I dag fann…

…eg noko eg skreiv for to-tre år sidan. Årsaka var kanhende at katta vår stort sett har sove bort vinterstormar, torever og hissige regnskurder denne vinteren…Men i dag, då himmelen var klår og sola skein, sto ho på døra og skulle ut.
Ho kom som vanleg og strauk seg oppetter kallen til ho fekk mat…Etter at frukosten var fortært var det ikkje snakk om meir kos. Ho strauk rett på dør. Det er kattetid så freistingane var vel større utomhus…

 
Google

Eit venskap.

 Det fins ein god ven i huset.

Han møter deg og varslar når du kjem heim.

Han likar å verta stroken og klappa,

og han kosar seg på fanget ditt.

Men han vør deg mindre når magen er mett.

Kven er det ?

Katten!

Har du mange slike vener ?

09.01.2009.M-m.


Dagen i dag.
Smog over byen og snø i fjella så fjellufta er nok å anbefala.. No kan finveret halda ei stund, eg trur at me fortener det.
 

8 kommentarer
    1. fruensvilje: Katten er et selvstendig vesen. Den vet å innynde seg når det er noe den vil oppnå, og når det har gått i boks snur den ofte ryggen til. Men katter er greie husdyr å ha, vår er 18 år nå og still going strong.
      Ha en fin kveld…

    2. Takk og pris, at me endeleg er blitt velsigna av godvèr, håpar det held seg i vekesvis, men det er vel for mykje forlangt. Katt har eg ikkje, har hatt i gamle dagar. Den var slik at kl 0500 stod den utanfor soverommet og ville inn, noko han varsla med høge mjau. Var han inne, ville han ut kl 0500. Dette var ei stor plage og lite svevn blei det, så han møtte diverre bøta med livet. No syns eg det er fælt å tenkje på den stakkaars katten, er nok blitt meir ømskinna med åra.

    3. Oldemorbloggen: Ja, skal du fylgja katten sine rutiner vert det mykje stress og kav. Me har funne løysingar som både katten og me kan leva med. Elles får me vona at den store verguden
      no ser i nåde til oss og leverer oss stabilt og godt vinterver nokre veker.
      Ha ein solrik dag…

    4. Ikkje har me katt og ikkje har me sol, men me har snø – heldigvis av det lette fine slaget. Under dette fine snølaget er det blankis, og det set visse krav til både fotgjengarar og bilistar.
      Nyt sola og livet, og ikkje tenk på regnet som kjem neste vike.

    5. Pedro: Hald god fast på lårhalsen Pedro. No nyt me to – tre dagar med godver, så kjem vel f—–skapen attende, tenkjer eg.
      Eg er for gamal til alt dette drittveret no, kjenner eg…
      Ha ein god dag med snøskuffa…

    6. Slike gode vener har eg òg. To kattar har eg, ei kjette og ein hannkatt. Kjetta er ein utruleg god jeger. Går med noko i kjeften til alle stunder. Hannkatten er meir roleg, ihvertfall no om vinteren. På sommaren er han for det meste ute å flyg (etter nabo-kjetter).

    7. Anonym: Ja, det er mykje soving og eting for kjetta vår no om vinteren. Ho er så gamal no at det stort sett er slutt både på matjakt og jakt etter hannkattar. Ha ein god dag…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg