Rebelsk natur


Tatt fra BT 12.02.2011.

Rebelsk natur.


 

 

 

I radio kom ei alvorleg melding;
Katastrofe i Japan.
Jorda der var i kraftig skjelving,
truga av klodens kjernevulkan.
Det vart varsla ei dommedagsbåre
som kom til å feia hus og liv av gårde.

Så kom det fram i fjernsynsruta,
skremande scener om kraft og skade.
Bylgjer av vatn som fossa og spruta,
og øydela alt med sin kanonade.
Elvar av bilar, hus og jord
båtar med vetskremde folk om bord.

Heile byar sto i brann,
levande landsskap vart lagd aude.
Bilar køyrde så fort dei vann
bort frå flammar og frå daude.
Så vart det stilt og bylgjene spakna,
no laut ein finna dei som var sakna.

Hjelpelause vitne til daude og skade,
fylte med empati og sorg,
ser  me naturens terrorkaskade,
skjønar brått at vårt liv  ?er på borg?.
Men flinke og disiplinerte Japan,
vil reisa seg att så fort dei kan.
12.03.2011.M-m.

 

Februar 2011.

 

Mamuttsal.


 

No er det nett eit mamuttsal
på tusensvis av billege bøker.
Gå i butikken og gjer ditt val
om det er kunnskap du søkjer.
Dersom du søkjer spaning og fart
finn du sikkert der og ein start.

 

No slit dei visst i politikken
rykter om det går tungt.
Vestlandsfanden let AP i stikken
sjukehussaka slit dei sund.
No vil dei visst skifta ut ein minister.
Slik gjer jamt politiske artister.

 

Men er me alltid så lette å lura?
Pakka inn gåva i nytt papir.
Er det berre å pynta om brura,
og setja på bukken eit nytt gevir.
Nei, la oss få veta kva de vil gjera
kor de vil yta, og kvar de vil skjera.

 

Så har det vorte problem med ølet
det står alt for tydeleg framme.
Skal me få slutt på fyllesølet
lyt flaskene stå bak sotglas og ramme.
Me lyt nok vaktast frå vogga til grava,
eller stendig i ølrusen rava.

Bilavgifta er alt for snill,
til den går berre halve løna.
Så no lyt GPS-en til
slik at avgiftsmengda kan møna.
Hugs at om du køyrer ein meter
veit dei det, Staten og St Peter.

 

Ekstrakontroll på vatn og rør
er det nye kravet no.
Kva gjer det om lommeboka blør,
når du kan sitja trygt på do?
Kjem det meir, undrast du vel
uvetande om byråkratiske spel.

 

Men, finn fram vona, det går mot vår.
Snart kjem både varme og sol.
Avgiftsfritt du i solskinet går,
så stur ikkje inne på din stol.
Men han kjem nok, dagen og timen
då solskin er inne i avgiftsstimen.

 

Men fins det ikkje ei einaste glede?
Jau visst, det er då VM på ski.
Norske atletar med gullgyldte kjede,
berre dei fekk sine ski til å gli.
Me vonar det beste og bryggjer ein toddy.
Kjem gullet, då vert det nok ein med brodd i.
20.02.2011.M-m.

Sjukehussaka i Sogn og Fjordane kor regjeringa ikkje ha kunna gjera greie for kor dei vil ha dei framtidige sjukehustenestene. Så har byråkratane kome med framlegg om nye avgifter på ditt og datt. Ja og så vert det iverksett nye kontrollar med byggjing og vøling av bad og våtrom.
Mars har nok også sine sider med crashlanding på månen, orsak Mongstad, og VM-gull i fleng, meir om det seinare.

Eg er for tida lite heime så det har vorte så som så med blogginga, men eg kjem sterkt attende neste veke.

Skambiten hund

Mobbing har vært tema lenge uten at noe tilsynelatende har hjulpet. Å bli utsatt for utestengelse, sjikanering og det som verre er ødelegger antakelig flere barndomsår enn vi ønsker å vite. Det er også leit å registrere at selv om mobbingen blir oppdaget vegrer men seg for å ta tak i saken. Jeg har skriblet ned noen funderinger rundt temaet.

Skambiten hund.

 

Åleine sto du på skuleplassen,

med augo fylte av spørjande frykt.

Ledd av, vart du også i klassen,

Sitjande der, åleine, fortrykt.

 

Du undrast, kva var gale med deg.

Kvifor fekk du ingen vener.

Einsam på din skuleveg,

Ein barndom slett ingen fortener.

 

Alltid halden for lått og løye,

ofte trakassert og slegen.

Mange såg, men tok det?kje nøye.

Vende seg helst den andre vegen.

 

Den vonde barndommen fylde deg.

Du vart åleine, inni deg sjølv.

Einsemda fylgde din livsens veg.

Du vart ikkje pynta med livets sølv.

 

Kva med oss andre, som såg, men tagde.

Vitne til eit barndoms forlis.

Kvar var samvitet vårt som gnagde?

Tause vitne til mobbens justis.

 

Tenk deg om, liten og stor,

Gøym det fyrste sårande ordet,

for mobbespira veks og gror.

Legg ikkje nokon på offerbordet.

14.02.2011.M-m.

Bloggproblemer. m.m.

I dag har jeg problemer med å laste opp bilder, men da får det stå til uten bilder for denne gangen.
Dette er forresten en relansering av noe jeg skrev ved oppstart av bloggen. Det er vel en søken mot en vår som lot vente på seg.

Vårlengt.

Ventar du på sol og vår.
Har du venta lenge no ?
Snart høgare oppe sola står,
og nører deg ei lita glo.

Ventar du på varme dagar
som vekkjer sjel og kropp?
Kanskje framtida seg lagar,
slik at du tinar opp.

Ventar du på ein ven,
ein som er deg kjær.
Ser du at han mot deg kjem ?
Snart så er han nær.

Ventar du på fred i sinnet,
fridd frå tunge stunder ?
Stunder som sit fast i minnet
då du mest gjekk under.

På ein ting skal du vera klår.
Ditt liv formar du sjølv.
Du haustar alltid det du sår.
Lukka kjem ikkje på ei fjøl.
09.03.2009.M-m.

Tilslutt en liten episode fra tingretten som jeg fikk av min venn Tore.

Advokaten.: Kan De beskrive dette individet ?
Vitnet….: Han var ca middels høy og hadde skjegg.
Advokaten.: Var dette en kvinne eller en mann ?
Vitnet….: GJETT !

Februarsol.


Foto.: Hasse Dahlgren/Kvasir

/* Style Definitions */
table.MsoNormalTable
{mso-style-name:”Table Normal”;
mso-tstyle-rowband-size:0;
mso-tstyle-colband-size:0;
mso-style-noshow:yes;
mso-style-priority:99;
mso-style-qformat:yes;
mso-style-parent:””;
mso-padding-alt:0in 5.4pt 0in 5.4pt;
mso-para-margin:0in;
mso-para-margin-bottom:.0001pt;
mso-pagination:widow-orphan;
font-size:11.0pt;
font-family:”Calibri”,”sans-serif”;
mso-ascii-font-family:Calibri;
mso-ascii-theme-font:minor-latin;
mso-fareast-font-family:”Times New Roman”;
mso-fareast-theme-font:minor-fareast;
mso-hansi-font-family:Calibri;
mso-hansi-theme-font:minor-latin;
mso-bidi-font-family:”Times New Roman”;
mso-bidi-theme-font:minor-bidi;}

Februarsola.


Du syt og klagar

over kaldslege uversdagar.

Anten snør det for mykje,

ellers regner det som, han tykje.

Du sit i din gode stol

og ventar på eit gløtt av sol.


Brått ein morgon du vaknar.

Kva er det no du saknar ?

Jau, regnplasket mot ruta.

Har Vårherre snudd klimaskuta?

Skal du våga sjå ut glaset,

dekkjer snøen enno  graset.


Snø og vinter er sett på vent.

Er han slutt, du er så spent.

Lit ikkje på ei februarsol,

ho er flyktig som lynol.

Ha dette klårt i ditt minne,

det er berre ei kakelinne.


Men , ute skin ei vårleg sol

og du kan forlata din gode stol.

Gå ein tur, nyt den fine dagen,

førebu din vår i hagen.

Bort med suter og klagar.

Det er helse i solfylte dagar.

11.02.2011.M-m.

Værsjuk idag !


Kilde.: pub.tv2.no

Idag er det regntjukt og skoddemørkt. Når så pumpesystemet mitt ikkje har dagen fann er ut at det kunne passa med norke ord om veret me har her vest.

Mørkeskodde.


Mørkeskodda, utriveleg og tett,

legg seg kaldt rundt deg og naturen.

Å finna vegen fram er ikkje lett,

du vert sitjande inne tung og sturen.


Mørkeskodda, tung og klam

har teke bustad inne i sinnet.

Ikkje ein tanke, ikkje eit ord kjem fram.

Alt er stengd inn i mitt minne.


Du lyt vona at det lettar,

at sola jagar mørkeskodda bort.

At  mørkret ikkje lenger hugen tettar,

Ja, då kjem dei løynde orda fort.


Då er ho der, gleda ved å skapa,

å få fram tankeflog og ord.

Du visste det, du kunne ikkje tapa

gleda bak ditt skrivebord.

25.09.2009.M-m.

Vinterstormen.

I natt kom han, og no er han over oss med full kraft, den fyrste skikkelege vinterstormen.
Då kan det kanhende høva med nokre ord om fenomenet.


Kilde..: gfx.api.no

 

/* Style Definitions */
table.MsoNormalTable
{mso-style-name:”Table Normal”;
mso-tstyle-rowband-size:0;
mso-tstyle-colband-size:0;
mso-style-noshow:yes;
mso-style-priority:99;
mso-style-qformat:yes;
mso-style-parent:””;
mso-padding-alt:0in 5.4pt 0in 5.4pt;
mso-para-margin:0in;
mso-para-margin-bottom:.0001pt;
mso-pagination:widow-orphan;
font-size:11.0pt;
font-family:”Calibri”,”sans-serif”;
mso-ascii-font-family:Calibri;
mso-ascii-theme-font:minor-latin;
mso-fareast-font-family:”Times New Roman”;
mso-fareast-theme-font:minor-fareast;
mso-hansi-font-family:Calibri;
mso-hansi-theme-font:minor-latin;
mso-bidi-font-family:”Times New Roman”;
mso-bidi-theme-font:minor-bidi;}

Vinterouvertyren.


Du høyrer han

i dag,

vinterstormen.

Det pip

og ular

kring novene.

Den tunge

havmarmen

er pauke og waldhorn

i den store

vintersymfonien.


Blåsjø og skumsprøyt

over

båar og skjær.

Vintertrillaren

har premiære.

 

Har du budd deg på

sterke scenar?

18.10.2010.M-m.

 

1. Februar 2011.


Kilde.: Halvor.Pedersen.jpg

1. Februar 2011.


Ja, no har januar fordufta

og ørlite varme er kome i lufta.

Kan me gløyma vår vinterharme,

og kjenna meir av sol og varme?

Gubben mislikar is og mørke,

men er det betre med solsvidd tørke?


Fyrste månaden unnagjort.

Mange asylantar er viste bort.

Diskusjon om innvandringspolitikken.

Løyser me litt på humanisme-strikken?

Regjeringa vår kjeftar og kranglar.

Heldt ho saman slik no det hanglar?


Ja, så kom rekninga på straumen,

høg som argaste vårflaumen.

Finansministreren gnir seg i handa,

statskassa hans er snart fylt til randa.

Mange som ville hindra monstermaster

skjøner no at ei utbygging haster.


Ja, galt var det verre, og før er det no.

Januarsalget gav meg nye sko.

Influensaen gav oss så såre halsar,

og over nyttårsløfter me valsar.

Februardagen ligg framfor oss,

men enno ei tid til våren kastar loss.

31.01.2011.M-m.

Korleis går det med dine nyttårslovnader ?

Venner


Kilde.: Venner.jpg

I dag presenterer jeg et lite dikt som Halvard, et av mine barnebarn skrev da han var 9 år. Jeg synes at det er så fint og berører kjernen i mange vennskap.

Venner.


Venner er noe alle burde ha.

Venner er noe som gjør deg blid og glad.

Venner gir omsorg og lek.

Venner kan stole på hverandre.

Venner har tro.

Venner har vennskap og glede.

Venner er noe alle burde ha.

Kjenndalstoppen 2003. Halvard A.V.

Klovnerier.

 


Kilde.: hvodovre.dk

 

Gravøren.

 


 

Som morromann er klovnen kjend.

Alle ungar likar han.

Å spela dum var hans talent,

og ungar lo så tårer rann.


Han var ein undeleg stakkar,

fillut og fargerikt kledd.

Ramla ned av stolar og krakkar,

snåva i tepper og pledd.


Hjå ungane var han svært populær.

Dei elska hans tøys og tull.

Curlinglaget vårt brukte hans klær

då dei vann sitt olympiske gull.


No har han vorte helsearbeider,

Slepp å sjonglera med ballane sine.

No er han tillagt æra og heider

som hjelpar for barnlysten kvinne.


Eg lurer på kva eg skulle meine

om kona kom heim med klovnen.

Eit kvarter var alt dei fekk åleine.

Og vips, så sto det bollar i ovnen.

20.01.2011.M-m.

 

Denne veka har det vore avisoppslag om at kvinner som gjennomgår prøverørsmetoden har større sjansar til å kunna verta gravide dersom dei får vitjing av ein klovn eit kvarters tid. Det er vitskapen som har funne det ut, så då må me tru på det. Temaet er alvårleg for dei det gjeld, men fortener eit skråblikk likevel.