Mamuttsal.
No er det nett eit mamuttsal
på tusensvis av billege bøker.
Gå i butikken og gjer ditt val
om det er kunnskap du søkjer.
Dersom du søkjer spaning og fart
finn du sikkert der og ein start.
No slit dei visst i politikken
rykter om det går tungt.
Vestlandsfanden let AP i stikken
sjukehussaka slit dei sund.
No vil dei visst skifta ut ein minister.
Slik gjer jamt politiske artister.
Men er me alltid så lette å lura?
Pakka inn gåva i nytt papir.
Er det berre å pynta om brura,
og setja på bukken eit nytt gevir.
Nei, la oss få veta kva de vil gjera
kor de vil yta, og kvar de vil skjera.
Så har det vorte problem med ølet
det står alt for tydeleg framme.
Skal me få slutt på fyllesølet
lyt flaskene stå bak sotglas og ramme.
Me lyt nok vaktast frå vogga til grava,
eller stendig i ølrusen rava.
Bilavgifta er alt for snill,
til den går berre halve løna.
Så no lyt GPS-en til
slik at avgiftsmengda kan møna.
Hugs at om du køyrer ein meter
veit dei det, Staten og St Peter.
Ekstrakontroll på vatn og rør
er det nye kravet no.
Kva gjer det om lommeboka blør,
når du kan sitja trygt på do?
Kjem det meir, undrast du vel
uvetande om byråkratiske spel.
Men, finn fram vona, det går mot vår.
Snart kjem både varme og sol.
Avgiftsfritt du i solskinet går,
så stur ikkje inne på din stol.
Men han kjem nok, dagen og timen
då solskin er inne i avgiftsstimen.
Men fins det ikkje ei einaste glede?
Jau visst, det er då VM på ski.
Norske atletar med gullgyldte kjede,
berre dei fekk sine ski til å gli.
Me vonar det beste og bryggjer ein toddy.
Kjem gullet, då vert det nok ein med brodd i.
20.02.2011.M-m.
Sjukehussaka i Sogn og Fjordane kor regjeringa ikkje ha kunna gjera greie for kor dei vil ha dei framtidige sjukehustenestene. Så har byråkratane kome med framlegg om nye avgifter på ditt og datt. Ja og så vert det iverksett nye kontrollar med byggjing og vøling av bad og våtrom.
Mars har nok også sine sider med crashlanding på månen, orsak Mongstad, og VM-gull i fleng, meir om det seinare.
Eg er for tida lite heime så det har vorte så som så med blogginga, men eg kjem sterkt attende neste veke.
Flott dikt om politiske sannheter.. Har savnet deg ja, så det var godt å se et livstegn fra deg idag. Ha en flott fredag, håper på stafettgull idag!:-)
Tenker du bobler over av funderinger nå – etter en uke uten blogging. 😀
takker for disse flotte ord. Begynte å lure på om du var på ferie uten å gi oss beskjed, eller om den nye PC’n hadde fått innbrudd.
Alt i orden skjønner jeg, og så følger du vel kanskje med på VM i disse dager, og da er ikke blogg så viktig. Ha en fin fredag.
Godt skrevet 🙂
Kjempefint dikt som vanlig fra deg!:) Det var kjempekoselig å se livstegn fra deg på bloggen din!:) Ønsker deg en kjempefin fredag, og god helg!:)
Dette likte jeg godt! ( Som vanlig) Hadde alle nyheter blitt presentert på den måten her så hadde det ikke vært noen sak!:o)
Så bra…
Siv Svanem.:Jeg pleier å fundere litt ved hvert månedsskifte – så kanskje kommer det noen ord neste måned også.
Emmieverlasting:Ja, du ver, den politiske og byråkratiske hverdag kommer stadig med nye og gode poenger.
Toril:Takk. Jeg har bare vært i Øygarden på en liten “vinterferie”.
sisselfish:Takk. Du vet hverdagen gir mange gode poenger og ideer.
mojita:Takk for god tilbakemelding. Fraværet skyldes kune en ukes pensjonistferie uten nettkontakt. VM-kommentarer kan kanskje komme senere.
Gro:Ja, det skal ikke bli greitt å være byråkrat eller politiker i tiden framover. Haha.
ernashus:Joda, I am still going.. Det ble da både stafettgull og mere til!