I dag skjedde det. Eg registrerte det aller første vårteiknet i fugleverda. I treet rett utafor huset vårt sat det ei skjor og baska med ein kvist som tydelegvis skal verta ein del av eit reirbyggverk. Litt tidleg med vårkjenslene i år, i alle fall gledeleg at einskilde registrerer at dagane vert lengre og ljoset vender attende. Von for andre også?
Kva har så dette med våren å gjera. Jau, torsken kjem inn til kysten for å gyta, våryr kanskje den også. Var ute i Øygarden og kjøpte nokre middagar med nyslakta torsk. Her ligg det innpå 15 kg rundfisk. Ein del av dette skal verta den årlege middagen for familien i morgon. Nykokt torsk, lever , rogn, eggesmør og raudvin. Høyres det godt ut?
Om du ikkje likar fisk har du mi medkjensle.























