlig fortjent den stående applausen de fikk ved forestillingens slutt. En tråd gjennom forestillingen var Olav H. Hauges flotte dikt, Din veg, og jeg gjengir gjerne dette diktet til ettertanke.
Jaktgleda di var alltid stor, hagen heldt du fri for mus. Du fanga jamvel ei småfrekk skjor og musa drog du fram til vårt hus.
Alltid snill og kjælen, aldri sur og brælen. Favorittstaden var på eit fang, der kunne du liggje kvelden lang.
Hytta var favorittstaden til katta, der rådde du over store revir og jakttida var halve natta Då var du ute på dine eventyr.
Aldri synte du fram ei klo, Du var både trufast og pen . Alltid kjælen, snill og god, ein trugen og takksam ven
Men alderen kom og du trøytna fort, leiken og gleda forsvann. Litt etter litt visna du bort og mindre og mindre du vann.
Kjære Maia 18 år, takk for ditt følgje, Takk til vår snille og trufaste katt. No er du ute av livets bølgje. Takk for gleda me saman har hatt. 13.02.2015.M-m.
I løpet av den siste uken registrerer jeg at vi nå ser ut til å ha fått ett nyord i ordboka vår. Ordet er «læringspunkt» dukket opp i forbindelse med etterforskningen av etterforskningen av en tragisk hendelse her i distriktet for et par år siden hvor en liten jente ble funnet død i sitt hjem, og hvor politiet raskt konkluderte med at det var et selvdrap. Vi som kunne lese om saken i pressen undret oss over konklusjonen, og så vel bistandadvokat som andre kompetente ressurser stilte spørsmålstegn ved den. Saken ble heldigvis åpnet igjen samtidig som politiets håndtering ble etterforsket. Granskingsrapporten ble offentliggjort i forrige uke og konkluderte med at politiarbeidet som var utført sto under enhver kritikk. Her ble påpekt mangler ved etterforskning, ved system, struktur og ikke minst ved ledelse ? altså stryk i alle ledd av prosessen.
Politimesteren kommer heldigvis med en uforbeholden unnskyldning til jentas mor samtidig som han kommenterer noen av de mange ankepunktene rapporten avdekker. Det er da jeg registrerer nyordet «læringspunkt». Altså, alle de drepende kritiske punktene i rapporten har blitt til læringspunkter. Så sant, men var ikke dette punkter som skulle vært innlært lenge før denne saken dukket opp, og er det holdbart å bruke folk som mangler såpass mye kompetanse i jobben de er satt til å utføre. Jeg bare spør. Og ikke minst, er ikke nyordet med på å ufarliggjøre og nedtone alvoret i politiets håndtering av saken til noe bagatellmessig ? et læringspunkt. Et apropos, det er ikke første gangen politiet sliter med troverdigheten i arbeidet sitt. Det er bare å minne om Trine-saken?
Tilslutt vil jeg opplyse om at etter at saken er gjenopptatt og at en person varetektsfengslet og siktet for ugjerningen.
Men du lyt antakeleg venta eit heilt år på den neste sjansen. Kanskje du treng eit år til å skrapa samen til ei slik “investering”. Google
Denne raudvinflaska kostar nemleg godt og vel 32.000,- og vart antakeleg utseld på polet i dag…Så ettertrakta er den at det var folk som hadde overnatta to netter i over 10 kuldegrader i kø i Oslo for å få for å få tak i denne vinen. Google
Her får de eit gløtt av vingarden i Frankrike som produserer, og navnet på garden og vinen ser de på portstolpen. Eg skjøner på ein måte at ein ihuga samlar strekkjer seg langt for å få tak i ei flaske eller to av denne raudvinen. Men å liggje i to netter ute for å få tak i ei flaske, det er i alle fall ikkje meg. Ville du ha lagt deg i kø framfor polet i to netter saman med dei hundre andre som gjorde det for å få tak i ei flaske eller to?
Så har denne bloggen som opprinneleg var tenkt å vera ein kortvarig test i bruken av sosiale media greidd å verta 5 år, på det næraste. Det har vore 5 år med funderiar, og med kommantarar og spark i aust og vest. Så no står det att å takka for dei mange gode bidraga som er snappa opp og bearbeidd i desse åra.
Fyrst vil eg takka Frp for at dei er så flinke til å senda asylsøkjarar utan opphaldsløyve ut or landet. Å senda ut bornefamiliar som har vore lenge i landet her hjelper godt på statistikk og vallovnader. Dei kriminelle får heller bli. Forresten skal me visst no eksportera slike til soning i Belgia. Alle monnar dreg, seier dei. Ja,så må me takka for at bompengeprosjekta vert freda. Korleis skulle me ha bygd vegar utan dei. Ja, kva skulle me ha gjort utan ho Siv ? eg berre spør..
Så ei takk til Erna. No skal me endeleg få shoppa sju dagar i veka. Ho har innfridd eit stort sakn i landet vårt. No ventar eg berre på neste valkampslovnad som sikkert vert opne butikkar 24/7. Gled dykk shoppoholikarar.
Jonas lyt også få ei stor takk ettersom han syner oss at det som hender utafor landegrensene våre ikkje er viktig. Han har jo vore utanriksminister så han skulle jo veta noko om det. Nei, la dei slost i Ukraina, Syria, og i Afrika, og la dei bombedrektige russiske krigsflya sleikja grensene våre. Me treng ikkje bry oss med det. Nei utanrikskomiteen kan me berre prioritera ned.
Takk Ola Borten Mo for at du fortel oss at å verna om venskap og gode relasjonar i partivenekrinsen er viktigare enn naturvernet. Me kan berre flytta på kraftliner og andre konstruksjonar til verna stader om dei vert for nærgåande for venskapen.
Så ei takk til Knut Arild for at me har fått ein ny bokstav inn i livssynsfaget. Bokstaven K står antakeleg for at Krf har fått sin favorittbokstav inn i dette faget. Gratulerer!
Trine Skei skal ha takk for ho prøver å halda eiga regjering i øyrene. Det er vel ikkje den lettaste øvinga, men skulle det røyna for mykje på sit vel ein vårkåt Lars og hoppar i fylkesmannsstolen, ivrig etter å sleppa inn på scena.
Kva eg skal takka Audun for veit eg mest ikkje, for der i garden er dei i mot det meste, så det måtte verta ei takk for at dei prøver å fortelja oss at verbale angrep er det beste våpenet. Ja, og så har dei vore med på å overta barnestellet alt frå ungen din er eit år?Vert ungane berre surrogatborn for staten? Eg undrest?
Så var det han Rasmus. Takk for at du har ei god sak, men du lyt nok utvida reportuaret litt for å koma i dialog med resten av flokken i løvehola.
Til sist ei takk til mine gode bloggkontaktar, for deira gode innlegg og kommentarar. Til inspirasjon har de vore alle saman. 02.02.2015.M-m.
Så startar gubben det nye året som vanleg med blanke ark. medan Siv og Erna riv seg i håret og prøver å parera politiske spark. Dei messar om skyene i horisonten, åtvarar om den økonomiske uversfronten.
Men trur de me høyrer etter, me som har gullskjeia i kjeften. og bordet fylt av dei beste retter. Nei, me vil ha den same geskjeften. Men kan denne gullfesten enda godt eller vil nedgongen vekkja oss brått.
Eit tragisk åttak på det frie ord gjekk føre seg i Paris. Slakta ned rundt sitt arbeidsbord, prentefridomen sin høge pris. Millionar tok til gatene i støtte og sorg, medan Obama sat roleg i si kvite borg. Jonas har visst dårleg med tid, han har nok alt for mykje å gjera. Formannsskap og politisk kappestrid er visst meir enn mannen kan bera. Møta i utanrikskomiteen trappa han ned. Det er visst ikkje så viktig med det.
Og Frp fekk det som dei ville, utsendingsmåla fylde dei lett. Kriminelle fekk bli, ut laut dei snille. Borna laut ut, ingen nåde for rett. Kraft laut synast i asylpolitikken, då laut Frp hjelpa på statistikken.
No var handlekrafta kome til makta, så då måtte det vel endeleg gå at mullahen som er hata og forakta fekk reisepass av dei mørkeblå. Men handlekrafta var visst berre prat, og Frp framsto som nygjella kastrat.
Det er ein brysom mullah, som er ettersøkt i mange land. To regjeringar ville ha han ut i kulda, men vert ikkje kvitt sin uynskte mann. No skal han visst i trøndersk eksil, men berre dersom Brynjar Meling vil. 31.01.2015.M-m.
I dag som regnet, som vanlig, høljer ned synes jeg at det kan være greitt med et lite tilbakeblikk på en hendelse for et par år siden, i 2012. Da ble det lagt ut tilbud om cruse som omfattet både Odessa og Jalta. Da begge disse stedene er aktualisert gjennom hhv den pågående “borgerkrigen” med sterk russisk støtte i Ukraina og Russlands annektering av Krim. Først et glimt av Odessa. Hotellet i havna var imponerende. Fredagen er dagen for inngåelse av ekteskap, og brudgommen tar bruden med seg til viktige steder i byen. Her foran rådhuset, tror jeg. …og ekvipasjen er skikkelig pyntet for anledningen. Katharina den store på sin sokkel med sine elskere, som seg hør og bør, på trinnet under.
Så over til Krim og Jalta. Historien til denne regionen er brokete, men ettersom jeg har funnet ut overtok Russland Krim i 1783. Her bodde tartarene, og de ble da delvis fordrevet av russerne. Stalin fullførte jobben med å sende storparten av dem til undergangen i Sibir. Han visste hvordan han skulle kvitte seg med uønskede folkegrupper den karen. Imidlertid flyttet mange av tartarene tilbake etter Stalins tid og Krim ble gitt til Ukraina av en sterkt alkoholpåvirket Krustshov på 60-tallet. Dette sier i alle fall historieryktene. I tillegg til å være et populært feriested for russiske rikfolk og ledere er vel Jalta mest kjent for jaltakonferansen i 1945, hvor de tre store. Stalin, Churchill og Rosevelt delte det fremtidige Europa. Innseilingen til Jalta er storslått, og her er en av de flotte kirkene. Livadiapalasset, som var tsar Nikolai II sommerresidens, ble åstedet til den tidligere omtalte konferansen. Her satt de høye herrer og delte Europa i interessesfærer og… …her ble den endelige protokollen undertegnet. Den siste tsarens familie fremkom på dette bildet. …og her hans gedigne skrivebord. Avslutter med et bilde foran palasset samtidig som det må innrømmes at en i løpet av besøket her følte historien ganske tett innpå seg. Tilslutt noe mer uhøytidelig, Svaleredeslottet, som var bygd av en engelsk rikmann (tror jeg) helt ute på en fjellpynt. Den har ikke vært tilholdssted for de største notabilitetene, og stedet drives i dag som en eksklusiv restaurant. Eksotisk, ikke sant.
Vel dette var bare en overfladisk beretning over en tur som var tilgjengelig for et par år siden, men som kanskje er mer tvilsom i dag. I alle fall ville jeg være forsiktig med å legge ferien til Ukraina..