Tabbetur…???

I går kveld fekk eg melding frå ein gamal ven og fiskar at no hadde han fisk til meg om eg ville ha – og kven seier nei til nytrekt gytetorsk.
Altså rigga eg meg til med kjerring og kamera og stamp til å ha fisken i og tok turen ut til Øygarden. Der vart det både fisk, lever og rogn i stampen .
Vel heime att skulle eg  laga eit lite oversyn over turen, men kva mangla då, jau – fisken som skulle vera “hovudpersonen” i innlegget. Eg hadde gløymt å ta bilete av den. TABBE!!!
Då får eg visa dykk nokre av dei bileta eg tok på turen utover, som er omtrent 40 km, og tek stort sett like mange minuttar å køyra…

Bruer er her mange av, store og små. Dette er Sotrabrua. Den er alt for lita i dag, så ny bru er under planleggjing.

Tunellar er her og på vegen

…og påminning om farten vår. Det er ikkje klårt, men skiltet der framme viser at me er rett på fartsgrensa, 60 kmt.

På CCB/Ågotnes ligg oljeplatformene inne til ettersyn, eller er dei kanskje i opplag no i desse usikre oljetidene?

Her er mange øyar og sund på vegen, så bruene er like mange…

Ein ufriviljug selfie dukka også opp frå kameraet…

NINA  strippa båten min for presenning.





Så nokre bilete frå naustmiljøet, og det viser at bygningane hadde berga i stormen.

…men tauverk og tang var skola opp på kaiar og slipper…

Desse to lever stort sett her nede ved nausta, og dei lever av fisken som vert førd til lands. Eg trur at dei lever stort sett godt.

Dei mange rotveltene freista meg til å ta med eit i dette innlegget.

Så turen attende. Nye tunellar og nye bruer.

Her er me i gong med å køyra inn på Askøybrua, og “fisketuren” utan fisk er snart over. Men fisken er med – berre ikkje i kameraet.

Men, hokus pokus – her fikk jeg vist noe av fisken om enn i foredlet form og klar til konsum.

Og versogod, her er alle ingrediensene.:
– Poteter og gulrøtter
– Lever
– Rogn
– Eggesmør
– Og hovedpersonen, torsken.

Det ble mer enn en porsjon av denne delikatessen.
Bonne appetitte!

 

 

.
 

14 kommentarer
    1. tror jammen jeg hadde tatt den lange turen for fersk torsk jeg også :)) flotte bilder om enn noe tragisk med noe som rotvelt og båt uten presenning,godt båten ikke for

    2. Sukk og stønn, det måltidet såg skikkeleg godt ut. Ferst tosk er det sjeldan eg smakar, eg har ingen på telefonen som kjem med tilbod om slike delikatesser. Sjøl om du gløymde hovedattraksjonen, var det stemningsfulle bilder likevel.

    3. Oldemorbloggen: Me snakka akkurat om det med smak av god fisk. Sjølv om fisken i fiskedisken av og til “går an”.så er det mange mil opp til den nytrekte rogntorsken. Og så middagsluren etterpå då!
      Nyt den siste godversdagen for denne gong…

    4. fruensvilje: Ja, fisken var vel verd turen. Som du ser av bildene ellers ligger det mye arbeide i å rydde opp i rotveltene her ute i havgapet. Jeg er glad det ikke er min jobb.
      Ha en fin dag…

    5. slik oppryddingarbeid er nok ikke for hvem som helst,her inne i fjorden var det en dødsulykke under samme type skogrydding,en rotvelt reiste seg igjen og traff ene arbeideren som så omkom

    6. Havet gjev og havet tek. Det ser ut til at Njord vil gjera det godt att etter vinterens raseri. Du har i alle fall fått deg eit gasta måltid. Eg må nok grava djupt i pengepungen om eg skal framskaffa noko liknande. Ha nok ein fin dag i vest!

    7. Pedro: Ja, eit gasta måltid var det. Det same vart middagsluren etterpå. No ser det ut for at vergudane har vakna til liv att – ein ny storm er meldt.
      Du får ha ein ettermiddag i vindstille…

    8. Hørtes deilig ut med fersk torsk og det gode som hører til 🙂 ..det var nok verdt turen ja..og morro å være med på reisa :)..så synes jeg det er så koselig med slike bilder av naust…det er liksom ikke så vanlig her jeg bor..godt det gikk bra i stormen også 🙂 Ha en flott kveld 🙂

    9. annebe: Naustmiljøet ute hos oss i Øygarden er ganske spesielt og godt skjermet fra storhavet som ligger få minutter unna, med båten. Liker meg godt der ute.
      Ellers venter visst en ny storm i natt, men det går vel bra det også. Det nytter ikke å ha utsatte eiendommer og være bekymret når det blåser opp.
      Ha en fin kveld…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg